evje_aktuelt

Paneldeltakarane på plass. Frå venstre: Erik Fløystad, Roar Flatalnd, Tore Haugum, Liv Birkeland.

Er det oppnåeleg med ei klimasmart verdikjede frå jord til bord? Moglegheitane vart kartlagde under konferansen på Evjemoen kino.

Jane Brit Sande

I forbindelse med den årlege landbruksmessa Naturligvis på Evjemoen, vart det arrangert ei konferanse med tittelen: Drømmeløft – Klimasmart verdikjede fra jord til bord – en mulighetskonferanse. Deltakarane var mange, og programmet kunne by på både politikarar, fagfolk og bønder. Fylkesbondelaga i Agder var arrangør, i samarbeid med Fylkesmannen og fylkeskommunane i Agder.

– Me veit ikkje korleis klimaendringane vil sjå ut, men me veit dei vil få konsekvensar, sa Stortingspolitikar Kjell Ingolf Ropstad, KrF, då han var førstemann ut på talarstolen.

Ropstad viste til at klimaendringane er eit globalt problem, og det berører alle, og alle må bidra. Han viste vidare til utslipp av klimagassar, både i kvotepliktig sektor og i ikkje-kvotepliktig sektor (f.eks transport, bygg og landbruk), der det er nytt at Noreg er med.

– Utslepp i Noreg har auka sidan 1990. Kvotepliktig sektor må kutta med 43 prosent innan 20130. Ikkje-kvotepliktig sektor må kutte med 30 prosent innan 2030. Dei rike landa må ta meir, og Noreg er eitt av dei rike landa. Bellona har kalla dette eit ambisiøs og dristig målsetting, sa Ropstad.

Utfordringar for landbruket

Birte Usland, mjølkebonde i Marnardal og 1. varamedlem i styret i Norges Bondelag, viste til at matproduksjon aldri vil få til nullutslepp av klimagassar.

– Nullutslepp er ikkje alternativ for landbruket. Matproduksjon vil alltid ha utslepp, men det er ikkje matproduksjonen som er skuldig i klimautfordringane. Det er utslepp av fossilt brennstoff, sa Usland.

– Arbeidet i landbruket er svært langsiktig, haldt ho fram.

– Det tar 70-80-100 år før du kan hausta av å ha dyrka skog. Har samfunnet tid til å vente? Det må vi få til, slo ho fast.

Usland viste til utfordringane landbruket møter med klimaendringane. Endringar i temperatur, tre grader varmare i snitt, høyres ikkje så alt for skremmande ut med ein gong.

– I praksis betyr dette topptemperatur og bunntemperatur. Frosten kjem på feil tidspunkt, og øydelegg avlingar. Det vil kome meir regn i kvar regnskyll, forklara ho.

– Klimaforandringane fører til eit mindre tidsvindu å gjere arbeidet på jordet. Plantane er ikkje tilpassa den nye verkelegheita, som vidare fører til større risiko for den enkelte bonde, og ein mindre føreseieleg råvaretilgong til industrien, forklara ho vidare.

– Me har behov for tid og pengar til å drive på ein berekraftig måte, og å kunne investere i jorda. Større og færre bruk er feil medisin, slo ho fast.

Panelsamtale

Som ei oppsummering av dagens konferanse, og for å retta eit blikk mot framtida, vart det sett saman eit panel av aktørar. I panelet satt Erik Fløystad, bonde og fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, Roar Flatland frå Innovasjon Norge, Tore Haugum, landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Aust-Agder, og Liv Birkeland, frå Lister Nyskaping.

Paneldeltakarane vart utfordra på kva dei tenker om situasjon i dag, og korleis klimasmart jordbruk kan oppnås – konkret.

Meir om panelsamtalen i BV 33/34-21. august!