Bilde 1

– Me i Bondelaget er sterke saman, sa Nils T. Bjørke i sin tale.

Engasjerte bønder debatterte landbrukspolitikk med forskjellige synspunkt, men ein ting var dei einige om: Samhald og solidaritet inn i framtida.

 

Jofrid Åsland

 

– Hjerteleg velkommen. Eg er svært glad for å sjå så mange unge bønder her i dag, sa Nils T. Bjørke i sin innleiing då han talte til forsamlinga i Bondetinget onsdag.

Den avtroppande leiaren av Bondelaget viste vidare film frå aksjonane som har vore i jordbruksoppgjeret. Han rosa kreative bønder, og trakk mellom anna fram Rogaland Bondelags film, som vart ein suksess på YouTube; “Kæ seie bonden”. Under debatten fekk bønder frå heile landet kome med synspunkt om landbruket, politikk, framtid og fortid.

Bjørke fortalde mellom anna om jordbruksoppgjeret og ny landbrukspolitikk i sitt innlegg. Han skildra kor godt det har vore å stå på barrikaden for landbruket med brei støtte i ryggen. Bjørke skildra forholda kring landbruket slik:

– Dette er ikkje den vesle, men den store krigen. Me er ein viktig del av samfunnskampen.

– Me må våge å utfordre kvarandre, men alltid gi støtte når me står i stormen. Me i Bondelaget er sterke saman, sa den avtroppande leiaren.

Han fekk ståande applaus frå forsamlinga då han avslutta med å takke for seg.

Med bildetekst: Avtroppande leiar av Bondelaget fekk ståande applaus da han takk for seg under Bondetinget onsdag.

Med bildetekst: Avtroppande leiar av Bondelaget fekk ståande applaus da han takk for seg under Bondetinget onsdag.

Debatt for framtida

– Ikkje spør kva landet kan gjere for deg, men kva du kan gjere for landet ditt. Vi er bønda i frå nord. Vi gir oss aldri. Samhald, samhald, samhald, sa Thomas C. French frå talarstolen.

Han er frå Hedmark. Han var ikkje åleine om å mane til ei samla næring.

– Mange trur at jærbonden ikkje har problem med å verte større, men me er nær ei smertegrense slik det er i dag, sa Marit Epletveit frå Rogaland.

Ho opplyste om at Rogaland ikkje er bare Jæren, og at det finst haug og hammar og der. Epletveit fortalde om problematikken kring attgroing dersom ein ikkje får nytta beiteområda.

Svein Anderssen frå Finnmark tok opp ballen frå Epletveit. Han skildra forholda i nord, og sa at bøndene i nord er avhengige av distriktsvirkemidlar.

– Me har stort fråfall av bønder i nord. Du frå Rogaland snakka om at det er smått og vanskelig. Me treng dykk og dykk treng oss, avslutta Anderssen sitt innlegg.

Marit Epletveit frå Rogaland snakka til Bondetinget om at og Jæren har eit brestepunkt når det kjem til vekst.

Marit Epletveit frå Rogaland snakka til Bondetinget om at og Jæren har eit brestepunkt når det kjem til vekst.

– Det handlar om kjærleik

Vegard Smednes frå Møre og Romsdal fortalde om sitt livs val under Bondetinget.

– Det er ei klar hending i livet mitt, der eg ikkje har brukt sunn fornuft. Då eg var ein neve stor sa eg at eg skulle verte gardbrukar. Det handlar ikkje om sunn fornuft. Det handlar om kjærleik av til dyra.

Smednes skildra korleis det på hans gard må arbeidast to årsverk for å sikre ei grei inntekt. Han sa at mykje av problemet kjem av at styresmaktene ikkje har sunn fornuft eller kjærleik til dyr.

– Det verste du kan stele frå nokon er motet, avslutta han.

Olav Lind-tveit frå Aust-Agder skildra ny landbrukspolitikk som omvendt Robbin Hood taktikk.

– I Aust-Agder er det mange små bruk med avstandar mellom teigane. Fos oss trengst det meir enn eit stortingsvedtak for å endre Geografien, sa Lind-tveit.

Vegard Smednes frå Møre og Romsdal fortalde om sitt livs val. Han snakka om at han vart bonde av kjærleik til dyra, ikkje ut frå sunn fornuft.

Vegard Smednes frå Møre og Romsdal fortalde om sitt livs val. Han snakka om at han vart bonde av kjærleik til dyra, ikkje ut frå sunn fornuft.

Store og små

Mange snakka om store og små bønder under debatten. Sonja Herikstad Skårland frå Rogaland kritiserte akkurat dette.

Ho spurde forsamlinga:

– Kven er framtidsbonden?

Herikstad Skårland skildra store skilnader i storleik på produksjonane som ligg side om side på Jæren.

– Me må slutte å snakke om små og store bønder. Hobbybønder er heller ikkje eit ord eg likar. Me er ei næring og eit landbruk, sa ho.

Bodhild Fjelltveit frå Hordaland fortalde at ho satsar på sau for framtida, men skildra problematikk med nok beite til dyra. Fjelltveit fortalde at det ikkje berre er å pøse på med sau i Hordaland.

Arne A. Berge frå Rogaland tok til orde for dei større produsentane.

– No synast eg det er sagt litt mykje negativt om dei store bruka. Det er ikkje dei store som er problemet. Eg forstår at dei store vil utvikle seg, men det må ikkje øydelegge for dei små. Me må ha aktive bønder og aktiv bruk av areal. Det er der kronene må ligge, sa Berge under Bondetinget.

Sonja Herikstad Skårland frå Rogaland snakka om tematikken små og store bruk inn i framtida.

Sonja Herikstad Skårland frå Rogaland snakka om tematikken små og store bruk inn i framtida.