Ikkje på slump

aug 11, 2017 | Aktuelt

Aktiv familie: Med fire aktive jenter må logistikken fungere både i heimen og i fjøset. Når bladet gjekk i trykken, var familien delt mellom fotballcup i Danmark og i Lyngdal. I traktoren: Kajsa (øvst), Emma og Oda. F.v.: Inger Lise, Thea og Ole Austbø.

Ein jamn grovfôrmiks, ei velferdsavdeling, separat sinkuavdeling og eit godt kalvestell, er faktorane Ole Austbø ser som viktige for å lukkast i fjøset.

Liv Kristin Sola, Bondevennen

Då Inger Lise og Ole overtok heimegarden til Ole 1. juli 2006, overtok dei eit tradisjonelt bruk med 120 tonn mjølk i båsfjøs, 80 vinterfôra sau og 600 dekar jord, der 120 dekar var fulldyrka og 300 dekar var beite.

Frå tomat til sau

Tidlegare generasjonar dyrka tomat i veksthuset på garden.
– Ikkje aktuelt for oss, seier Ole.
I staden såg bonden eit høve til å bygge sauehus på den eksisterande ringmuren. Glasveggane vart bytta ut med lysplater. Glastaket vart bytta ut med nye takåsar og stålplater med kondensbelegg. Grunnmur, reisverk og sperr, er frå veksthuset. Jordgolvet vart trilla ut og nytta til å betre arronderinga på andre jordlappar.
– Det vart mykje arbeid, konstaterer Ole, og er glad han var nokre år yngre då han tok fatt på prosjektet.
Bygget på 75 x 10 meter har drivgang bak bingane og eitt breitt fôrbrett. Innreiinga er planlagd slik at det skal vera effektivt å handtere og gruppere sauene. Kvar binge er utstyrt med drikkenippel, som sikrar reint vatn til sauene, og sparer mykje tid for bonden. Buskapen er på 240 vinterfôra sau.
– Bygget har plass til fleire, men under lemminga vert det trongt nok.

Produserer Klosterlam

Ole er medlem i vereringen, og nyttar i tillegg semin på rundt åtti søyer. I starten av august vert alle sauer og lam henta heim, og lamma vert vegne. Søyer og livlam vert klipt og slopne på beite. Slaktelam vert sortert etter vekt. Resultatet er 1,3 slakta lam per søye, resten er påsett.
– I veke 33 sender me første pulje av i alt 110 lam som skal slaktast som den lokale merkevaren, Klosterlam. Lamma vert plukka ut etter vekt og hald, fortel bonden.

Bygde opp buskap og produksjon

– Planen var heile tida at me skulle bygge robotfjøs. For å kome dit, ville eg auke fôrgrunnlaget, besetninga og produksjonen først, for å ha eit produksjonsapparat tilpassa størrelsen på eit nytt fjøs, seier Ole.
Han kjøpte tilleggsjord og nitti tonn kvote. I 2012 vart talet på mjølke­båsar utvida frå 26 til 32, og Ole leidde meir jord og kvote. For å få plass til kvigene, sette han opp eit tilbygg i enden av sauehuset med liggeplass tilpassa tjue vaksne kyr. I dag vert bygget nytta både til sinkyr og drektige kviger.
I 2015 starta utgraving til nytt fjøs, som var klar til innflytting i mars i fjor. Same året leidde han meir jord og beite, og auka mjølkekvoten med 130 tonn.

Godt samarbeid med Tine

Ole skryt av samarbeid med avlsrådgivar Svein Egil Skartveit i Tine, gjennom mange år. Rådgivaren var ein erfaren sparringpart under planlegginga av fjøset og oppbygging av buskap og produksjon. Etter kvart vart også fôringsrådgivar, Anja Våg Skjold, ein del av teamet.
– Eg høyrer på råd, men tek mine eigne val, seier Ole, som trivst med rådgivarar som har klare meiningar og gir tydelege råd.
Dei var nøkterne i planlegginga. Første året kalkulerte dei med same yting som i båsfjøset. Ingen hadde tru på at mjølkekvota skulle fyllast første året. Då året var omme, hadde Ole levert 10.000 liter over kvote og ytinga auka med 1500-2000 liter per ku.

Moderne drift og tradisjonell beiting: Garden ligg midt i det særprega kulturlandskapet på Rennesøy.

Over all forventning

Han fortel om yting opp mot 42 liter per ku per dag. I dag viser skjermen 38,6 liter, på 223 laktasjonsdagar.
– Det går svina godt. Kyrne har hatt eit produksjonspotensial som eg ikkje klarte å utnytta i båsfjøset, men som har slått til i det nye fjøset, seier ein nøgd bonde.
– Presset vart nok litt for stort i båsfjøset. Når ei ku kalva måtte eg gjelde av ei anna for å få plass, legg han flirande til.
Bonden innrømmer at han vert trigga av høg avdrått. Han opplever det som eit resultat av eit langsiktig avlsarbeid, stabil fôring og god logistikk i fjøset. Spesielt nemner han avlsarbeidet.
– At kvigene presterer er spesielt kjekt. Dei er avlsframgangen i buskapen.

Balansere kapasiteten

For å nytte kapasiteten til dyra og fjøset, har Ole leidd meir kvote og kan levera om lag 500.000 liter i 2018. Leigeprisane har auka sidan sist han leidde kvote, i 2015. Han vurderte om det var ei klok avgjerd.
– Men om eg ventar og gamblar på at prisane skal droppe, oppnår eg berre at tida går utan at eg får nytta produksjonsapparatet og buskapen min, seier Ole.
Dei gamle bygningane var for gode til ikkje å nyttast. Difor valde dei å bygge fjøs berre til mjølkekyr og småkalvane. Lausdrifta har 57 liggebåsar i produksjonsavdelinga og åtte båsar i velferdsavdelinga.
– Eg har ikkje planar om å fylle opp fjøset. Ti prosent ledig kapasitet har eg forstått er optimalt.

Lang smal sal: Eit ombygd veksthus vart 75 x 10 meter sauehus. Ei avdeling med plass til 20 storfe ligg i enden av sauefjøset. Totalt 93 meter langt fôrbrett, og ei enkel fôring med utrulling av rundballar.

Viktig å førebygge

Oksekalvane vert selde når dei har passert elleve veker og er over 120 kilo. Holstein-trekket på 700 kroner vert balansert mot eit tillegg på 700 kroner for å levere elitekalv.
Kalvane får åtte liter mjølk fordelt på to gonger tildeling per dag. Første målet får dei fire liter råmjølk.
– Eg testar alltid råmjølka, og frys ned mjølk av god kvalitet dersom eg har noko til overs.
Etter fem til seks dagar i enkeltboksar og fersk mjølk, vert kalvane flytta i grupper på fire til sju kalvar. Her får dei fri tilgang til kraftfôr, Formel Kalv Appetitt, og pulvermjølk frå automat. Automaten justerer sjølv mjølkemengda til kvar kalv, frå innsett til avvenning når kalvane er åtte veker.
– Ein knakande dyr automat, men eg har ikkje trega eit sekund på investeringa, seier bonden.
God fôring og friske kalvar viser att på tilveksten. Ole har prøvd ulike typar mjølkepulver, og landa på Blueprint.
– Litt dyrt, men den har ei samansetting som fungerer godt for kalvane mine, seier Ole.
Etter tre til fire månadar, vert kalvane flytta til bingar i båsfjøset.

Gira av avlsframgang

Dei siste åra har bonden avla seg over frå NRF til Holstein.
– Det går godt, både med brunst og inseminering, og med kalvingane, seier bonden, og viser til eit tal på 1,3 kalvar per årsku.
Han prøver med kjønnsseparert sæd på alle kvigene, men nyttar vanleg sæd til kyrne.
– Men at kyrne fungerer i fjøset er viktigare enn stamtavle og avlsverdi.
Kvar tredje månad går Ole gjennom buskapen i lag med rådgivaren. Dei vurdere kvotefylling, planlegg utrangering og eventuelt sal av livdyr. Dei siste 12 månadane har Ole seld femten kyr. Han innrømmer gjerne at han er freista til å prøve alle kvigene i eiga besetning, men livdyrmarknad har vore bra, og sal av livdyr gir eit godt tilskot til økonomien.

Ope fjøs: Fjøset er 57 x 16 meter og har plass til 65 kyr pluss småkalvane. Romslege areal og minst mogleg betong gir god oversikt.

Miljøskifte gir god avsining

Sinkyr og drektige kviger vert flytta til avdelinga ved sauehuset.
– Svakare fôring, nytt miljø og nye dyr gir signal om endring, seier bonden.
Kyrne får mineralbolus ved avsining. For å finne ut kor mykje mineraler dyra treng, tok dei blodprøvar frå kyr i tidleg-, midt- og seinlaktasjon, samt eldre kviger og sinkyr.
– God mineraldekning er viktig for god helse, trur bonden, og ser det i samanheng med redusert risiko for mjølkefeber og andre problem rundt kalving, seier Ole.
Bonden opplever sjeldan kyr med akutt jurbetennelse, men handterer celletal annleis i robotfjøset.
– Kyr med høgt celletal får oftare tilgang til mjølking og vert behandla i samband med avsining. Om ei ku har ein problemspene, kan eg sette den vekk.

Stabil fôring

Alt grovfôret vert pressa i rundball, 1200-1300 rundballar i året. Ein 19 m3 stasjonær fullfôrmiksar med to sniglar, miksar dei tre slåttane og sørgjer for ei jamn fôring gjennom vinteren. Tre tonn grovfôr vert blanda kvar andre dag, og mata ut ti gonger i døgnet, med bandfôring over eit smalt fôrbrett. Fôrresepten er to rundballar av første slått, ein av andre og ein av tredje slått. I tillegg til tre kilo FK Roesuper per ku per dag.
– Roesuper stabiliserer magane og dryger ut grovfôret, seier Ole, som er akkurat i balanse med kor mykje fôr han klarer å produsere på eige areal.
For å hindre varmgang, vert blandinga tilsett propionsyre. Planen er å justere tørrstoffprosenten ved å tilsette vatn. Prøvar av den ferdige miksen er analysert for å finne rette kraftfôrslag og mengde kraftfôr. Med to kraftfôrtankar til mjølkekyrne, kombinerer dei Formel Premium 80 og Formel Energi 80, både i stasjonane og i roboten. To kraftfôrstasjonar i fjøset gir god kapasitet.

Effektivt å strø: Med ein drill plassert i behaldaren, som er festa i ei skulderreim, er det lettvint å strø båsane. Ole nyttar eit spesialstrø som ekspanderer og er svært effektivt mot fukt.

Velferd i eiga avdeling

Før kalving, og rundt fem dagar etter kalving, er kyrne i velferdsavdelinga. Her har dei god plass, gummilagde spalter, og tilgang til roboten. Avdelinga har ingen kraftfôrstasjon, men både kyr og kviger får tilgang til kraftfôr i mjølkeroboten før kalving.
– Fôringa har eg overlate til Anja. Ho har full kontroll. Sjølv hadde eg gitt litt meir kraftfôr før kalving, og ei sterkare opptrapping, men eg trur nok at strategien til Anja fungerer vel så godt, innrømmer Ole, og viser til gode produksjonsresultat og flate laktasjonskurver.

Heilheita viktigast

Han valde kaldfjøs med tre meter høge veggar, opne heilt ned til bakkenivå, og klimastyrt vindduk. Eit nett hindrar invasjon av fuglar når veggane står opne. Ingen kip i taket, berre lysplate. Lyset vert styrt automatisk.
– Med så store opne flater går lufta tvers gjennom bygget og ein får ingen skorsteinseffekt. Ein kip vil ikkje fungere som tenkt, seier bonden, og er nøgd med å spare dei pengane.
Ole meiner at kaldfjøs fungerer godt på Vestlandet, men medgir at kostnad også var ein viktig faktor.
– Eg får problem i kalde periodar, det er eg klar over. Eg må berre prøve å minske problemet, seier bonden, som ennå ikkje har blitt utfordra på nettopp dette.

Detaljane: Søylane er løfta og veggane er tre meter høge, med opning over heile flata. Høgda gir god plass til fôringsbeltet over det smale fôrbrettet. Hellande skråfront langs heile fôrbrettet.

Mykje nytte i god planlegging

Bonden på Rennesøy er ikkje av dei som handlar først og tenker etterpå.
– Eg planla godt og lenge, reiste for å sjå ulike løysingar og lærte av andre sine erfaringar, før eg fann ut kva som var rett for meg, seier han.
Ole er oppteken av å nytte det han har av ressursar på ein effektiv måte. Samstundes er det viktig med fleksible løysingar slik at husdyrromma kan nyttast litt etter behov. Neste steg vert å oppgradere båsfjøset, men han tek ein ting om gongen.
– Eg vil ha mål, og eg vil ha ein plan for korleis eg kan nå måla mine, seier Ole.
Korleis lukkast?
– Ole lukkast blant anna fordi han var enormt bevisst på å bygge buskap før han bygde fjøs, seier Svein Egil Skartveit.
God kapasitet i fjøset og på roboten, lite tap av kalv, overskot av livdyr slik at han kan selje i staden for å kjøpe dyr, er alle faktorar som betyr mykje for økonomien i drifta. Rådgivaren understrekar at god planlegging av dyreflyt, leveranse og jamn flyt på kalvingar dannar grunnlag for god drift.
– Drifta vert ikkje styrt at tilfeldigheitar, men etter ein bevisst plan, seier Skartveit.

Fire systrer: Berre få år skil dei fire jentene på garden. F.v. Thea (15) og Oda (11) og tvillingane Emma og Kajsa (13).