Kjem til våren: Boka «Du er bonde» blir lansert i slutten av april. Foto: Samlaget

Til våren kjem boka «Du er bonde». Litteraturfestivalen Jorddøgn inviterer deg til å vere med på lesesirkel og samtale med forfattaren.

Jane Brit Sande

Litteraturfestivalen Jorddøgn gjekk av stabelen for første gong i fjor haust, og er planlagt på nytt kommande haust. Festivalen, som tek føre seg litteratur og andre kulturuttrykk i skjeringspunktet mellom jord, natur og menneske, ønskjer no å involvera fleire av dei som faktisk arbeider med jorda.

– Difor arrangerer me lesesirkel for bønder, seier festivalsjef Peter Strassegger.

– Me håpar bønder vil vere med å diskutera ei bok om bønder.

Festivalsjefen saknar bonden som ein del av kulturen.

– Før var bonden ein viktig kulturberar i landet. Jorddøgn meiner at bonden og forvaltaren av kulturlandskapet har ein sjølvsagt plass i kulturen. Gjennom festivalen vil me gi bonden ein stad å løfte si viktige stemme i samfunnet, seier Strassegger.

Jæren

Lesesirkelen skal lese boka «Du er bonde », av Kristin Auestad Danielsen. Den blir lansert på «Vårsleppet», programsleppet for Jorddøgn, på Bryne i slutten av april.

Om boka skriv forlaget Samlaget:

«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.

To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt – ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren.

«Du er bonde» er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.

Inviterer til lesesirkel: – Litteraturen kan vera ein stad også å finna trøyst, samhald, visjonar og mot, seier Peter Strassegger, sjef for litteraturfestivalen Jorddøgn. Foto: Henriette Framnes Time

Samtale med forfattaren

Dei som deltek på lesesirkelen blir også inviterte til ein samtale om boka saman med forfattar Kristin Auestad Danielsen, under haustens Jorddøgn.

– Der møtest me for å snakka om boka, og korleis ein sjølv les historia. Det er ein ganske open samtale. Det skal ikkje vere skummelt, og ein treng på ingen måte vere veldig belest for å vere med, seier Strassegger.

– Eit anna alternativ er at forfattaren les opp sekvensar frå boka, som me diskuterer i fellesskap.

Boka blir også tilgjengeleg som lydbok.

– Slik kan bonden lettare kombinera boka og gardsarbeidet, seier Strassegger.

Landbruket er for tida prega av krise og raude tal i rekneskapen. Festivalsjefen trur at litteraturen kan vere eit godt verktøy i ei slik tid.

– Det er lurt å stoppa opp, ta eit steg tilbake og tenka over kvifor ein gjer som ein gjer, og korleis ein vil at livet og kvardagen skal sjå ut. Litteraturen kan vera ein stad å finna trøyst, samhald, visjonar og mot, seier Strassegger.

Vil du vera med på lesesirkelen?

Send e-post til kontakt@jorddogn.no, eller ta kontakt på melding på Facebook.com/jorddogn eller Instagram @jorddogn_litteraturfestival

Stikkord denne saka: