Fôrhausting: Fleire doningar som denne blir garantert å sjå når Varhaug Bondelag demonstrerer siloslått på gamlemåten 18. juni. Har du høveleg traktor og reiskap å stilla med, vil gjerne Varhaug Bondelag at du tar kontakt. Foto frå Bondevennen sitt arkiv.

Unge jærbuar har aldri sett ein fôrhaustar i aksjon. Det vil Varhaug Bondelag gjera noko med i sommar.

Sjur Håland

Driftige jærbuar parkerer finsnittarar, lessevogner og rundballepresser og pussar støvet av veterantraktoren og den gamle fôrhaustaren. Laurdag 18. juni blir det nostalgisk slåttefest på Varhaug. Arrangør for «Siloslått på gamlemåten» er Varhaug Bondelag, medan Serigstad, som framleis produserer fôrhaustarar, står for dømming og premiering.

– Me vil rett og slett visa fram til publikum det store spekteret av traktorar, fôrhaustarar og tilhengarar som gjennom mange tiår sytte for at graset kom velberga i hus, seier leiar i Varhaug Bondelag, Håkon Varhaug.

Har blitt sjeldan

Frå 1960 til eit godt stykke inn på 2000-talet var fôrhaustaren standard grashausteutstyr på Jæren og elles i landet. Men no er han langt sjeldnare å sjå i bruk. Varhaug peikar på at dei unge på Jæren aldri har køyrd med fôrhaustar og at dei knapt nok har sett ein slik maskin i drift. I sommar kan dei sjå den grøne stråla av grønt gras koma opp frå rotoren gjennom stryta og ut under klaffen, og dei kan kjenna lukta av direkteslått gras og dieseleksos frå tungt slitande veterantraktorar.

– For dei unge blir det ei ny oppleving, medan me som er litt eldre, får oppleva litt gild nostalgi. Det handlar om å syna gamle hausteteknikkar samstundes som me heidrar dei legendariske reiskapsprodusentane som Serigstad, Underhaug, Moi og Foss Eik.

Håkon Varhaug

25 ekvipasjar

Så har du ein traktor som er 1985 modell eller eldre saman med ein fôrhaustar, gammal eller ny, er det berre å melda seg på, i følgje Varhaug. Kjelva på Varhaug- garden har plass til 25 ekvipasjar. Logistikken blir viktig. Planen er at alle skal hausta samstundes i ei lang kolonne.

– Me vil gjerne ha med deltakarar frå heile fylket, det er berre å ta kontakt og melda seg på så snart som råd. Fôrhaustaren treng ikkje vera Serigstad. Alle fabrikkantar er velkomne, seier Varhaug.

Han fortel at påmeldingane har byrja å koma inn, men at det er plass til mange fleire.

– I dag var det ein bonde med ein venstremontert Serigstad fôrhaustar med rattstyring som melde seg på.

Mat høyrer med

Samdrifta deira, Varhaug DA, blir representert gjennom sjåføren Sivert Varhaug, som skal fôrhausta med ein Serigstad 134 montert på ein Massey Ferguson 185, med ei Underhaug-vogn på dragkroken.
Det er ikkje krav til alder eller modell på verken fôrhaustarane eller tilhengaren/ avlessarvogna.

– Kom med det du har, og skulle du ha kombinasjonen fôrhaustar og Vossakasso, hadde det vore heilt eineståande, seier han.

Dei som ikkje kan stilla med fôrhaustar og traktor, er velkomne til å sjå farkostane i aksjon. Programmet er ikkje ferdig finsnikra, men tryggleiken for både publikum og deltakarar vil bli godt i vareteke. Håkon Varhaug lovar ein matbit til både deltakarar og publikum.

– God mat høyrer jo med til slåtten, seier han.

Stikkord denne saka: