Til teneste: Karin Thauland, Karen Løvfall Våge, Francesca Galdiolo og Tore Eik, Kvinnherad kommune sine fagfolk i landbruk, vil helst vera framoverlente pådrivarar for næringa.

Storstila nydyrking, og kamp om jord og gardar. – Det er grådig kjekt å jobba på landbrukskontoret i Kvinnherad! seier Tore Eik, som nesten ikkje trur det som skjer.

Anne Rivenes, frilansjournalist

Ta ein pause frå alt snakk om bruksnedleggingar og dystre utsikter for landbruket. Ta heller ein kikk til Kvinnherad i Sunnhordland, og bli imponert over alt som skjer av nybygg og nydyrking, kurs og fagmøte, beiteprosjekt, turstiar, bondekafe og nisjenæringar. Alt med utspring i jordbruket, og med kommunen som entusiastisk medspelar. Bøndene her gir gass som aldri før, og Innovasjon Norge brukar Kvinnherad som føredøme for andre kommunar.

Tradisjon og nytenking

– Der oppe ser du dei byggjer nytt lausdriftsfjøs, og på nabobruket er det nydyrking i stor stil. Der borte ser du låven med «høyteknologi», og snart kjem me til den nye samdrifta med 100 mjølkekyr og stor sauefjøs, seier Tore Eik.

Kvinnherad og landbruk

Kvinnherad har 13.105 innbyggjarar
232 jordbruksbedrifter
40.418 dekar jordbruksareal i drift
349 personar er sysselsett i primærnæringar (jord, skog, fiske)
70 mjølkeleverandørar, 163 har sau.
Kommunen brukar 0,3 prosent av netto driftsutgifter til landbruksforvaltning og landbruksbasert næringsutvikling, mot 0,2 prosent i landet elles (utanom Oslo)
Kjelde: SSB/Kvinnherad kommune

Han peikar mot velhaldne gardstun der folk og maskiner er i full sving. Landbruksrådgjevaren er stolt av all aktiviteten, satsinga og optimismen som bøndene står for. Her vil dei unge byggja og bu, og driva med kyr og sau.

– Dei siste fem åra har me fått støtte til 30 nye driftsbygningar i tradisjonelt landbruk, til saman 31 millionar kroner. Nett no reknar me på fem til ti nye byggjeprosjekt, alt frå nye siloar til store fjøs, seier Tore Eik i Kvinnherad kommune.

Kontrollerer og motiverer

I kommunen sin seksjon for kultur, næring og utvikling er det fire som jobbar med landbruk.

– Det er kanskje raust i forhold til andre kommunar, men i forhold til arbeidsmengd er det knapt, seier seksjonsleiar Anbjørn Høivik.

Han ser landbrukskontoret som del av næringa, ein pådrivar og støttespelar, og ikkje minst katalysator for å få ting til å skje.

– Meir enn 60 millionar i året passerer gjennom desse fingertuppane her, seier Høivik og peikar på rådgjevar-nevane til Tore Eik, Karin Thauland, Francesca Galdiolo og Karen Løvfall Våge.

Kommunen skal fordela ressursar og kontrollera at reglar blir fylgde, og samstundes vera støttespelar. Korleis er balansegangen?

– Me prøver å vera medvitne. Me hjelper fram idear og prosjekt, samstundes som me er redde for å leggja press på folk. Difor er me strenge på at ingen slepp gjennom utan gode driftsplanar. Alt må vera godt gjennomtenkt, seier Tore Eik.

Frå eitt til tjue robotfjøs

For nokre år tilbake var det èin mjølkerobot i kommunen, og Eik fleipa med at målet måtte vera fem robotfjøs i Kvinnherad. No har dei snart tjue! Jordbruket er viktig næring i kommunen. 232 søkjer produksjonstilskot, og største produksjonen er mjølk, med 70 leverandørar, 1545 mjølkekyr og 3310 øvrige storfe (2016-tal). Sauehaldet har 163 produsentar, med totalt 7500 vaksne sauer og 11.170 ungsauer. Nokre gardar driv med geiter, gris og høns. I tillegg kjem havbruk og skog, og til saman er 389 sysselsette i primærnæringa. Det er registrert 22.000 daa dyrka jord, og om lag 17.500 daa innmarksbeite. Interessa for nydyrking er stor, og i 2017 vart det godkjent 230 daa nytt land.

– Kvinnherad har tradisjonelt vore ein god landbrukskommune, med mykje entreprenørar. Dei er vane med å bruka maskiner, både ute på anlegg og heime på garden. Mange unge tek over, og dei er vakne og orienterer seg om nye måtar å gjera ting på, seier Eik.

Trivst ute: Kyrne går inn og ut som dei vil, til luftegarden utanfor fjøset. Rikeleg med ljos og frisk luft er bra for trivselen, og gjer det lettare å fange opp brunst og andre tilstandar hjå dyra.

Kviler i mjuke senger

På garden Tveit i Herøysundet har Pål Helge Haugse bygd ny lausdriftsfjøs. Femti mjølkekyr går ut i luftegard og inn i fjøset som dei vil, dei legg seg i mjuke liggjebåsar, finn seg grovfôr i romsleg og fleksibelt fôrbrett og vatn frå drikkekar midt i rommet. Viss dei då ikkje stiller seg i kraftfôrbåsen eller går i mjølkestallen for å bli mjølka. Alt er roleg, ljost og triveleg, og alt kan ein sjå frå tunet ute – fordi veggane er vêrstasjon-styrte «gardiner» som legg seg ned når vêret er mildt og fint, og stengjer att når det regnar, bles eller er kaldt. Nedst er det støypt ein halv meter høg kant, for å halde trekk og fukt ute.

– Når eg har reist rundt i Europa, i Danmark, Holland og England, har eg sett mange enkle løysingar. Eg har teikna fjøset sjølv, og handla utstyr ulike stader, fortel Pål Helge Haugse.

Enkle linjer, enkel handtering

«Green Bedding» er liggjebåsar med sagmugg, med plastskilje mellom båsane slik at det er behageleg å leggja seg og stå opp. Fôrbrettet er importert frå Irland, utan elektronikk eller straumkablar, berre mekanisk rørleg. Kyrne skubbar fôrbrettet inn etterkvart som dei et. Eit gjennomgåande fôrbrett ville teke mykje meir plass, enn dette som går halvveges inn i bygget. I staden gjev det plass til drikkekar langsetter midten, fordi det er bra for kyrne med god tilgang til drikke.

– Tre gonger i veka køyrer eg inn ti rundballar om gongen, med traktor. Så brukar eg minilastar til å gjera reint fôrbrettet og til å leggja ut sagmugg i liggjebåsane. Båsane måkar eg sjølv, medan det går måkerobot på spaltene.

– Motivasjonen var økonomi, å finna løysingar som treng lite vedlikehald og er rimelege å drifte. Veggane og vêrstasjonen er litt dyre, men det får ein att i god dyrehelse. Eg har ikkje måtte behandla eit einaste jur i det nye fjøset. Forsking viser at dyr i kaldfjøs er friskare enn i isolerte hus. Varmestress er større problem enn kulde, for ei ku. Og om somrane gjer takduken det svalare inne enn ute, fortel Pål Helge.

Tunprat: John Haugse er kårkall, men tek sin tørn i fjøsstellet på garden. Landbruksrådgjevar Tore Eik er imponert over nyefjøset til Pål Helge Haugse, med løysingar inspirert frå fjøs ute i Europa.

Ein heilt ny kvardag

Før nybygget hadde garden gamal fjøs, og femti kyr som skulle mjølkast. Det er arbeidskrevjande. Pål Helge hadde etterkvart kjøpt opp all den kvoten han kunne klare, og eig i dag 376 tonn. Kaldfjøs for oksar vart bygd i 2003, og for halvanna år sidan var det kyrne sin tur, med mjølkerobot i ny lausdriftsfjøs med i alt 62 liggjebåsar. Taket er duk, langsidene «liftgardiner» og kortsidene er kledde med lerk frå eigen skog, eit materiale som «impregnerer seg sjølv».

– Det har blitt ein ny kvardag. Me er i fjøset om morgonen og vaskar roboten, skiftar filter og måkar liggjebåsar. Mjølkinga føregår automatisk med mjølkerobot, seier Pål Helge.

Kalvinga er straks i gang, og i nyefjøset går kalven saman med mora i 14 dagar. Då får den i seg godt med råmjølk, får ein god start og veks godt. Samstundes som kalven drikk så ofte den vil, går kua også til roboten og blir mjølka.

Skulle bygd endå enklare

– Eg er mest nøgd med den enkle fôringa, den fungerer aller best. Skal eg gje eit råd til andre er det å ta kontor og tankrom som eige hus utanfor, ikkje integrert i den store hallen slik eg har gjort. Det ville blitt mykje rimelegare og enklare å byggje berre ein etasje. Loft i fjøsbygningen har ein ikkje bruk for. Det er berre når det er gjester at me står der oppe og ser utover fjøset, og det blir dyr visning, seier Pål Helge.

15 x 45 meter måler nybygget, og prislappen nærma seg seks millionar. Storparten er finansiert med lån, i tillegg til eigenkapital og halvanna million i støtte frå Innovasjon Norge.

– I forhold til tradisjonelle fjøs er seks millionar i nedste grense. Eg har ti kroner per kvoteliter i lån, og det er jo lite, seier Haugse. Han paktar mykje jord for å få nok fôr, og i desse dagar kjøper han ein del tilleggsjord. Mjølkebonden ser landbruksavdelinga i kommunen som viktig støttespelar, og rosar Tore Eik for å vera ein god mann for landbruket i Kvinnherad.

Moderne: Pål Helge Haugse henta inspirasjon frå fjøs i fleire land før han bygde. Med mobilen kan han styra oversiktskameraet, slik at han også under Dyrskun-helga kunne kika innom fjøset heime.

Vår jobb å fange opp trendar

Kva har landbrukskontoret i Kvinnherad og hockeylegende Wayne Gretzky til felles? I fylgje seksjonsleiar Anbjørn Høivik er landbruksstaben dyktige til å vera der pucken kjem til å koma. Dei vil gjerne liggja i forkant, skapa moglegheiter.

– Me har fått ei veldig satsing på store gardar og mjølkerobotar. No prøver me å finna alternativ også, slik som lam, frukt og grønsaker, bier, Reko-ring og ystekurs. Å finna nye vegar i landbruket, å fange opp interesser og trendar, er vår oppgåve, meiner Karin Thauland.

Då landbruksavdelinga nyleg fekk spørsmål om honning, henta dei inn fagfolk, arrangerte kurs, og vips, så har Kvinnherad fått sitt eige birøktarlag. Klimasmart landbruk, nye driftsformer i sauehaldet, ystekurs, regenerativt landbruk, minikraftverk, biogassanlegg, flisfyring, skogkveld, birøkt, bakeri og galleri i gamle gardsbygg, og så vidare, og så vidare. Alt står på tapetet i Kvinnherad.

Peika retning og skubba etter

– Bondeorganisasjonane har fleire lokallag i kommunen, og suksessfaktorane ligg i næringa sjølv. Kommunen kan bidra som katalysator, skubbe etter og visa veg, meiner Høivik.

Gjennom Facebook-sida «Landbruket i Kvinnherad» prøver staben å synleggjera alt landbruket står for. Saker blir snappa opp av lokalavisa, og lokalpolitikarane blir ofte også engasjerte.

– Kommunen har vedteke eiga tilskotsordning for grøfting og nydyrking, i tillegg til statleg støtte. Det er ikkje sjølvsagt, seier Høivik.

Byråkratar møter bønder

Ved generasjonsskifte eller anna gardskjøp, blir nye eigarar inviterte til å møta kommunen. Bøndene fortel om sine planar og ynskje, og kommunen om kva dei kan bidra med. Både Landbrukstenester og Landbruksrådgjevinga har kontor i Kvinnherad, og kommunen har godt samarbeid med Innovasjon Norge. Karsten Valland, finansieringsrådgjevar i Innovasjon Norge, har vore fleire turar i Kvinnherad saman med landbruksrådgjevar
Tore Eik, for å snakka med og gje råd til bønder som vurderer å byggja og investera i garden.

– Kvinnherad skil seg veldig ut, med større aktivitet enn andre kommunar. Det er ein voldsom aktivitet blant bøndene, og dei får den nødvendige oppbakkinga frå kommunen. Forskjellen mellom Kvinnherad og andre, er at kommunen er på hogget, seier Karsten Valland. Han trekkjer ofte fram Kvinnherad som eksempel for andre kommunar.

