Tollvern stod på dagsorden på stormøtet på Varhaug på Jæren. F.v. Geir Pollestad, SP, Ingunn Foss, H, Line Henriette Hjemdal, KrF og Jon Georg Dale, FrP

Tollvern stod på dagsorden på stormøtet på Varhaug på Jæren.
F.v. Geir Pollestad (SP), Ingunn Foss (H), Line Henriette Hjemdal (KrF) og Jon Georg Dale (FrP)

Stormøtet på Varhaug samla igjen 500-600 bønder.

Arrangørane hadde set tollvern på dagsorden, vel vitande om at norske bønder og norsk foredlingsindustri står og fell med korleis tollvernet utviklar seg. Pågåande prosessar i internasjonale handelsavtalar gjer spørsmålet høgaktuelt.

Eirik Stople

Vidarefører politikken

– Strukturendringane vil halda fram. Dei er komne for å bli. Det betyr tunge investeringsløft for mange av dei som går inn i næringa. Vi må ikkje sjå på strukturendring som ein trussel, men som ein mogelegheit, sa Dale, og tok situasjonen frå si heimbygd på Møre som eit døme.
– 15 bruk har blitt til 3-4, alternativet hadde vore ingenting, sa han.

Ministeren legg stor vekt på rekruttering, at den som skal inn i næringa må vera genuint interessert og sjå på potensialet i sitt eige gardsbruk. Bonden veit best , og skal fritt kunne utvikle bruket, er melodien.

Meir konkurranse

Til dagens tema, tollvern, sa Dale at norske bønder vil bli utsett for meir internasjonal konkurranse. Regjeringa ønskjer ein meir open marknad og tollmurane blir gradvis bygde ned.
– Framtida møtes ikkje med toll, men med konkurranse. Norge er eit handlande land, som er avhengig av eksport, sa landbruksministeren.

Det generelle bilde er at handel med ein open økonomi er kjernen i økonomien.
– Det blir eit tollvern, men vi må tåle konkurranse og konkurrere på kvalitet. Vi har styrka konkurransen gjennom effektiv produksjon, og det stoppar ikkje der vi er no,  er bodskapen til Dale.

Dale tok grøntnæringa som eit døme, der ein har makta å halda oppe det norske produksjonsvolumet, sjølv med eit svakt importvern og i sterk konkurranse med import. Han peika på at mykje av konkurransekrafta ligg i å produsere trygg mat og å kunne tilby eit vareutval som norske forbrukarar etterspør.

Dale meinte norske bønder må utnytta marknaden for nisjeprodukt, både heimemarknaden og for eksport.

Reagerer på stimulans

– Innrettinga av jordbruksavtalen med prioritering av store bruk og volum har gitt effekt. Vi har auka matproduksjon, sa Dale og tok den sterke produksjonsauken i sauehaldet som eit døme.

 

Les meir frå møtet i komande utgåve av Bondevennen. Her skriv vi mellom anna om Christian Anton Smedhaug, i Agri Analyse, sin analyse om kva som er rammevilkåra for å oppretthalde norsk matvareproduksjon.