På laboratoriet: Sveinn Gudmundsson, Veterinærinstituttet, Geir Pollestad, Senterpartiet, Jorun Jarp, Veterinærinstituttet, og Tone Runhild O. Skadsem, Rogaland Veterinærforening, har alle sterke meiningar om korleis framtida til Veterinærinstituttet i Sandnes bør sjå ut.

Budsjettsprekk ved Veterinærinstituttet skapar trøbbel for regionskontoret på Sandes.

Jane Brit Sande

Nyleg vart det kjent at Veterinærinstituttet har bestemt seg for å redusere talet på regionale einingar for å få budsjettet til å gå i hop. Auke i pensjonskostnadar, og særleg flyttinga frå Adamstuen til Ås, blir trekt fram som hovudgrunnen. Veterinærinstituttet må kutta totalt 20 millionar kroner. Det er regionskontora i Sandnes, Trondheim og Tromsø som blir råka. 140 tilsette er varsla om oppseiing. 20-25 mistar stillingane sine.

Fryktar manglande diagnostikk

Ved Veterinærinstituttet på Høyland i Sandnes vil laboratoriet bli råka. Obduksjonsverksemda vil halde fram som før, men prøvane vil bli sende til Ås. Nytt og høgteknologisk utstyr skal stå klart til å gi korrekt diagnostikk. Det vil også bli utført fleire obduksjonar ute i felt. Dei nye rutinane møter kritikk frå fagfolk. Tone Runhild O. Skadsem, leiar i Rogaland Veterinærforening, fryktar for diagnostikken.

Les også: Styrk Veterinærinstituttet

– Obduksjon ute i felt kan vere svært vanskeleg, det er stor forskjell på ku og kylling. Veterinærane vil få dårlege arbeidsforhold, og vil ha problem med å få tatt naudsynte prøvar. Det er heller ikkje realistisk å sende prøvar, slik det no blir lagt opp til.

Skadsem er også uroa for den varsla prisauken på obduksjonstenestane, og seier det har vore ein nedgang i talet på kadaver som kjem til instituttet, etter førre prisauke.

Sveinn Gudmundsson, spesialistveterinær ved Veterinærinstituttet, er redd for at dårlegare diagnostikkarbeid vil føra til auka antibiotikabruk.

– Overforbruk av antibiotika skjer på grunn av mangel på diagnostikk, seier han.

Byggjer ned beredskap

Geir Pollestad (Sp), leiar i næringskomiteen, er kritisk, og meiner Veterinærinstituttet sine tiltak vil bygga ned beredskapen. Kort tid etter at situasjonen vart kjend, kalla han inn til møte hjå Veterinærinstituttet i Sandnes.

– Eg er uroa for dyrehelsa, både her i Rogaland og nasjonalt. Dette er ille. Her på Høyland er det etablert eit breitt, samansett miljø. Det handlar ikkje berre om åtte tilsette på laboratoriet som mistar jobben, og det handlar ikkje berre om bøndene i regionen. Dette bør engasjere folk flest. Dyrehelsa i Norge er ein styrke, seier han.

Jorun Jarp, beredskaps- og sikkerhetsdirektør hjå Veterinærinstuttet, omtalar situasjonen som krevjande.

– Instituttet er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, der me har jobba over lang tid for å få budsjettet i balanse. Det har vist seg at det ikkje er mogleg å få til, forklarar ho.

Jarp forsikrar om at den regionale aktiviteten skal oppretthaldast, men at laboratoriet på Ås vil få ein sentral rolle.

Uroa for felles fagmiljø

På Høyland er Veterinærinstituttet samlokalisert med Veterinærhøgskulen/NMBU og det biomedisinske forskingssenteret SEARCH.

–Det akademiske fagmiljøet er allereie sårbart, og vil svekkast alvorleg. Me ynskjer ei reversering, seier Marianne Oropeza-Moe, førsteamanuensis ved NMBU, og ein av initiativtakarane til SEARCH.

Jon Tore Refve, leiar i Bore Bondelag, er forundra over nedbygginga av tenesta.

– Veterinærinstituttet i Sandnes er plassert midt i det området med høgast dyretettleik i landet. Me i Bondelaget er overraska over flyttinga av tenestane, seier han.

– Viss ein bonde er i tvil om kvifor dyr har døydd, vil tenesta her på Høyland kunne gi eit raskt svar. Bonden kan dermed vere tidleg ute med eventuelle naudsynte tiltak for å hindre spreiing både i besetninga, og til andre besetningar i nærleiken, seier Refve.

Nasjonalt senter

Etter eit møte mellom landbruksminister Olaug Bollestad og leiinga ved Veterinærinstituttet i førre veke, kom det fram at Veterinærinstituttet i Sandnes skal bli eit nasjonalt kompetansesenter for beredskap og besetningsdiagnostikk for dyrehelse og – velferd. Nett kva dette inneber, er førebels ukjent.