Gror att: Areal ute av drift utgjer ein potensiell viktig beredskap i fall uår og fôrmangel. Foto: Liv Kristin Sola

Tørken i fjor avdekte manglande oversikt over nasjonale fôrressursar. No lanserer NIBIO ei kartteneste for at bonden og landbrukskontora skal få betre oversikt over lokale grasområde.

Bothild Å. Nordsletten

Bondevennen presenterte i førre utgåve kart og tal for jordbruksareal som er ute av drift. Materialet, som er utarbeida av NIBIO (Norsk Institutt for bioøkonomi), syner at halvannan million dekar er ute av drift, eller 13,2 prosent av jordbruksarealet.

– Det tilsvarar to og ein kvart gong Mjøsa. Tala er påtakelege, seier samfunnsgeograf i NIBIO, Henrik Mathiesen.

Under tørken i fjor vart NIBIO kontakta av lokale landbrukskontor som ønskte oversikt over lokale fôrressursar. Mathiesen og kollegaer vart sett «På sporet av fôret». Det er namnet på prosjektet deira for å samanstille tal frå nasjonale arealressurskart, (AR5), eigedomsdata frå Statens kartverk, samt registeret for bøndene sine søknader om produksjonstilskot.

Strama opp driftsregime

Mykje areal, særleg i Nord-Noreg, viser seg å ha vore ute av drift i mange år. Mathiesen ser at nokre av områda han har kartlagt kanskje ikkje drivverdige i det heile.

– Men med nye kart og register vil me iallfall gjera lokale landbrukskontor i stand til å setta områda i drift att. Det er jo leit å bruka masse ressursar på å importera fôr, når det finst grasområde like ved, som ein ikkje fann berre fordi det mangla oversikt. Kanskje gjer me oss sjølv ein stor teneste ved å ta desse i bruk att, seier han.

Hol i beredskapen

Saman med kollegaene planlegg han å lansera kart over desse områda til våren. Karta skal dekka heile landet og gi lett tilgjengelege oversikt over areal som det ikkje er søkt om produksjonsstøtte til, men som kan utnyttast.

– Kva seier dei store areala som er ute av drift om beredskapstenkinga vår?

– Me såg nokre stygge hol i beredskapen i fjor, men me byrja også å gjera noko med det. Regjeringa viste fleksibilitet i dialog med bondeorganisasjonane og bønder og samvirke sette sjølv i gang fôrformidlingstenester. Me er i stand til å tette hola. Desse tala kan også setta fart på debatten om nedlegging av bruk. Her får kommunane noko konkret å jobba med. Me er i ferd med å vakna.

Henrik Mathiesen

Enisa Saracevic

Vestland ferdig kartlagt

Hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, no Vestland, heldt dei på med ei utgreiing om forureining frå landbruket i fylket då tørken kom. Seniorrådgjevar Enisa Saracevic samanstilte data frå utgreiinga og kunne raskt tilby oversikt over unytta fôrområde til lokale bønder. Etter kvart er alt areal ute av drift kartlagt for heile Vestland. Det summerer seg til 158 491 dekar.

– Det er viktig å ha oversikten over arealressursane i fylket, stadfestar Saracevic.

– Gitt at bonden får oversikt, så er det potensial for å dyrka meir jord og for å henta ut meir fôr. Oversikt er ikkje viktig berre for beredskapen i fall tørke eller regn, påpeiker ho.

– Me har òg fått betre oversikt over areal som det er mogleg å leige. Mange vil utvida produksjonen, men finn ikkje leigejord. No blir det lettare for dei.

Bondelaget i Hordaland har tidlegare påpeikt utfordringa med lange køyreavstandar mellom dei leigde teigane.

– Med betre oversikt kan bønder kanskje byte til seg leigejord meir i nærleiken av drifta, slik at køyreavstandane blir mindre, seier Saracevic.