Husnes-bonde satsar på sau

Det tok litt tid før Vegvesenet gav klarsignal til Geir Helland sitt nye sauefjøs like ved deira planlagde rundkøyring på Husnes. Men med litt tålmod og påtrykk frå kommunen, ordna det seg, i grevens tid.

– Eg var blant dei siste som fekk tilskot til sauefjøs. Eg håpar det kjem tilbake, for det er betre at dei som alt har produksjon, får betre driftsapparat, enn at nye startar opp med fleire hundre sau, meiner Geir, som før hadde svært tungvint fôring.

Nyefjøset er bygd i tilknyting til gamlefjøset, og til saman 400 kvadratmeter gjev plass til 200 sau. Nett no har han 180, og dei fleste er sanka heim, og lam leverte. Han klypper sjølv, og held sauene inne ei veke for å ha god kontroll på avgjeldinga. Helland er sauebonde på fulltid, og kan ikkje tenkja seg noko anna. Det er råd å leva av 180 sau, om du driv godt, og legg ned mange timar og mykje omtanke i jobben. Når du i lamminga tek imot 350 lam, blir det mange timar i fjøset.

Dyrkar og paktar for å sikre nok beite

– Det er sau eg vil driva med. Enten måtte eg satsa skikkeleg, eller gje meg. Tungvinte tilhøve over lang tid, ville gått på helsa laus, seier sauebonden, som no gler seg over ny og praktisk driftsbygning.

– Rikeleg med plass, er eg mest nøgd med. Skal eg gje råd til andre, er det å reise rundt og sjekke ulike løysingar, før du avgjer korleis du vil byggja, seier Helland.

Trivsel på jobben: Geir Helland legg vekt på trivsel både for folk og dyr. I nyefjøset er det god plass og ljost og praktisk innreidd.

I tillegg til sau, fôrer han opp stutkalvar i ein eldre driftsbygning, og driv jamt og trutt med nydyrking. Dei siste tjue åra har Geir dobla arealet med fulldyrka mark, som no er på 120 mål. Han paktar også 100 mål på åtte andre bruk i Husnes og nabobygda.

– For sauebønder kan det ofte knipe med beite vår og haust, og då blir det ein knekk på tilveksten. For å ha tilgang på nok beite, har eg dyrka og leigd meir jord etter kvart, seier Helland.

Han ser at optimismen veks i jordbruket i Kvinnherad, og at det ofte er kamp om det brukbare arealet. Lite areal ligg brakk. Viss nokon gjev seg, aukar andre opp.

Nisjer: Ein køyretur gjennom Kvinnherad viser nisjenæringar med utspring frå gardane.

Seks bondelag i kommunen

– Det var stillstand ei stund, men så har mange i min generasjon pensjonert seg. Når dei yngre overtek er det nødvendig å oppgradere, særleg med tanke på nye husdyrforskrifter, seier Bjarte Naterstad, leiar i Omvikdalen Bondelag, eit av i alt seks lokallag i Kvinnherad.

Yngre bønder vil ha lettvint dyrestell, for å kombinere gardsdrift med familieliv og ferie og fritid som andre. For å få god avløysarordning må garden ha ting på stell.

– Me har eit fantastisk landbrukskontor i kommunen, med dyktige medarbeidarar som står på for bøndene. Du får ikkje nei der, dei berre ser etter kva dei kan hjelpe med. Når det gjeld tilleggsnæringar lyt me også gje ære til landbruksrådgjevinga, som arrangerer kurs for folk som vil satsa på litt andre ting. Og Innovasjon Norge har fått litt betre innstilling når det gjeld å gje tilskot også til mindre bruk, seier Naterstad. Han trekker også fram Tine, Nortura og Felleskjøpet sine rådgjevingstenester som viktige for bonden.

– Landbruket er ei langsiktig næring, og ein kan ikkje tenkja på kva som er landbrukspolitikk i augneblinken. Effektiviseringa i landbruket har skjedd nesten uavhengig av det einskilde landbruksoppgjer. Det er teknologien som har styrt, fullt og heilt, meiner Bjarte Naterstad.

Look to Kvinnherad: Overalt i den vidstrekte kommunen, frå her i Austrepollen i nordaust, til Sæbøvik og Husnes i sørvest, er det synleg og frodig landbruk.