• – Det er stas å sjå at dei unge vil satsa vidare. Og så er dyra så rolege og trivelege, seier Grete Risa, mormor til Jim Arild. Både ho og Anders Risa, morfar til Jim Arild, er blitt godt kjende i fjøset på Sørbø. Her er fire generasjonar samla på eit fôrbrett. Frå venstre: Silje Håvarstein, Grete Risa, Anders Risa, Kjellaug Håvarstein (mor til Jim Arild), Jim Arild med Tiril på armen, og Jan Egil Håvarstein (far til Jim Arild) med Alice på armen.

Det har gått slag i slag for dei unge bøndene på Sørbø, Rennesøy i Rogaland. Silje og Jim Arild Håvarstein satsar på reinrasa charolais.

Jane Brit Sande

Garden har vore i drift i fleire generasjonar, og Silje og Jim Arild tok over garden i starten av 2016. Mjølkeproduksjonen på garden vart avvikla for fleire år sidan, og sidan 2008 har dei unge bøndene drive med slaktekyllingproduksjon.

– Eg starta med seks stambokførte charolais i det gamle mjølkefjøset, fortel Jim Arild.

Naboar og andre skodelystne vrimlar rundt ham. «Alle» vil helse på, gratulere, og skryte til bonden. Kring 100 besøkande var innom på fjøsåpninga.

God dose eigeninnsats

Byggestart var i oktober 2015, og sidan har kvardagen vore prega av fjøsbygginga. Sjølve huset var levert ferdig, og alt innvendig arbeid har dei stått for sjølve. Jim Arild, som er lastebilsjåfør i tillegg, fekk elementa heim på eigenhand.

– Me har plass til 30 ammekyr med full oppfôring av stut, fortel Jim Arild. I tillegg har dei innkjøpte fôringsoksar.

Fjøset er plassert eit stykke vekke frå bustaden, men midt i beiteområda. Ei open dør betyr fri tilgong på grønt gras for dyra. Fjøset måler 47×14 meter. Der er fanghekkar i front, silorive, rullande fôrbrett frå DeLaval, og gardar med kalvegøyme. Under spaltegolvet er det kanalomrøyring.

– Me velde fullisolert fjøs for trivselen. Det er klart det var litt dyrare enn andre alternativ, men ikkje så gale som mange vil ha det til, seier Jim Arild.

Prisen på fjøset kom på 4 millionar kroner, pluss eigeninnsats. Bøndene fekk støtte frå Innovasjon Norge på 800.000 kroner.