Erfaren leiarduo: Anders Felde t.v. er mjølkebonde frå Breim i Nordfjord. Han har leia Sogn og Fjordane bondelag sidan 2015. Peder Nernæs frå Kvam i Hardanger driv også med mjølk. Han har leia Hordaland bondelag sidan mars 2019. No er dei leiar og nestleiar i det nyskipa Vestland bondelag. Foto: Vestland bondelag.

Anders Felde og Peder Nernæs fekk stor støtte frå lokallaga då dei vart valde som leiar og nestleiar av nye Vestland Bondelag. Som takk for tilliten skal dei snakke høgt og tydeleg om auka inntekt, investeringsmidlar og kanaliseringspolitikk.

Liv Kristin Sola

Torsdag 12. november gjekk over i historia som dagen då Vestland bondelag vart skipa, og fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane vart historie. Like historisk er det at Anders Felde, frå Breim i Nordfjord, og Peder Nernæs, frå Kvam i Hardanger, vart valde til fylkeslaget sin første leiar og nestleiar.

Meir makt

Vestland bondelag får rundt 7200 medlemmar. Ein medlemsmasse som blir god å ha i ryggen når det skal kjempast for vestlandslandbruket sine vilkår både i eige fylke og innad i bondelaget.

– Samanslåinga gir oss ei større kjøtvekt og gjennomslagskraft. Det skal me bruke i favør av vestlandsbonden og distriktslandbruket, seier fylkesleiaren til Bondevennen.

Også nestleiaren meiner vestlandsbonden står betre rusta når dei står samla og snakkar med ei felles røyst. Han peikar på at dei to tidlegare vestlandsfylka har mange fleire fellestrekk enn skilnadar.

– Felles for begge regionane er at me har enkelte sterke område kor det er investert og satsa. Men over heile Vestland finn me bygder og område kor det er utfordringar med spreidd areal og små kvotar og for svakt ressursgrunnlag til å kunne forsvare store investeringar, med dagens vilkår, seier Nernæs.

To overordna krav

Då ein kampklar nyvald leiar kom på talarstolen for å takke for tilliten, valde han å sitere Churchill: «Eg tilbyr ingenting – anna enn blod, sveitte og tårar.»
For no skal det brettast opp ermar og arbeidast knallhardt. Første prioritet er å sikre vestlandsbonden rammevilkår og framtidstrua. Og Felde sende ei tydeleg melding til sjefen sjølv, Lars Petter Bartnes, som var med på skjerm frå Trøndelag:

– Me har to tydelege krav for komande jordbruksoppgjer. Punkt 1: Vesentleg reduksjon i inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper, målt i kroner. Punkt to: Det er heilt utenkeleg å skrive under ein jordbruksavtale i år, utan ein investeringspakke retta mot mjølk og storfe.

Felde minner om at vestlandsbøndene stod i kø for å slutte med mjølk sist vinter.

– Skal sjølve berebjelken i distriktslandbruket gå tapt fordi me ikkje får på plass ein investeringspakke, då må me seie frykteleg tydeleg ifrå, seier fylkesleiaren frå talarstolen på Voss.

Felde lovar at Vestland bondelag skal vere ein konstruktiv, men krevjande medspelar. Målet er at fleire vestlandsbønder skal sjå på garden og arealet sitt som ein viktig del av framtida i norsk landbruk.

– Skal sjølvforsyninga aukast til femti prosent, er vestlandsbonden og distriktslandbruket heilt avgjerande. Då må mjølkevolumet i fylket oppretthaldast, åtvarar han.

Når staten neste år skal kjøpe førti prosent av alle kvotar som kjem for sal, krev fylkesleiaren at tilsvarande volum vert seld attende til kvoteområda som mjølka vart kjøpt frå.

– Berre slik kan me unngå å ytterlegare svekke dei mest sårbare regionane, seier Felde.

Frå fest til digital markering

Skipinga av Vestland bondelag skulle markerast med stil tre dagar til endes. Med sosialt samvær, festmiddag, helsingar og lykkeønskingar, som passar seg ved slike høve. Eit nytt styre skulle møtast og legge grunnlaget for eit godt samarbeid på tvers av fjord og fjell i eit langstrakt fylke.
Slik vart det sjølvsagt ikkje. Etterkvart som talet på koronasmitta auka, minka talet på deltakarar på det historiske skipingsmøtet. Tre festdagar på Voss vart til eit Zoom-møte i eit omtrent folketomt lokale, med digitale delegatar og akkurat passe med tekniske utfordringar.
Trass i situasjonen, var det viktig å gjennomføre skipingsmøtet på planlagt dato. Nernæs minner om at det kjem eit jordbruksoppgjer som bøndene har store forventingar til. I tillegg er det stortingsval neste haust.

