Varhaughallen: I underkant av 500 bønder var til stades på Varhaugmøtet. Situasjonen for pelsdyrbøndene overskygga det førehandsplanlagde tema om landbrukskonflikt med naturmangfald og kulturminne.
Varhaugmøtet stadfesta at norske pelsdyrbønder ikkje gravlegg stridsøksa. Dei varslar full omkamp om næringa sin eksistens i tida framover. Dale trur kampen alt er avgjort og vil utreda grunnlaget for kompensasjonar i løpet av 2018.

Sjur Håland, Bondevennen

– Me har ikkje kome til Varhaug for å planlegga vår eiga gravferd.

Dei malmtunge alvorsorda frå den prega leiaren av Norges Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem, fall i god jord på parketten blant nær 500 husdyrbønder i Varhaughallen i går kveld.

Mollstemt

Varhaugmøtet skulle handla om vern av biologisk artsmangfald , verneproblematikk og gamle gravrøyser. I staden vart det etter kvart tradisjonelle stormøtet eit mollstemt møte mellom bøndene og statsråd Jon Georg Dale. Kjenslene var sterke hjå dei som tok ordet i debatten.

– Stoltheita vår har fått ein knekk. Utfasinga av pelsdyrnæringa er eit angrep mot landbruket og alt me står for, og det er ein trugsel mot distriktslandbruket, sa Skadsem.

Pelsdyrbonden synte til eit gryande politikaropprør frå politikarar i Høgre og Framstegspartiet mot eiga regjering. Han takka landbruket for varm støtte gjennom dei siste turbulente vekene etter 10. januar, og forsikra Landbruks- og matministeren om at pelsdyrnæringa ikkje har planar om å leggja til sides stridsøksa.

– Dette står om liv og framtid for meir 200 pelsdyrbønder og deira familiar, me har ingen tankar om å avslutta kampen for næringa si framtid. Lagnaden er det Stortinget som til sjuande og sist skal avgjera. Me skal stå løpet gjennom, skulder ved skulder saman med resten av landbruket og kjempa mot trugselen frå regjeringa, sa han.

Var rett då

Jon Georg Dale forklarte i sitt hovudinnlegg om stortingsmeldinga frå 2017, som sikra fleirtal for fortsatt pelsproduksjon i Norge.

– Eg veit kva eg sa i fjor. Eg meinte at det var rett, men såg at det politiske grunnlaget var svakt. Etter den tid har det vore eit val, med forhandlingar med Venstre som har ført til ei ny regjering og ei ny regjeringsplattform, signert på Jeløya. Punktet om utfasing av pelsdyrnæringa kan gjerne sjåast på som Framstegspartiet sitt største tap, men no blir min jobb å styra prosessen trygt fram til første januar 2025. Lett for meg å seia, men krevjande for dykk, det er eg klar over, sa han

Det blir blant pelsdyrbøndene og deira allierte  leita med lys og lykter for moglegheiter til å snu ein proposisjon på veg til Stortinget om avvikling. Proposisjonen ser ut til å få solid politisk fleirtal. Dale har lita tru på at den politiske prosessen kan stoppast.

– Eg trur ikkje det er mogleg.

 

Gjeldande stortingsvedtak: Norges Bondelag vil arbeide saman med pelsdyrnæringa for å behalda det gjeldande stortingsvedtaket om pelsdyrnæringa, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, som kritiserer Solberg-regjeringa for pelsdyrsaltomortalen. 
Kompensasjonsavklaring i 2018

Framover arbeider Landbruks- og matdepartementet med proposisjonen,  det juridiske grunnlaget for avvikling saman med utforming av kompensasjonsordninga.

– Eg kan ikkje skissera kor stor denne kompensasjonsordninga blir, men me jobbar mot ei avklaring innan utgangen av 2018.

Leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes var oppteken av næringslivet, inkludert landbruket, sitt behov for ein føreseieleg politikk.

Vil behalde 2017-vedtaket

– Me fekk eit vedtak om pelsdyrnæringa for 12 månadar sidan. No er det full snuoperasjon. Etter Solberg-regjeringa sin saltomortale er mitt spørsmål; kor er langsiktigheita?

Bondelagsleiaren heldt fram at landbruket er rista over endringa som tek inntektsgrunnlaget frå drygt 200 familiar.

– Norges Bondelag vil jobba for å behalda stortingsvedtaket frå 2017 som framleis står ved lag, lova han.

Tar halve inntekta

Den unge bonden Vegard Kvalbein bygde hus for pelsdyr på garden Kvalbein i Hå i 2012. Året etter tok han over garden og resten av drifta.

– I 2017 fekk me beskjed om at det var berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa som galdt. Me investerte vidare på det grunnlaget i blant anna kvotekjøp og ombygging til mjølkerobot. Så blir verdien av pelsdyrdrifta, fem millionar kroner, strøke ut over natta. Du tar halve inntekta som eg treng for å halda garden, Dale. Korleis har de tenkt å erstatta dette?

Skammeleg

Også Nikolai Valheim driv med pelsdyr sør i Hå.

– Det er skammeleg at fleire politikarar snur seg frå eigne, og sine parti sine, tidlegare standpunkt. Eg er skuffa. Me opplever sorg, frustrasjon og utfordringar kring psykisk helse. Eg undrar på om Dale veit korleis dette kjennest. Korleis skal me greia å omstilla oss om sju år, med dagens marknadssituasjon på andre husdyrslag? Me har langtidsavtale med banken som skal oppfyllast. Eg vil tilrå ministeren å skifta batteri i kalkulatoren, for denne næringa er ikkje på billegsal.

Slepp å gå frå garden

Dei politiske realitetane er at endringar kan koma tett, erfarer statsråden.

– Venstre har kome inn i regjeringa og det har kosta for Frp og Høgre. Eg ser at slaget er tapt, men respekterer dykk for kampviljen, sa Dale.

På nærare spørsmål om kompensasjonane sa han følgjande:

– Me har fått anslag som det blir arbeidd vidare med og som blir lagt til grunn for vidare kartlegging av behova. Kompensasjonane skal bli slik at folk slepp å gå frå gard og grunn.

Avklaring: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på Varhaugmøtet. Han ventar å levera ei avklaring kring kompensasjonane i kjølvatnet av pelsdyravviklinga innan utgangen av året.   

 

Må slutta: – Me lytta på rådet frå dåverande statsråd Listhaug om å få avklart dei politiske ramane før me gav full gass. Avklaringa kom og me gav gass. Tolv månadar seinare kom beskjeden om at me må slutta. No må me rådgje kollegar som fortvilar over framtida, sa ein svært skuffa leiar i Rogaland og Hordaland Pelsdyralslag, Jan Ove Horpestad.