HØYR!

Kan erstatta soya med kjøtbeinmjøl

Foto: FKRA

Dette mjølet er høgverdig protein som skulle hatt ein heilt annan bruk enn i dag

– Hadde politikarane opna for bruk av kjøtbeinmjøl, kunne proteinimporten blitt halvert, meiner administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder, Per Harald Vabø.

Sjur Håland

Amazonas brenn. Det har på nytt sett fyr på debatten kring den årlege soyaimporten på 160.000 tonn til bruk i norske kraftfôrblandingar. Vabø forsvarer importen, men peikar på kjøtbeinmøl som ein proteinkjeldeerstattar med stort potensiale. Han trur dokumentaren for ei tid sidan, som avslørte at kasserte høns vart brukt som brenselenergi i sementproduksjon, var ein vekkjar i opinionen.

– Skal me ta ord som sirkulærenergi, berekraft og ressursbruk på alvor, meiner eg at det er eit paradoks at politikarane ikkje er meir opptekne av å nytta denne ressursen på langt betre måtar enn no, seier Vabø.

Forbodet mot bruk av kjøtbeinmjøl i kraftfôrproduksjonen, kom i kjølvatnet av ein skandale i England på 1990-talet. Utbrot av kugalskap skreiv seg frå kjøtbeinmjøl frå storfe som ikkje vart føreskriftsmessig varmebehandla. I dag blir kjøtbeinmjølet i hovudsak nytta til gjødsel – og til brensel i sementindustrien. Dei kasserte hønene skulle heller, i følgje Vabø, gått til kjøtbeinmjøl og inn i fôret til svin. Tilsvarande skulle slakterestar frå svin, gått inn i fôrblandingane til fjørfe.

– Dette mjølet er høgverdig protein som skulle hatt ein heilt annan bruk enn i dag. Styresmaktene bør på banen. Det er dei som kan gjera dei naudsynte endringane i lovverket.

– Kan Felleskjøpet halda fram med å importera soya frå Brasil?

– Svaret er ja. Men importen inneber at me framleis stiller krav til dei me handlar med.

Kravet, som har vore gjeldande frå 1996, er at soyaen skal vera GMO-fri, og at han ikkje skal dyrkast på fortrengt regnskogareal.

– Det at norske og internasjonale aktørar stiller tydelege krav til Brasil, gjer det tvingande naudsynt for dei å ha ein ansvarleg produksjon, understrekar Vabø.

– Kan Felleskjøpet og kundane stola på sertifiseringa som følgjer med soyaen?

– Absolutt. Me veit kven me handlar med, og er sjølv til stades i Brasil og sertifiserer og følgjer opp. Våre handelspartnerar kjenner oss og våre haldningar. Regnskogbrannane og den politiske uroa i Brasil, som heile verda nå er opptekne av, skal også me i Felleskjøpet adressera ei tydeleg uro over.