Høgt trøkk: Full sal og fullteikna talelister då Bondetinget var samla på Lillehammer onsdag og torsdag i førre veke.

Kutt i mjølkeproduksjonen, svekka kornøkonomi og press mot tradisjonelt husdyrhald prega debatten på årets Bondeting.

Bothild Å. Nordsletten

Det skorta ikkje på problemomtale og kravsspesifikasjonar under årsmøtet i Norges Bondelag på Lillehammer i førre veke. Engasjementet var stort då utsendingar frå sør og nord sette kvarandre i stevne. Den fullsette salen gav klårt inntrykk av ein proff og kampklar organisasjon. Likevel var det lengre mellom løysingsforslaga enn mellom klagemåla.

Alvor over mjølka

Uro over dei store kutta som må gjerast i mjølkeproduksjonen etter avviklinga av eksportstøtta til Jarlsberg prega mange av innlegga under debatten. Fleire delegatar åtvara mot at måten kuttet skal takast på ikkje må bli strukturdrivande – mjølkebruk av alle storleikar må få bli med vidare. Alvoret i stoda låg merkbart over salen.

– Det finst ingen smertefri måte å løyse dette på, sa Marit Haugen, styreleiar i Tine.

Dimed stadfesta ho erkjenninga av at det føreståande kuttet også utfordrar solidariteten mellom «store og små» bønder og ulike regionar.
Nils Asle Dolmseth, styremedlem i Bondelaget og nestleiar i Tine, strødde salt i såret då han påpeikte at forbruket av norsk mjølk har gått ned med 18 millionar liter i gjennomsnitt dei siste åra. Ei slik utvikling inneber at mjølkekuttet som følgje av Jarlsberg-avvklinga ikkje blir eit enkelttilfelle. Tvert om ser mjølkenæringa då på ei utfasing av opp mot 100 millionar liter mjølk kvart femte år framover. Til liks med fleire talarar tok både Haugen og Dolmseth til orde for at næringa i fellesskap må bygge konkurransekraft, vinna den norske marknaden trass i sterkt importpress, og å utforska eksportmoglegheitene for meieriprodukt.

Vanskeleg balansegang

Fleire delegatar var også skuffa over årets oppgjer for korn, trass i freistnadane frå Bondelaget på å omtala resultatet som eit løft. Løftet for små og mellomstore kornbruk var i beste fall marginalt, vart det hevda. Fleire påpeikte den urovekkjande utviklinga der stadig meir kornareal går ut til fordel for gras og korleis dette utfordrar kanaliseringspolitikken og spelar over på kraftfôrprisen. Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes meinte Bondelaget hadde greidd balansegangen greitt under årets oppgjer, som gav kornbøndene totalt 21,50 øre meir. Samstundes vedgjekk han at debatten om ei betring av kornøkonomien måtte takast.

Ytre krefter

Fleire frå Rogalandsbenken, samt leiar i Pelsdyralslaget, Bertran Trane Skadsem, påpeikte uretten som er gjort andsynes pelsdyrbøndene. Delegatane vart oppmoda til å kontakta sine respektive stortingspolitikarar og legge press på dei innfor den avgjerande debatten om avviklingsforslaget. Lagnaden til pelsdyrnæringa vart av mange talarar tatt som utgangpunkt for å uttrykke frustrasjon over ei utvikling der små parti og pressgrupper får legge føringar for måten husdyrhaldet skal drivast på. Halvor Braa frå Sør-Trøndelag var særs klår ifrå talarstolen:

– No står kyllingnæringa for hogg, med eit nytt politisk parti som hovudrolleinnehavar (Miljøpartiet dei grøne, journ.meld). Dette er berre starten på åtaket på norsk husdyrproduksjon. Braa oppmoda Bondelaget, samvirka og resten av landbruket til å førebu seg umiddelbart.

– Me må ta tilbake styringa og utviklinga i landbruket. Det er rame alvor og me må slå det i hjel med åpenheit, truverd, fakta og folkeopplysing, politisk påverknad og, viktigast av alt, opplæring av politiske parti.

Bv-kommentar:

Storokse med musestemme

Mattilsynet-skandale, overproduksjon, dyrevelferd og ny gjødselvareforskrift. Det skortar ikkje på tema der røysta til bøndene i Rogaland bør høyrast. Likevel er det mektige jordbruksfylket no utan representasjon i toppen av styre og stell.

Etter valet på Bondetinget står 2. vararepresentant, Jan Idar Haugen, att som einaste rogalending i styret i Bondelaget. I Tine, Nortura, Norsvin, Sau og Geit, Tyr, Fjørfelaget og Gartnerhallen dukkar rogalendingane opp først som styremedlemmar, i beste fall nestleiar.

Toppane er dominert av trøndarar og austlendingar. Vonleg vil styreverva vera springbrett for nokre av rogalendingane opp til leiarplass.
Rogaland bør iallfall synast og høyrast meir. Bøndene her er dyktige til å dyrka jorda. No er det på tide at dei meislar ut ein strategi for å bli flinke til å dyrka fram nye leiarar også.

Fåmælt om auka sjølvforsyningsgrad

Sp og Mdg krev høgare sjølvforsyningsgrad. Så langt har ikkje Bondelaget bite på agnet.

Nyleg tok både Senterpartiet og Miljøpartiet til orde for auka sjølvforsyningsgrad, som i dag er låg, under 40 prosent. Sp har fremja eit Dok 8-forslag i Stortinget om å heva sjølvforsyninga til 50 prosent innan utgangen av 2026, korrigert for import av fôr. Mdg vedtok ein resolusjon på årsmøtet for å auke prosentdelen til 60 prosent innan 2030, basert på norske ressursar. Frå Bondelaget si side har det vore tyst om forslaga. Under Bondetinget vart sjølvforsyning knapt nemnt. Ein skulle tru initiativa var ei gåvepakke til landbruket. Så kva skjer, er Bondelaget for eller mot framlegga?

– Me er positive, forsikrar første nestleiar i Bondelaget, Bjørn Gimming.

Han vedgår samstundes at han ikkje har høyrt om framlegga før Bondevennen tok kontakt.

– Det kan sikkert vera smart slik Sp og Mdg gjer, å setta seg eit mål. Skulle Stortinget landa på ei slik målsetting tyder det at dei må følgjast opp av regjeringa. Det kan vera bra, seier han.

Gimming åtvarar samstundes om at framlegga blir for slag i lufta å rekna, dersom ein ikkje får med fleirtalsregjeringa.

Bjørn Gimming

– Me er opptatt av innhaldet i slike prosentmål, at me må følgja det opp med politikk som bringer oss i retning av meir sjølvforsyning. To forhold er viktige: Styrka kornproduksjonen ettersom variasjonane i sjølvforsyningsgraden i dag er samanfallande med variasjonane i kornavlingane. Dinest betre drift av grasareala. Der har me monaleg potensial.

Kva med Sp sitt framlegg om å korrigera for kraftfôrimport?

– Den korreksjonen er me opptatt av òg, for å få eit riktigast mogleg bilete av sjølvforsyninga. Dette standpunktet har me fremja fleire gonger.

– Korleis auka sjølvforsyning utan å gå rett i overproduksjon?

– Godt spørsmål. Det handlar om marknadsbalanseringsverktya. Me må heile tida syte for at me dimensjonerer produksjonskapasiteten ut ifrå det marknaden kan ta unna. Det heng sjølvsagt saman med tollvernet, som er ein gitt storleik i dag. Det er viktig at det ikkje svekkjast.

– Er Bondelaget flinke nok til å utnytte handlingsrommet i importvernet?

– Ja, det meiner eg me er svært tydelege på. Me må jo vurdera kva som er moglegheitsrommet i tollvernet, samt det politiske moglegheitsrommet for å unytta det. Det er ikkje alltid dei to storleikane er samanfallande. Utan politisk vilje i storting og regjering har me avgrensa moglegheit for å få gjort noko.

– Avisa Gudbrandsdølen Dagningen føreslår å måla jordbruksoppgjera på effekten dei har på sjølvforsyningsgraden. Kva tenkjer Bondelaget om det?

– For oss er jordbruksoppgjeret primært eit inntektsoppgjer, der me syter for at bonden får moglegheit til både inntekt og sosiale vilkår på line med andre. I tillegg skal me oppnå andre mål for landbrukspolitikken. Eg trur det blir feil om me skal styra monomant etter sjølvforsyning som einaste mål, seier Gimming.

Sp sitt forslag skal opp i næringskomiteen til hausten, før saka blir diskutert i Stortinget.