Tankesmie i landbruket. Faksimile Bondevennen nr 7.

Skal landbruket sitte med foten på bremsa i nye femti år, eller skal me finne nye måtar å tenke på, spør professor Dag Jørund Lønning.

Liv Kristin Sola

I BV 7 etterlyste mjølkeprodusent Torill Midtkandal ei tankesmie for landbruket. Professor og rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning, støttar Midtkandal sine tankar om at landbruket, som samfunnet elles, vert stadig meir sektorisert og at det trengst nytenking.

– Landbruket kan bli ekstremt internt. Næringa møter sine eigne, på eigen heimebane. Det meste handlar om forhandlingar og forventningar til at ny teknologi vil bringe næringa vidare, seier Lønning.

Med foten på bremsa

Lønning opplever at landbruksorganisasjonane si rolle i samfunnsdebatten i stor grad har handla om å trykke på bremsa.

– Det går i den same tralten. Landbruket har ei grunnfesta tru på ny teknologi. Men det er ny teknologi som driv rasjonaliseringa vidare. Same kor mykje me bremser, vert gardsbruka berre større og færre, seier han.

Lønning ønsker i større grad å involvere menneske i utviklinga, og viser til det han kallar ein mat-revolusjon som skjer, verda over.

Dag Jørund Lønning, HLB.

Mold er trendy

Folk er opptekne av jord og mat. Ifølgje Lønning, vart det i fjor etablert åtti nye andelslandbruk her til lands.

– Dersom kvart av desse har hundre partar har me fått 8000 nye bønder – på eitt år, seier han.

Han opplever at næringa har ein distanse til denne interessa folk har til å dyrke eigen mat. Andelslandbruket vert oppfatta som eit byfenomen, medan det tradisjonelle landbruket heng fast i etablerte mytar om at me ikkje har anna val enn å bli større og færre.

– Skal me la byen ta over molda også?, spør Lønning retorisk.

Motmakt

Bøndene kritiserer forbrukarsamfunnet som vil ha billig mat, samstundes som dei sjølv legg til rette for at utviklinga går nettopp den vegen, meiner professoren.

– Det heng ikkje i hop. Det er ikkje slik at me ikkje har eit val, at me berre må ditt og me må datt, og berre dilte etter. Sjølvsagt har me eit val.

Lønning meiner landbruket må rive seg laus frå hundre år gamle tankar om at teknologi er svaret på alt. Næringa må finne reelle og solide alternativ og bygge ny kunnskap. Om ikkje, trur han at rasjonaliseringa berre fortset som før.

Ta eigarskap til utfordringane

– Skal me bruke all energi på å kritisere, eller skal me bruke energi på å skape noko nytt? Korleis kan me kjempe mot det etablerte for å skape endring?

For nokre år sidan etablert Lønning «Jærsmiå», ein arena der blant anna bønder, utbyggarar, næringslivet, forvaltning, naturvernarar, friluftsinteresserte og politikarar sat saman og diskuterte jordvern i lys av stort press på utbygging på Jæren.

– Alle, også utbyggarane, måtte ta eit aktivt eigarskap til jordvern, seier Lønning.

Slike arenaer handlar ikkje om å forhandle seg fram til ein konklusjon. Lønning kallar det dialogbasert utviklingsarbeid. Dialog vert nytta som metode for å få fram nye tankar og alternative løysingar.

– Landbruk og matproduksjon handlar om oss alle. Andre grupper utanfor det tradisjonelle landbruket må få ta eigarskap i norsk matproduksjon, seier Lønning.

– Har landbruket behov for ei tankesmie?

– Landbruket har definitivt behov for å få fram nye tankar og idear, seier Lønning.

Nærleik til naturen er i ferd med å bli det viktigaste for folk. Menneske må attende i sentrum. Det handlar om å leike, om å skape, om å ha nevane i molda, tett på naturen.

– Det er nettopp det landbruket er. Tett på. Så snakkar me om å kjempe mot naturen, i staden for å forstå korleis me driv på lag med naturen, seier Lønning.

Han trur dei «nye», urbane bøndene vil ta ei større rolle i debatten om matproduksjon framover, og håper landbruket vil henge seg på.

– Organisasjonane, med sine definerte roller, har vanskeleg for å ta innover seg endringar som skjer i samfunnet. Me slit med å kople oss på nye tankar og trendar.

– Så svaret er ja, me har definitivt behov for nye møteplassar på tvers av ulike interesser – og landbruket må om bord, seier Lønning.