På tinget: Ståle Hustoft, fylkesleiar i Rogaland Bondelag, var til stades i stortingsgalleriet då dei folkevalde debatterte opptrappingsplan og inntekstmål i jordbruket 18.april. Dei gjorde ikkje jobben sin, konkluderer han.<br />
Foto: Privat<br />

På tinget: Ståle Hustoft, fylkesleiar i Rogaland Bondelag, var til stades i stortingsgalleriet då dei folkevalde debatterte opptrappingsplan og inntekstmål i jordbruket 18.april. Dei gjorde ikkje jobben sin, konkluderer han. Foto: Privat

 

YTRING:

Jordbruksforhandlingane: Frå ord til pengar

22. april 2024 | Aktuelt

Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.

Det er nå den politiske viljen skal gjerast om til pengar på konto og meir norsk mat i butikken, skriv fylkesleiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft.

Norsk landbruk har nådd ein milepåle. Stortinget har vedteke å trappa opp norsk sjølvforsyning til 50 prosent. Eit ambisiøst og naudsynt mål i ei meir uroleg verd.

Det var ei mektig oppleving å fylgja markeringa på Eidsvolls plass og debatten frå galleriet i Stortinget torsdag 18.april. Gjennom veggene ljoma ropa frå demonstrantane utanfor, medan me hadde augekontakt med stortingsrepresentantane på talarstolen. Politikarane me har hatt tett kontakt med i denne saka kjende heilt klårt på alvoret.

Likevel klarte dei ikkje å gjera jobben sin. Gjennom politiske dragkampar, ultimatum og elendig politisk handverk, klarte stortingsfleirtalet å stemma ned eit forslag om tetting av inntektsgap innan 2027. Eit forslag det er politisk fleirtal for.

Bonden og forbrukaren er taparen når ikkje det landbruksvenlege fleirtalet i Stortinget klarer å samla seg om fleirtalsvedtak.

«Bonden og forbrukaren er taparen når ikkje det landbruksvenlege fleirtalet i Stortinget klarer å samla seg om fleirtalsvedtak.»

Ståle Hustoft

Bråk om prinsipp

Stortingsmeldinga om Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket fekk lunken mottaking då Regjeringa la den fram 8. mars. Det til tross for at det er mykje bra i meldinga. At sjølvforsyninga skal aukast og at inntekt er den viktigaste faktoren for å oppnå det, bør gje arbeidslyst for både bønder og faglag på veg inn i jordbruksforhandlingane.

Å samanlikna inntektsnivået til sjølvstendig næringsdrivande bønder med lønsnivået til arbeidstakarar, er i utgangspunktet ei umogleg oppgåve. Ein arbeidstakar er underlagt arbeidsgjevar sin styringsrett og arbeidslivets mange plikter og rettar. Bonden styrer sine eigne investeringar og arbeidsdagar, men er samstundes avhengig og avgrensa av ein gjennomregulert landbrukspolitikk.

Prinsippa som skal leggjast til grunn for samanlikninga har skapt mykje uro, både på Stortinget og i landbruket. Sjølv om  Stortinget har vedteke kor mange arbeidstimar som skal reknast i eit årsverk, og regjeringa og partane legg stortingsmeldinga til grunn for korleis budsjettnemnda skal verdsetja den eigenkapitalen bonden investerer i arbeidsplassen sin, er det framleis den enkelte bonde som må verdsetja eige arbeid og eigenkapital.

«Nå må me (…) ta på oss rolla som sjølvstendig næringsdrivande bedriftsleiarar.»

Ståle Hustoft

Bønder er bedriftsleiarar

På nøyaktig same måte som før milepålen 18. april 2024, vil landbruket sin produksjonsvilje og -evne også i framtida vera avhengig av økonomiske vilkår. Dei politikarane som vil satsa på norsk matproduksjon, og auka denne til 50 prosent, må visa dette gjennom jordbruksforhandlingar og gjennom å sikra konkurransekrafta til norsk matproduksjon.

Gjennom arbeidet med opptrappingsplan og talgrunnlag har fokuset vore på lønsmottakarar. Det bekymrar meg at mange argumenterer som om bønder var tilsette med løn. Nå må me rista av oss den identiteten, og ta på oss rolla som sjølvstendig næringsdrivande bedriftsleiarar.

Hald fram taktskiftet

Om politikarane lukkast i sitt arbeid, ser me i oppfyllinga av dei landbrukspolitiske måla. Vert det meir eller mindre busetnad i distrikta? Bidrar landbruket til nok beredskap? Aukar matproduksjonen slik at ein oppnår målet om 50 prosent sjølvforsyning? Akkurat nå er svaret «nei» på alle tre spørsmåla, noko som må bety at regjeringa sitt taktskifte i satsinga på norsk matproduksjon må halda fram og styrkast.

«Regjeringa sitt taktskifte i satsinga på norsk matproduksjon må halda fram og styrkast.»

Ståle Hustoft

Eit nytt talgrunnlag og eit opptrappingsvedtak gir ikkje kroner på bonden sin konto, men representerer ei målsetjing og eit sett spelereglar me kan ta med inn i jordbruksforhandlingane.

Det er nå den politiske viljen skal gjerast om til pengar på konto og meir norsk mat i butikken.

Bønder i byen: Bonden og forbrukaren er taparen når ikkje det landbruksvenlege fleirtalet i Stortinget klarer å samla seg om fleirtalsvedtak, skriv Ståle Hustoft. Foto: Privat

Bønder i byen: Bonden og forbrukaren er taparen når ikkje det landbruksvenlege fleirtalet i Stortinget klarer å samla seg om fleirtalsvedtak, skriv Ståle Hustoft. Foto: Oddvar Vignes/Bondelaget