• Torsdag kveld var fleire av kalvane og eigarane deira allereie på plass på Dyrskuplassen. Dei hadde god tid og plass til å vaska og stella dyra sine etter den lange transporten.

 

Ein festdag for både folk og fe

Liv Kristin Sola

25 forventningsfulle barn, kledd i sin finaste stas. 25 kalvar, vaska og klippa. Foreldre og besteforeldre på sidelinja. Sol og varme. Alt låg til rette for ein flott dag på Dyrsku’n på opningsdagen.

Barna vart delt i to klassar, 10 år og yngre og 11 år og eldre. Kalvane var godt trena og dei fleste oppførte seg eksemplarisk i ringen. Enkelte var nok litt prega av varmen og var ikkje så villige til å gå, noko som ga ei utfordring for mønstrarane.

Vanskeleg å skilja

– Det er viktig å følge med på dommaren, stille kalven i åpen posisjon, aller helst gå bakover når du leiger kalven. Ikkje gløym å smila til dommaren, oppmoda Anna Kirstine Aarsland, som var dommar i begge kalvemønstringsklassane.

Dommaren fekk ei vanskeleg oppgåve, men ho merka seg enkelte barn som hadde eit ekstra godt lag med kalven, og som i tillegg hadde kontroll på dommaren sine signalar.

Amalie og Anine

Blant dei yngste, var det 6 år gamle Eirik Bergland Mælandsmo som kom på ein flott 3. plass. Storesøster Kristin på 9 år kom på ei sterk 2. plass. Dei to hadde trent mykje og hadde god kontakt med kalvane sine.

10 år gamle Amalie Dyvik og kalven Anine, vart til slutt kåra som vinnarar av klassa, og Anine vart pynta med sløyfe som eit minne om dagen.

Heidi og Tone

Blant dei eldste mønstrarane vart deltakarane utfordra til å bytta kalvar. Eit bytte som viser om deltakarane kan handtera andre kalvar, som var meir eller mindre trena, eller sløva av varmen.

Dommaren fekk med seg dei små detaljane, og kåra Liv Moen Dalviken, frå Heddal, og kalven Minni på ein 3. plass, og Malin Regine Fotland Øglænd frå Time, og kalven Klara på ein 2. plass.

Heilt til topps gjekk Heidi Skårland frå Time, og kalven Tone. Tone vart pynta med sløyfe. Dei tre jentene på dei første plassane er alle 11 år gamle.

Stikkord denne saka: , ,