Innan fristen: Felles forståing av alvoret i norsk jordbruk og semje om retninga framover prega dagens framlegging av årets jordbruksavtale. F.h. Landbruks- og matminister Geir Pollestad, bondelagsleiar Bjørn Gimming og småbrukarlagsleiar Tor Jacob Solberg. Foto: Skjermdump frå pressekonferansen/LMD.no
Kommentar: Ein siger for samarbeidet og for Pollestad
Årets jordbruksoppgjer erkjenner alvoret i verda òg verdien av samarbeid på vegen fram mot mogleg inntektsutjamning og auka sjølvberging.
Bothild Å. Nordsletten
Bøndene kravde 3,9 milliardar. Staten tilbaud 2,6. Avtala vart på dryge tre milliardar.
På podiet: Landbruks- og matminister Geir Pollestad, bondelagsleiar Bjørn Gimming og småbrukarlagsleiar Tor Jacob Solberg.
Mindre enn 15 minutt tok det dei å leggja fram årets jordbruksavtale – som det luktar endring av.
Våren har vore turbulent, tempoet høgt og temperaturen tilsvarande. Innimellom ny stortingsmelding, vedtak om auka sjølvberging og nytt talgrunnlag har engasjementet i næringa spent frå tordentalar til tårer.
Men meir enn noko anna var pressekonferansen med dei tre i dag prega av ro, uttalt gjensidig respekt og felles retning.
Gjennomgåande var også ei felles erkjenning av at alvoret i verda og norsk jordbruk krev noko anna det som har vore.
Og dette ‘anna’ fekk me faktisk eit glimt av.
Utvikla, forbetra, fornya
For i avtalen er det masse politikk. Pollestad vedgår at det å tetta inntektsgapet mellom bønder og andre inntektsgrupper innan 2027, slik lova, er svært ambisiøst. Men med årets oppgjer freistar ein å gjera det med 60 000 (normerte) kroner per årsverk.
I tillegg er det semje om tak på husdyrtilskot, endringar i teljedatosystemet, om produksjonsregulering og teigbaserte tilskot.
«Gjennomgåande var også ei felles erkjenning av at alvoret i verda og norsk jordbruk krev noko anna det som har vore. »
Gimming lista opp vidare: Meir norske fôrråvarer. 90 prosent norskdel på matkveite innan få år, (noko som i seg sjølv krev heilt ny politikk, då gras har vunne på korn i seinare tid). Satsing på drenering og beiting som er bra for klima og sjølvberging, men òg jordbrukets sin integritet som ei berekraftig næring.
Målet med årets avtale er å utvikla, forbetra og fornya jordbrukspolitikken, sa Pollestad. Å få ein bondeøkonomi som sikrar jordbruk i heile landet, rekruttering av nye bønder, og auka sjølvforsyning.
Ærlegare heretter
Om Solberg ikkje trur på at årets oppgjer er det som skal til, så håpar han. Ja, han hevda seg reint ut «lukkeleg» for at dei hadde vorte samde. Solberg ser nå føre seg mindre albogerom for det han kallar industrijordbruket, og meir mangfald av ulike typar bruk. Som dei to andre på podiet innsåg han likevel at det vil ta tid.
– Dette oppgjeret for ein heil generasjon bønder som har gjort opprør, sa Solberg.
– Det er starten på ein langsiktig veg for eit jordbruk basert på norske verdiar, på matproduksjon i eit æveleg perspektiv. Og på ein meir ærleg politikk.
Ja, kanskje er det det.
«Dette oppgjeret for ein heil generasjon bønder som har gjort opprør.»
Tor Jacob Solberg, leiar i Bonde- og Småbrukarlaget
Sp-siger
Gitt bakteppet er det at dei tre partane vart samde om ei avtale i seg sjølv ein maiblomst i slipset for Pollestad og Senterpartiet. Men ministeren var kul. Erkjente at det kostar å samarbeide, at det kostar å balansera ulike interesser. At dei to organisasjonane staten forhandlar med er så vidt ulike, men godt organisert, meinte ministeren var ein styrke. Og trass i at fleire trekk det i tvil, haldt han fram det unike norske forhandlingsinstituttet, som ei bærebjelke i jordbrukspolitikken.
Dette, ministerens eiga innrømming av å ha tatt feil om timetalet før oppgjeret starta, fortvilinga som tallause bønder har vitna om i media sei siste åra – i alvoret i tida – kanskje borgar alt dette for ein ennå meir open, ærleg og konstruktiv jordbruksdebatt framover.
Til tinget
Så langt, så lovande. Men så skal avtala handsamast på Stortinget. SV varslar at det blir vanskeleg å støtta eit oppgjer basert på det dei meiner er feil talgrunnlag. FrP meiner tre milliardar er alt for mykje. Bondeorganisasjonane vil, forståeleg nok nå, ha ro.
Uansett korleis avtala endar opp med å sjå ut, er det verdt å merka seg eit siste poeng som dei tre jordbrukstoppane understrekte i dag.
Poenget er sjølvsagt, men må i dagens verd gjentakast til det synk heilt inn:
At jordbruksoppgjeret er viktig ikkje berre for bøndene, men for kvar og ein av oss.