Mikal Hetland

Mikal Hetland, Fister i Hjelmeland kommune, begynte med juletredyrking i 1996. Nå har han 300 dekar i produksjon.

Lenge var normannsedelgran den viktigaste sorten. Nå satsar han meir på fjelledelgran.
– Det er dette som er eksportvare, fortel Mikal, og viser fram eit supereksemplar av fjelledelgran.
Dei siste åra har juletredyrkaren igjen merka ein gryande etterspørsel etter norsk gran, sjølv om edelgrana fullstendig dominerer marknaden.
– Me dyrkar ikkje juletre på dyrka mark, fortel Mikal, som saman med kona Kristine, også har ein stor husdyrproduksjon, med mjølkeproduksjon, gris og sau.
Juletrea blir dyrka på tidlegare skogsmark, deler av arealet er overflatedyrka og det er opparbeidd veier inn i juletreområda.

Plantasjedrift av juletre var ein ny produksjon i Norge på 19990-talet. I dag har dyrkarane kompetanse i verdsklasse, ikkje minst på grunn av eit nært samarbeid med juletrelandet Danmark. Dyrkarane i Rogaland og Hordaland har skipa ein eigen salsorganisasjon. Dei sel juletre til heile Norge og eksporterer også til utlandet. Mikal ser eit stort eksportpotensiale om dei lukkast i å laga ein kvalitetsproduksjon av fjelledelgran.

Les meir om juletredyrkaren frå Fister i ein seinare utgåve av Bondevennen.

Sjå video fra Mikal’s juletre

 

Stikkord denne saka: