John Skaar budde på garden Skåro heile livet. (foto: Tor Sivertstøl)

Jon Skaar budde på garden Skåro heile livet.
(foto: Tor Sivertstøl)

– Jon Skaar feira julehøgtida i einsemd, fortalde Oddgeir Bruaset med kjend røyst frå boka «Jul».

Jofrid Åsland

«Julaftan er den tristaste dagen i året. Då strøymer alle minna og saknet på. Eg legg meg tidleg, så eg får det overstått.» Slik siterer Oddgeir Bruaset bonden, Jon Skaar.
Bruaset fortalde historier frå ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu” under eit landbruksmøte på Bryne vidaregåande skule. 178 menneske møtte for å høyre. Time og Klepp Bondelag stod for arrangementet, saman med Jæren Sparebank.
Bruaset viste fram vakre bilete og fortalde slik at ein nesten opplevde å vere med på reisene. Forfattaren skildra mellom anna ein kunnskapsrik gamal mann med langt hår og endå lengre skjegg. Jon Skaar budde på garden Skåro, der einaste framkomstmiddel var helikopter vinterstid. Bruaset vitja Jon Skaar trettande dag jul.
«Her var inga julestjerne, inga juleglede og ingen annan julepynt heller. Det einaste som kunne minne om at det framleis var jul i landet, var ein raud ulltråd som hekk ned frå ei lampe over kjøkenbordet, og som hadde eit raudt papirhjarte i enden.
«Dette var noko desse folkehøgskuleelvane kom med då dei var her på sitt tradisjonelle førjulsbesøk,» sa han, då han såg at vi såg.» Det skriv Bruaset i eit av kapitla i boka « Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu.»
Lesaren møter ein mann som gifta seg med garden sin. Det lengste Jon Skaar var heimefrå var ein tur til Bergen.

John Skaar budde her på garden Skåro heile livet. (Foto: Tor Sivertstøl)

Jon Skaar budde her på garden Skåro heile livet.
(Foto: Tor Sivertstøl)

Den siste og beste jula

Anne-Marie Brekke, møtte Jon Skaar første gong heime i si eiga stove gjennom TV-skjermen og eit program av serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det var noko ved denne mannen som gjorde at ho ikkje fekk han ut av tankane. Etter kvart tok ho mot til seg og ringde den fasinerande mannen. Det blei fleire telefonsamtalar, og Anne-Marie besøkte Jon Skaar to gonger før han døyde, 88 år gamal. Eine gongen ho besøkte han var i julehøgtida, og dei to feira jul saman.
«Og då kvelden kom, då lukta av ribbe og medister fylte kjøkenet og dei sette seg ved bordet med nystroken duk og fylte glas, då det blafra av levande lys overalt, då blenkte det i gamle auge igjen. Men denne gongen var det ikkje einsemd som pressa tårene fram, men takksemd og glede», skriv Bruaset i boka.
Planen var at dei to vennene skulle møtast att 17. mai, men 16. mai 2013 anda Jon Skaar ut. Ho kom, og dei møttest – i kyrkja, på gravferdsdagen.
–Vi fekk ta eit fint farvel med han. Det fall mange gode ord. Han var verdsett», skriv Bruaset.
Han avslutta innlegget under landbruksmøtet på Bryne med ei betraktning av dei som vel å bu langt frå folk, åleine på ein gard.
– Dei vert kanskje kalla bygdetullingar, men kanskje er det dei som er dei luraste av oss, sa forfattaren.
Han viste til korleis menneska han har møtt på si ferd held fram den indre roa og bandet til naturen.
– Kan hende er det desse menneska som har funne nøkkelen til livslukka, tenk på det.

Oddgeir Bruaset har forfatta boka «Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Oddgeir Bruaset har forfatta boka «Jul der
ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Untitled-1