Endeleg skal førebuingane til Potetfestivalen på Jæren sparkast i gong, og til det trengs det mange hjelpande hender.

Jane Brit Sande

Dei kjem bussande til frå fleire banehagar i Klepp og Time kommune. Nærare 300 av årets femåringar er klare til dyst.
– Heeei! Du har bart, utbryt ein av gutane. Det er Arne Vagle, rådgjevaren med den flotte barten i NLR Rogaland, han snakkar til.
Det er 19. gong Norsk landbruksrådgivning Rogaland og Potetfestivalen inviterer barnehagar til potetsetting. Potetfestivalen går av stabelen første helga i oktober, og då skal barna hausta godane etter potetene dei setter i dag.
– Me må gå over fòrene etterpå, barna blir veldig ivrige og settepotetene står litt for tett til at det kan bli poteter å henta til hausten, seier Vagle.
– Litt ekstra arbeid for oss, men dette er ein kjekk dag for både små og store. Me vil læra barna kvar potetene kjem frå, og håpar at dei har gode minner med seg vidare.

(Saka held fram under bileta.)

Passa på: Mathea og Arn er djupt konsentrert. Dei passar på at dei ikkje trør på potetene som allereie er sett.

God avstand: Tord høyrte godt etter då dei fekk instruks. Her passar han på at det er riktig avstand mellom potetene.

Matpakke og Pottvald

Ungane frå Tu Barnehage i Klepp kommune vrimlar frå kassen med settepoteter bort til fòrene. Dei følgde nøye med då dei fekk instruks; ikkje trø på potetene, ein fot mellom kvar potet. Med hjelp av dei vaksne, går dette ganske godt. Etter arbeidsøkta er det ekstra godt med matpakke.
– Potetene kjem opp til hausten, kan dei fortelje mellom brødskiver med brunost og ei halv banan i handa.
– Bakt potet er best!
Og det er alt dei rekk fortelje før Pottvald, maskoten til Potetfestivalen, får all merksemda.

19. gong: Det er på ingen måte første gongen potetfestivalgeneral Christian Stabel (t.v) og NLR-rådgjevar Arne Vagle tek i mot hundrevis at potetklare barn på potetjordet. Det er 19. gong dei får hjelp av lokale barnehagebarn.

Maskotbesøk: Pottvald er Potetfestivalens eigen maskot, og kom sjølvsagt på besøk. Han blei møtt av både skepsis og iver.