Barn og unge blir meir kjent med dyr og landbruk under Gøy på landet. Foto Åge Avedal

Barn og unge blir meir kjent med dyr og landbruk under Gøy på landet.
Foto Åge Avedal

Mange små og store arrangement er på trappene når 4H inviterer til “Gøy på landet” landet rundt i september.
 
Pressemelding, 4H-gard
 
Vil du kose med kalven, snakke med sauen eller grynte med grisen? Då må du besøke Gøy på landet på ein 4H-gard denne hausten. Meir enn 25 gardar landet rundt opnar opp garden sin til ein morosam og lærerik dag for små og store.

Lære ved å gjere

Gøy på landet er eit landsomfattande arrangement, der målet er å vise fram landbruket gjennom ein spennande dag på garden. Det er 4H Norge som står bak arrangementet, som vart gjennomført for første gong i fjor. Ideen kom frå Gøy på landet-arrangementet på Hove leir ved Arendal, som dette året blir arrangert av 4H Aust-Agder for 30. gong.

I fjor vart det skipa til 19 lokale arrangement. I år er meir enn 25 4H-gardar i landet klare til å ta imot besøkande til ein aktiv dag på garden. Dei fleste av Gøy på landet-arrangementa går av stabelen i september månad, men nokre gardar har allereie tjuvstarta, dei siste helgane i august.

– For mange er dette første møtet med norsk landbruk. Folk er veldig positive, spesielt sidan mange av aktivitetane er nært knytt til 4H sin filosofi om å «lære ved å gjere», fortel Astrid Lindstad, styreleiar i 4H-gard Norge, eit nettverk med rundt 50 besøksgardar landet rundt.

Viser fram landbruket

Astrid Lindstad driv til dagen Hauger gård i Asker, og gler seg til å arrangere Gøy på landet første søndag i september.

– Dei som besøker oss får mellom anna helse på dyra, hoppe i halmen, gå natursti og lage eigen pizza i bakaromn. Vi har eit tett samarbeid med den lokale 4H-klubben, og får mykje hjelp av medlemene der. Arrangementet vårt er bilfritt, så her kjem dei besøkande på sykkel eller til fots. Det pleier å vere ein veldig fin dag.

Siri Myhre, leiar i 4H Norge, meiner Gøy på landet er ein god måte å vise fram både 4H og dei mange moglegheitene som finst innan naturbruksnæringane.

– Gøy på landet gir born og unge høve til å bli kjent med grunnleggande verdiar knytt til landbruk og naturbruk i lokalsamfunnet sitt.

Tusenvis av besøkande

På Hove leir på Tromøya ved Arendal er også arrangørane i 4H Aust-Agder, klare til storinnrykk, søndag 18. september. Mellom 1500 og 5000 pleier å besøke arrangementet, som dette året feirar 30 år.

– Vi er stolt av 30 år med Gøy på landet, og set veldig stor pris på at 4H-gardar over heile landet har tatt etter oss med eit så viktig arrangement, fortel Jonas Berlin, organisasjonsrådgjevar i 4H Aust-Agder, og legg til:

– Dei besøkande får møte dyra og ri på hest. Dei kan snekre fuglekassar, sjå motorsag- og økseshow, handle på gardsutsal og besøke vikingleiren. I år er vi ekstra fornøgd med å kunne invitere 120 flyktningar til gratis arrangement og mat. Dette er eit stort familiearrangement som er stadig like populært.

Fleire tusen besøker Gøy på landet på Hove leir i Aust-Agder årleg. Her frå arrangementet i 2015.

Fleire tusen besøker Gøy på landet på Hove leir i Aust-Agder årleg. Her frå arrangementet i 2015.