Klimakalkulatoren vart lansert hausten 2020. Først ut var mjølkeku, gris og korn. No er det sauen sin tur. Stadig nye krav og stadig meir papirarbeid, eller rettare sagt, meir skjermtid, tenker du kanskje. Ja, det kan hende. Ingen produksjonar går under klimaradaren. Det er det heller ingen grunn til.

Landbruket har som kjent ein avtale med staten om eit konkret klimakutt innan 2030. Næringa har altså ikkje meir enn tida og vegen for å nå måla sine. Kva som blir konsekvensen dersom bøndene ikkje kjem i mål, det tør me knapt diskutere. Du kan velje å stritte imot, eller du kan snu på flisa og finne ut kva klimakalkulatoren kan gjere for deg.

Faktiske tal: Først og fremst kan det å registrere seg og hente inn data i klimakalkulatoren ha ein klimaeffekt i seg sjølv. Dagens tal for utslepp er nemleg ikkje faktiske tal, men berekna verdiar. Og det er mykje som tyder på at utsleppa faktisk er lågare enn berekna.
Altså, om alle bønder kartla utsleppa sine, kan det hende landbruket er på god veg i sine kutt, sjølv før det blir gjort tiltak.

Betre enn … deg sjølv: Når du har gitt ditt samtykke, hentar programmet inn data frå ulike databasar og får ei oversikt over utslepp i drifta di. For å ta sau: Er du med i sauekontrollen er jobben enkel. Er du ikkje, må du legge inn eigne tal. Her er ingen best i klassen. For om du driv maskinstasjon vil du aldri kunne konkurrere med naboen, som leiger inn alt jordarbeidet. Og driv du økologisk, kan du ikkje seinke skuldrane og tru du er i mål. Poenget er at du konkurrerer med, og skal bli betre enn deg sjølv, og ingen andre.

Eit steg om gongen: Når du er registrert og får fram tala dine, kan du i lag med rådgivar, sette opp ein plan for kva tiltak du kan gjere på ditt bruk. Kva type tiltak og kor mange, er opp til deg å bestemme. Kjem du i mål med eitt eller fleire tiltak er du på rett veg. Og så er det jo slik, at når du veit kor du står, kan du sette deg mål. Og når du måla dine er det ikkje berre bra for klima, du blir ein betre bonde, ein betre agronom. Og det er faktisk god butikk.

Du kan også velje å vere passiv, fram til 2030, og sjå kva som skjer.

Lukke til med jobben!

Liv Kristin Sola