Jærsk teknologi: TKS-sjefen, Tønnes Helge Kverneland t.h. forklarar den nye Innovasjon Norge-sjefen, Håkon Haugli, korleis ein K2 CombiCutter er bygd opp.

Innovasjon Norge vil effektivisere organisasjonen. Dei lovar smidigare sakshandsaming og ser føre seg at Rogaland skal vera i front innan landbruksteknologisatsing.

Sjur Håland

Førre veke var den nye administrerande direktøren i Innovasjon Norge, Håkon Haugli, på bli kjent-tur i Rogaland. Hjå reiskapsprodusenten TKS på Kverneland fekk Haugli og resten av følgjet sjå og høyra korleis bønder og reiskapsindustri samhandlar for å utvikla gode løysingar. Det handlar, i følgje TKS sine folk, om smarte og bærekraftige løysingar som tek omsyn til energiforbruk, fôrsvinn, produksjonseffektivitet og dyrehelse. TKS har tett kontakt med Innovason Norge for å få midlar til å driva sine utviklingsprosjekt innan smarte grovfôrhandteringsløysingar.

– Men der me oftast møter Innovasjon Norge, er indirekte gjennom kundane våre som søkjer midlar for å finansiera farbar veg for framtida på gardane deira, seier administrerande direktør i TKS, Tønnes Helge Kverneland.

Framtidsretta landbruk

Kundane til TKS er både dei små og mellomstore bruka i distrikta, og dei store industribruka på Jæren og i andre sentrale strok. I det siste har TKS mellom anna levert avansert fôringsutstyr til det nye forsøksfjøset til Felleskjøpet på Klepp, og til eit flytande utstillingsfjøs i Nederland.

– Nå har me formidla erfaringar korleis det er å manøvrera gjennom jungelen av ordningar når nye prosjekt skal finansierast. Målet er å finna betre og enklare måtar å bygga eit framtidsretta Landbruks-Norge, seier Kverneland.

Håkon Haugli starta i Innovasjon Norge i mai i år. No skal juristen, eks-politikaren og den tidlegare næringslivsleiaren gjera seg kjent med landbruket sine utfordringar.

– Korleis vil Innovasjon Norge prioritera i landbruket i Rogaland?

– Det er eit stort spørsmål. Landbruksoppdraget er ein integrert del av det me gjer på andre område. Det handlar om å rigga Norge for framtida. Vi trur at kunnskap og teknologi kring matproduksjon, på havet og på land, kan vera blant dei nisjane Norge kan leva av framover. Her handlar det ikkje berre om råvarer, men også om å selja kompetanse og teknologi.

Tydelegare i Rogaland

Rogaland har nokre naturgitte føremoner, i følgje Haugli.

– Det gjer at satsinga i dette fylket kanskje vil vera tydelegare enn andre delar av landet.

Også Kari Holmefjord Vervik, som er direktør i Innovasjon Norge i Rogaland, ser føre seg eit Rogaland som pilotfylke.

– Det er gjerne i dette fylket utfordringane dukkar opp først. Me har til dømes utfordringar kring spreieareal sidan me er så store på produksjon. Eg trur det er viktig å vri tankar kring utfordringar og nye krav til heller å tenkja at Rogaland nasjonalt og internasjonalt skal gå i front med både landbruksteknologi og småskalaproduksjon, seier ho.

Innovasjon Norge tenkjer stort. Haugli ser føre seg eit Norge som fungerer som eit laboratorium for nye løysingar.

– Og Rogaland kan ha den rolla i enda større grad enn resten av landet, på grunn av utfordringane og moglegheitene som ligg her.

Små og store

Ja, takk, begge deler, er svaret når Innovasjon Norge blir spurt om dei satsar på små eller store bruk.

– Me treng begge kategoriane. Dei store kan gå føre og trekkje opp på teknologiutviklinga, seier Haugli.

Innovasjon Norge-sjefen held fram at han ikkje er ein ekspert på smart landbruk.

– Men under dette besøket, og gjennom samtalar med dei tilsette i Rogaland, har eg lært om den sentrale rolla Rogaland har når det gjeld utviklinga landbruket i Norge. Så har eg lært om forskingsprosjekta til TKS og kva dei gjer. Dette syner potensialet Norge har for å ta posisjonar innafor smart jordbruksproduksjon.

Jungel før ørken

Å bli betre er målet for den nye Innovasjon Norge-leiaren.

– Då treng me innspel. Diskusjonen her har vore god i så måte. Innovasjon Norge har eit forbetringspotensial. Det betyr mellom anna at me må bli meir transparente.

Ordet jungel knytt til Innovasjon Norge og virkemiddelapparatet elles, vart trekt fram fleire gonger i diskusjonen.

– Litt flåsete kan ein seia at om noko skal veksa, er det betre med ein jungel enn ein ørken. Men for all del, me skal rydda opp og forenkla, seier Haugli.

Stikkord denne saka: