Volleyball er 4H-sporten. Då seier det seg sjølv at ei turnering er på sin plass under fylkesleiren.

Volleyball er 4H-sporten. Då seier det seg sjølv at ei turnering er på sin plass under fylkesleiren.

Rogaland 4H er i full sving med årets fylkesleir. På marka ved Tveit vidaregåande skule på Nedstrand i Tysvær kommune er 150 4H-era samla.

Jane Brit Sande

Tre netter i telt ser ikkje ut til å sette gjengen ut av spel. Då det var open dag på fylkesleiren var volleyballturneringa dagens høgdepunkt. Frå heile fylket var det komen 150 4H-era og 30 vaksne frivillige. Det var fyrste gong på fleire år at leiren blei lagt til Nedstrand og Tveit vidaregåande skule i Tysvær. I år var det Fjordsol 4H frå Nedstrand og Vilje 4H i Tysværvåg som var vertskap.

Turnering

Leiren er inndelt i fleire telttun, der arrangørane forsøker blande klubbane så godt som mogleg. Regelen er likevel at det ikkje skal vere meir enn ein klubb i kvart telt. Firkløveren 4H hadde eige telttun, og to lag var med i volleyballturneringa. Gjengen frå Gjesdal var gode på å heie fram laga sine, og det eine laget, Blomane, skal møte Svein & co i finalen.
–    Det er ein del av Kongetunkonkurransen, å vere ein god heiagjeng, avslører Synnøve Jørgensen, dagleg leiar i Rogaland 4H. Kvart telttun er med i konkurransen om det beste telttunet, og god lag-ånd er altså eit av kriteria. Vidare ser juryen på kor reint og ryddig det er, og forskjellige rekvisittar er tilgjengelege for leirdeltakarane slik at dei kan pynte tunet.
Gjengen frå Firkløveren 4H synast volleyballturneringa er noko av det kjekkaste med heile leiren, men det er så vidt dei greier velje ut kva som er det kjekkaste.
–    Alt med 4H er kjekt, får me beskjed om.
–    Me gler oss til landsleiren, då blir det ein heilt sjukt stor volleyballturnering, fortel dei vidare. Elleve 4H-era frå Firkløveren skal reise til landstreffet i Nord-Trøndelag.
Volleyballturneringa går unna i ein fart, Kristoffer Nese, frå Fram 4H i Klepp, er primus motor for å halde hjula i gang.
–    Kristoffer har god erfaring på å halde turneringa i sving. Sjølv er han med på å arrangere Fram-cupen kvart år, fortel Synnøve.
Kampane går på tid, så alle får spele like lenge. Det går unna. På programmet for kvelden står teatersport på planen. Fyrste gong på fylkesleir, fortel Synnøve. Det er nok ikkje berre ho som er spent på korleis kvelden utartar seg.

God stemning under turneringa.

God stemning under turneringa.

God stemning under turneringa.

God stemning under turneringa.

Heiagjengen er vel så viktig som spelarane. Heiagjengen frå Firkløveren 4H har tydelegvis vore borti dette før.

Heiagjengen er vel så viktig som spelarane. Heiagjengen frå Firkløveren 4H har tydelegvis vore borti dette før.

Kristoffer Nese haldt hjula i gong under volleyballturneringa på Fylkesleiren.

Kristoffer Nese haldt hjula i gong under volleyballturneringa på Fylkesleiren.

Teltplassen er delt inn i telttun, og det er konkurranse om det beste tunet. Juryen i Kongetun-konkurransen ser på korleis tunet ser ut; at det er ryddig og reint, korleis det er pynta, og korleis lagånda innad i telttunet er.

Diablo-triksa var det ingen grunn til å legge igjen heime. Sindre frå Firkløveren 4H triksa seg gjennom fylkesleiren.

Diablo-triksa var det ingen grunn til å legge igjen heime. Sindre frå Firkløveren 4H triksa seg gjennom fylkesleiren.

Gerd-Inger Aarnes, frå skogprosjektet Velg Skog tok turen innom fylkesleiren. - Leiren er ein fin plass å fortelje om skogen, forklarar ho. Her visar ho fram nokre av kunstverka som er laga. Til venstre held ho halderar til fenalår, og til høgre kreative kunstverk laga av ein leirdeltakar.

Gerd-Inger Aarnes, frå skogprosjektet Velg Skog tok turen innom fylkesleiren. – Leiren er ein fin plass å fortelje om skogen, forklarar ho. Her visar ho fram nokre av kunstverka som er laga. Til venstre held ho halderar til fenalår, og til høgre kreative kunstverk laga av ein leirdeltakar.

Fylkesleiren for Rogalnd 4H blei i år arrangert på Nedstrand i Tysvær kommune.

Fylkesleiren for Rogalnd 4H blei i år arrangert på Nedstrand i Tysvær kommune.