Terje og Elin trivast godt saman på garden. – Skal eg sjå noko til han, så må eg vere med litt, fleiper Elin.

Terje og Elin trivast godt saman på garden. – Skal eg sjå noko til han, så må eg vere med litt, fleiper Elin.

Terje starta drive garden så snart han var ferdig med grunnskulen. No kan han vise til tre tiår som bonde og matprodusent.

Jane Brit Sande

I år det jubileum i Evje og Hornnes, Aust-Agder. Terje Birkeland har vore mjølkebonde på garden i 30 år. Sidan 1986, då Terje var ferdig med ungdomsskulen, har han drifta heimegarden. Sjølv om Terje ikkje var eldst i flokken på fire, var det ingen tvil om at det var han som skulle drive garden.
– Det var dette eg ville, eg hadde ingen andre planar, minnest han.
Men brørne er fortsatt i gardstunet med jamne mellomrom, då Terje har gitt dei rom til både motormekking og ved.
– Dei er stadig heimom alle tre, det er mykje liv på garden.
Fire slaktegriser var allereie kjøpt inn då Terje starta drive garden. Grisane var finansiert av konfirmasjonspengane.
– Garden her var eit bureisingsbruk, og far starta dyrkinga her mot slutten av 1970-talet. Han hadde litt sau og ungdyr, men starta ikkje med mjølk før eg var blitt 16 år, fortel Terje.
Tenåringen var sikker i sin sak, han ville driva heimegarden. Tilbodet om å gå i lære for å bli snekker takka han nei til, og han har ikkje angra sidan.
– Eg traff hylla i livet, seier han.
Saman med sambuaren Elin Fjellheim, driv han no gard med mjølkeproduksjon, ammekyr, og produksjon av Kvalitetskalv.

(Saka held fram under biletet)

Fjøset er bygd på i fleire omgangar, og Terje fortel låven vart bygd då han var 12 år. Sidan kom sauehuset, som vart ombygd til å huse kalvane, og seinare eit romsleg mjølkerom

Fjøset er bygd på i fleire omgangar, og Terje fortel låven vart bygd då han var 12 år. Sidan kom sauehuset, som vart ombygd til å huse kalvane, og seinare eit romsleg mjølkerom

Bygge, bygge, bygge

Bygningane på garden er tilpassa drifta i fleire omgangar. Første etappe var utbygging av mjølkefjøset. Terje fekk ei solid auking i plass i fjøset, då dåverande 10 mjølkebåsar vart utvida til 24. I 2001 bygde han om sauehuset slik at det er betre tilpassa for å huse kalvane. I 2012/2013 vart mjølkerommet utvida, og Terje fekk satt inn både skinnebane og større mjølketank.
– Eg har òg bygd reiskapshuset, det har eg gjort undervegs, fortel Terje.
Oppi det heile bygde Terje eigen bustad. Frå byggestart til innflytting gjekk det om lag tre år. Men det stopper ikkje her.
– Då eg kjøpte nabogarden, fulgte det med ein bustad. Den er eg i gang med å restaurera, eg skifta tak for nokre år sidan og eg har skifta kledning og vindauge. Eg likar godt å tumle med mange ting på ein gong, fortel Terje.

(Saka held fram under biletet)

Terje deler dei mjølkekyrne inn i to puljar; den eine beiter ute på dagtid, medan den andre på natta. Terje gjer det han kan for å utnytta mjølkeplassane og beitesesongen maksimalt.

Terje deler dei mjølkekyrne inn i to puljar; den eine beiter ute på dagtid, medan den andre på natta. Terje gjer det han kan for å utnytta mjølkeplassane og beitesesongen maksimalt.

Forandringar gjennom tida

Tidene i landbruket forandrar seg stadig, og Evje er ikkje eit unntak. Terje minnest då han først starta. Den gong var dei 30 mjølkeprodusentar i kommunen. No er dei seks.
– Det tek seg opp i landbruket her i kommunen no, særleg på sau og ammeku. Det er kjekt å sjå. Men det er trist når me ser at neste generasjon på garden vil, men ikkje slepp til, seier Terje.
Trass i at dei er færre mjølkeprodusentar, er det ikkje nedgangen i talet på liter mjølk i kommune like stor. Men Terje synst utviklinga går fort.
– Det største aberet er at det er fleire og fleire bønder som må køyre langt for å hente grovfôret. Det er ikkje så ille her i Evje, det kan vere litt kniving bøndene i mellom, men fleire stader sitter bønder og byr over kvarandre for jorda.

(Saka held fram under biletet)

Dei største kalvane bakarst i biletet vart senda på slaktebilen berre nokre dagar etter Bondevennen var på besøk. Det gamle sauehuset gjer nytten som kalvefjøs.

Dei største kalvane bakarst i biletet vart senda på slaktebilen berre nokre dagar etter Bondevennen var på besøk. Det gamle sauehuset gjer nytten som kalvefjøs.

Rikeleg med grovfôr

Garden vart utvida då Terje kjøpte nabogarden av eit familiemedlem. Garden han kjøpte var i si tid hovudbruket. På den garden hadde det ikkje vore husdyr sidan 1960-talet, men der er mykje dyrka jord. På garden hadde dei drive med korn og poteter, og no nyttar Terje arealet til grovfôrproduksjon. Grovfôrarealet har utvida seg betrakteleg, og no måler det 360 daa fulldyrka. Beitearealet måler om lag 20 daa.
– Eg har eit prosjekt gåande på å dyrka litt meir beite, seier Terje.
Bakgrunnen for dette, er at han har planar om å auka på med ammekyr. I dag har dei litt hereford, men Elin og Terje vil ha ein tyngre rase, og vurderer limousin.
– Det attraktivt med dei ekstra kronene på kiloet, kommenterer dei.
– Men eg må nok bygge litt igjen, seier Terje, utan at det verker som han tar akkurat dét så tungt.
– Og så må me over til lausdrift òg etter kvart, så eg har litt forskjellege planar.
Ammekyr og livkviger er ute på beite heile året. Elin og Terje har eit godt beite like ved fjøset. Om vinteren er dette beitet justert frå 40 daa til om lag 15 daa.– Neste byggetrinn på garden er å bygge slik at desse dyra slepp vere ute på vinteren, seier Terje.
Mjølkekyrne går ute på eit dyrka beite. Terje deler kyrne inn i to grupper; den eine er ute på dagen, medan den andre er ute på natta. Bakgrunnen for dette er at dei vil utnytta både plassen i fjøset og på beitet så godt som mogleg.

(Saka held fram under biletet)

Skogsbeitet er like ved fjøset, og måler om lag 40 daa. Dyra veit godt kva det betyr når det kjem ei bøtte.

Skogsbeitet er like ved fjøset, og måler om lag 40 daa. Dyra veit godt kva det betyr når det kjem ei bøtte.

Tøff dame

Elin kom til gards for knappe tre månadar sidan. Dei har vore kjærestar i nokre år allereie, og no er ho endeleg fastbuande.
– Du får få Elin til å fortelje, svarer Terje til spørsmål om korleis dei møttest.
Og Elin smiler og fortel ho ville ha ein «deit» utanom det vanlege.
– Eg sendte han ein SMS med tid og stad, og håpa han ville stille opp, fortel ho.
Stad for møtet var ikkje ein klam kafé med kvar sin kaffikopp. Langt der i frå. Ho ville treffe han på toppen av Fennefoss, knapt 500 m.o.h, ein tur på om lag to timar.
– Eg hadde ikkje peiling på kven eg skulle treffe, seier Terje, medan Elin smiler lurt.
Terje stilla opp, og resten er historie.

Kvalitetskalv

I tillegg til eigne kalvar, kjøper Terje kalvar frå eit knippe nabobønder, og leverer om lag 50 kalvar til slakt kvart år. Han produserer og leverer med avtale om Kvalitetskalv til Nortura. Kvalitetskalv er ein spesialproduksjon med krav om slakteklasse, alder og vekt. Dette kjøtet blir marknadsført som Gourmet Kalv i butikkane. Kalvane til Terje er om lag sju månadar gamle når dei blir sende til slakt.
– Eg skal ha fem-seks liter råmjølk i kalvane så fort som mogleg, seinast i løpet av dei første seks til sju timane, og dei må suge sjølv. Kalvane får mjølk til dei er eit par månadar gamle, svarer Terje, på kva han meiner er viktig for å få sunne og friske kalvar.
– Eg har alltid råmjølk i fryseboksen, slik at eg aldri blir ståande utan nok råmjølk til kalven dei første dagane. Eg deler med naboar om dei treng det, og siste nye er at eg har kjøpt utstyr for å måle næringsinnhaldet på råmjølka. Det blir spanande å sjå korleis det fungerer, fortel han.
Terje synast rutinane han har fungerer godt, men meiner det alltid er noko som kan bli betre.
– Det er det som er det mest interessante med dyr, ein blir liksom aldri utlært.
– Men så er du så flink, skryt Elin.
– Jo, eg prøver jo, svarar Terje.
Det er kalving heile året hjå Elin og Terje, det er om og gjere å få gjennom mest mogleg mjølk på kvar mjølkebås. Kalvane han kjøper er blitt 100 kg når dei kjem til Birkeland gard.
– Når dei er blitt så store, er dei ferdige med mjølka. Det er flinke bønder eg kjøper kalvar av, skryt Terje.

Uvanleg slåtteår

Eit vanleg år byr på to slåttar, og på den beste enga kan Terje hauste inn ein tredje slått. I år såg ut til å vere eit slikt år, då avlingane så langt, då me var på besøk i starten av august, hadde vore av den gode sorten.
– Men vêret har vore uvanleg ustabilt i år, kommenterer Terje.
– Ja, her om dagen satt han ved kjøkkenbordet og sukka meir enn normalt, erter Elin.
– Ja, men kvar gong eg trudde det var klart til å starte, kom det regn, svarar han, og innrømmer at han blir «litt småstressa» av regnet, med tanke på slåtten.
Tydeleg uvanleg med slike tilstander hjå bøndene i Evje, men Terje smilar for det; han får fôret i hus i år òg.
– Eg har ein del sandjord, og vanlegvis pleier eg vatne denne jorda. I år har ikkje det vore nødvendig, samanliknar Terje.
Maskinane står klar for ei slåtteøkt så snart Bondevennens utsending reiser frå garden. Terje fortel han har eigen maskinpark, men òg litt samarbeid med andre bønder.
– Men det er ikkje om og gjere med maskinane. Eg har kjøpt litt og litt, og det er ti år sidan eg kjøpte ny traktor no, seier han.

Bjørn, far til Terje, syslar med både det eine og det andre. Her er på veg for å sjekke bikubane.

Bjørn, far til Terje, syslar med både det eine og det andre. Her er på veg for å sjekke bikubane.

Denne reportasjen var på trykk i Bondevennen 33/34 – 26. august.
Bondevennen kjem ut 40 gonger i året. Ikkje abonnent? Trykk her.