Åtte år gamle Celine Strømland Norum likar best dei kvite egga. Likevel lurte ho: Kvifor er nokre egg kvite, medan andre er brune?
Jane Brit Sande
Morfar Sivert Nøtsund Strømland vart svar skuldig, og ville hjelpe Celine med å finne svar på spørsmålet sitt. Han fekk kontakt med Magnor Stokka, Riskjell i Klepp kommune, og håpa han kunne hjelpe dei med svaret.
Stokka har totalt 30 høner og hanar av rasen Dverg Kokin, i sommar talte han så mykje som 120 fjørkledde i hagen. Han har drevet med raseoppdrett i meir enn 40 år. Stokka meiner fargen på egga blir avgjort av rase og gener, og at kvite egg som bli seld i butikken, er lagt av kvite høner. Dei brune er lagt av brune høner. Likevel er det ikkje så enkelt at fargen på egget avslører fargen på høna.
– Eg ser at mine høner legg brune egg, men i forskjellige nyansar, fortel han.
Dverghønene til Stokka har forskjellige fargar på fjæra, og den lysaste av dei, den perlegrå, legg egga med den lysaste nyansen av brunt.
– Eg likar best dei kvite egga, fortel Celine.
– Og lillesystera likar best dei brune, legg morfar til.