BN+

Har nok: Felleskjøpet Rogaland Agder har det dei treng for å serva kundane med mineralgjødsel for inneverande sesong. Trass i høge prisar oppmodar NLR på Agder til optimal gjødsling for å sikra proteinrik avling til produksjonsdyra.


Mineralgjødsla er rekorddyr og det er ingen utsikt til prisnedgang. – Kjøp mineralgjødsla du treng for komande vekstsesongen nå, er rådet frå NLR Agder.


Sjur Håland


– I utgangspunktet var det venta at lågare gassetterspørsel og ei lysare årstid skulle føra prisane på mineralgjødsel ned utover sommaren, men det var før krigen, seier Svein Lysestøl.


Han er rådgivar grovfôr hjå NLR Agder og kjent for å følgja godt med på det som skjer innan gjødselmarknaden. Korleis det endar opp med tilgang og prisar er det ingen som kan føreseia, etter det russiske militære åtaket på Ukraina 24. februar. Prisauken på enkelte gjødselslag er, i følgje Felleskjøpet Rogaland Agder, opp 250 prosent sidan i fjor sommar. NLR skreiv i Bondevennen førre veke at nitrogenrike gjødselslag som NS 27-4 har hatt ein prisauke på 133 prosent siste året, medan Fullgjødsel er opp 60 prosent.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,