– Difor er det viktig å få etablert eit styre no og kome i gang med arbeidet, sjølv om me så absolutt skulle vore samla desse første dagane, seier nestleiaren.

Tydeleg leiarduo

Det langstrakte fylket er dominert av fjord og fjell og tidkrevjande reisestrekningar. Med eit styre som er spreidd frå Olden i Nordfjord til Halsnøy i Sunnhordland, blir det uaktuelt å samlast til dags-samlingar.

– Når me samlast må det bli over to dagar, men me må bli flinkare til å møtast digitalt. Det er ein naturleg konsekvens av samanslåinga. Det slit på dei tillitsvalde i lengda, seier Felde.

– Me må ufarleggjere den digitale møteforma for det er ein effektiv måte å halde kontakt med medlemmane på. Likevel er det viktig å møtast også fysisk for å bygge nettverk og tillit, seier Nernæs.

Med Nernæs som nestleiar får fylkeslaget to tydelege og aktive leiarar. Forventningane til ein aktiv nestleiar vart konkretisert ved at skipingsmøtet vedtok å oppjustere godtgjersle til nestleiar.

– Me treng to personar som ber fana for Vestland bondelag. Arbeidsoppgåvene skal fordelast slik at me i praksis er to leiarar. Samstundes skal begge ha kontakt med det politiske miljøet og sentralt i vår eigen organisasjon, seier Felde.

Må skjerpe kanaliseringspolitikken

Både Nernæs og Felde meiner ambisjonane på vegne av vestlandsbonden vert styrka gjennom skipinga av Vestland bondelag. På vegne av heile styret lover dei å vere synlege og tydelege både i media lokalt og regionalt, og internt i bondelaget.

– Me skal peike på utfordringane, men samstundes må me klare å skape framtidshåp for neste generasjon bønder. Det kviler på meg – og på heile styret, seier Felde.

No hastar det med å ta fatt på jobben som skal snu skepsis til optimisme og framtidstru for vestlandslandbruket.

– Det handlar først og fremst om auka inntekt, og om verkemidlar som gjer det mogleg å investere på mindre bruk, seier Felde.

I tillegg til å styrke husdyrproduksjonane skal styret jobbe for betre vilkår for grøntsektoren, samt ein meir berekraftig hjorteforvaltning. Og dei skal snakke høgt og tydeleg om kanaliseringspolitikk, også innanfor eigen organisasjon.

– Me kan ikkje akseptere at ei knallblå regjering fører ein meir aktiv kanaliseringspolitikk enn bondelaget sjølve. Bondelaget må bli tydelegare på kanaliseringspolitikk, seier fylkesleiaren i Vestland bondelag.

Vestland Bondelag

I tillegg til leiar og nestleiar er styret i Vestland bondelag sett saman slik:

Gry Ingvild Agjeld, Olden
Ole Bjarne Hovland, Årdal
Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang
Kari Sigrun Lysne, Lærdal
Lars Bø, Voss
Linda Kristin Oppedal, Viksdalen
Marianne Nordhus, Halsnøy 

Varamedlemmar:

  1. Olav Myhr, Eikanger
  2. Nils Magne Gjengedal, Hyen
  3. Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen

To fylkeskontor

Vestland bondelag får ein administrasjon, men skal oppretthalde fylkeskontor både i Bergen og i Førde. Tidlegare organisasjonssjef i Hordaland, Lars Peter Taule, får tilsvarande stilling i nye Vestland. Dei administrativt tilsette får behalde jobbane sine, men enkelte vil få nye og meir spesialiserte arbeidsoppgåver på nasjonalt plan.

Peder om Anders:

Anders er ein velkjend skikkelse i heile landbruksnorge og ein svært tydeleg representant og stemme for distriktslandbruket. Han er ein ryddig og dyktig fylkesleiar med lang erfaring, noko eg har hatt god nytte av fram til no. Han kan nok bli oppfatta som ein laus kanon på dekk – men slike skulle me hatt fleire av, seier Nernæs.

Anders om Peder:

Peder snakkar ikkje om kva han skal gjere, men han gjer jobben. Han tek seg tid til å sette seg inn i saker og er svært kunnskapsrik. Det er avgjerande for truverd i møte med politikarane. På kort tid har han opparbeidd seg eit nettverk som gjer at han får løyst opp i problem. Så er han steikande grei og omgjengeleg. Det er viktig, ikkje minst i møte med alle typar bønder, men også med politikarane.  

Share This