BN+

X-faktor for haldbarheit: Geno er på leit etter ein ukjent faktor som gjer at enkelte kyr leverer år etter år. Foto: Ståle Hustoft


Mjølk, kjøt eller klima? NRF-kua har mykje å leve opp til om dagen. – Det eine utelukkar ikkje det andre, seier Hans Storlien, marknadssjef i Geno.


Liv Kristin Sola


NRF-kua er omtykt og akta, men også utskjelt og omdiskutert. I seinare tid er ho løfta fram som klimakua, til applaus frå somme og irritasjon hjå andre. Kan hende er det tid for næringa å diskutere kva NRF-ku vi skal ha i framtida.

Tenk smart

Skal NRF fortsatt vere kombikua som produserer bra med mjølk, men som også slaktar seg godt den dagen det er slutt? Eller er det på tide å reindyrke oksar som er spesialistar på mjølk, som produserer døtrer med gode mjølkeeigenskapar, sjølv om det kostar litt kjøtvekt.


– Det eine utelukkar ikkje det andre, seier Hans Storlien, marknadssjef i Geno.


– Same korleis vi vrir og vender på dette, vil ein stor del av storfekjøtet kome frå mjølkeproduksjonen, også i framtida. Det er rett, ikkje minst med tanke på klima. Då må vi ha litt musklar på desse dyra våre, held han fram. At Geno også har kjøt som ein del av avlsmålet, meiner han ikkje er til hinder for bønder som vil optimalisere drifta og avle fram kyr med gode mjølkeeigenskapar, med NRF som base.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,