• Gjermundnes-elevane (f.v.), Torhild Stakvik frå Eide, Olav Eikrem Klauset frå Midsund, og Kristine Midtsæter frå Aure, representerte skulen sin under NM i skogbruksferdigheitar, som vart arrangert på elevane sin heimebane i vår.

 

På Gjermundnes vgs. trenar Torhild, Kristine og Olav presisjon med motorsaga.

Liv Kristin Sola

I april i år, representerte dei tre elevane skulen sin i NM i skogbruksferdigheiter. Arrangementet vart arrangert for ellevte gong, og gjekk føre seg på heimebane, på Gjermundnes.
– Kvart år møtest nærmare 100 elevar frå 15-20 naturbruksskular i landet, for å konkurrera i NM. Arrangementet flyttar mellom naturbruksskulane i landet, seier lærar, John Sønsthagen.

Del 1: Praktiske øvingar med motorsaga

– NM er delt i to konkurranseformer. Første del er fem praktiske øvingar med motorsag; felling, sverdsnuing, under og overkapp, presisjonskapp og kvisting, fortel Torhild.
Presisjon vert målt i millimeter, og hurtighet vert målt i sekund. Ho startar saga og viser kva ho meiner med under og overkapp. Saga går og flisa fyk, medan hennar to lagkameratar ser på med kritiske blikk.
– Ikkje ta bilete av denne!, utbryt ho, då ho ser resultatet.
Lagkameratane ler godt. Ho trefte ikkje heilt denne gongen.

Del 2: Kunnskapstest med 16 ulike postar

Elevane skal svara på spørsmål om ulike treslag og om dyr i skogen. Ved hjelp av ulike metodar skal dei vurdera volum, alder, diameter og høgde på enkelttre. Dei skal kjenne til ulike teknikkar for å rekna ut kor mange tre og kubikk tømmer som står per hektar. Førstehjelp er også ein viktig del av konkurransen.
– Laget som vinn NM får delta i EM. I EM er det stort sett studentar frå ulike høgskular som deltar. På tross av aldersskilnaden, har dei norske laga hevda seg godt mot sine europeiske konkurrentar, fortel Kristine og Olav.

Stikkord denne saka: