Peder Skåre (t.v), og Per Johan Bakker i Landkreditt SA, og Aksel Fiskaa i Landbruksforsikring AS (midten) har etablert seg med kontor på Særheim.

Peder Skåre (t.v), og Per Johan Bakker i Landkreditt SA, og Aksel Fiskaa i Landbruksforsikring AS (midten) har etablert seg med kontor på Særheim.

Landbruket sine eigne finans-, bank og forsikringsselskap, Landkreditt SA og Landbruksforsikring AS, er siste tilveksten til landbruksklynga på Særheim.

Eirik Stople

Samvirkeføretaket Landkreditt SA, med hovudsete i Oslo, etablerte seg i Rogaland i 2013 med finans- og bankverksemd. Nå er også Landbruksforsikring AS på plass i filialkontoret på Særheim.
Kontoret har tyngdepunktet i Rogaland, men servar bønder frå Vest-Agder til og med Sogn og Fjordane, avhengig av type tenester.
Bondevennen har møtt Peder Skåre i Landkreditt Bank AS, Per Johan Bakker i Landkreditt Finans AS, og nyleg tilsett, Aksel Fiskaa, i Landbruksforsikring AS.
– Det er ikkje tilfeldig at Landkreditt og Landbruksforsikring etablerer seg på Særheim i Rogaland. Her er det store landbruksmiljøet i Norge, og vi forventar synergieffektar av å vera ein del av det store fagmiljøet i Rogaland Landbrukspark, seier dei.

Tilbyr forsikring

– Vi tilbyr ein komplett forsikringspakke og som ein utfordrar i marknaden gir vi bøndene eit alternativ, fortel Aksel Fiskaa.
I dag har Landbruksforsikring AS to til tre prosent av forsikringsmarknaden i landbruket.
– Vi har siste åra hatt ein betydeleg vekst, og målet er å vekse vidare i dette segmentet. Derfor har Landbruksforsikring valt å etablere seg på Jæren. Fiskaa reknar med draghjelp frå Landkreditt si etablerte bank- og leasing verksemd i våre område.
– Kva legg du mest vekt på?
– Forsikring handlar om å trygga liv og verdiar. Sikkerheit for familie og tilsette vil alltid ha størst merksemd. Då må vi tenke førebygging, der kvalitetssikring av el-anlegg og brannvarsling er det viktigaste, fortel Fiskaa.
Han understrekar det alvorlege faktum at det kvar einaste dag brenn ein driftsbygning i Norge.
Bøndene er sjølvstendig næringsdrivande. Dei må alltid tenke risiko og ha økonomisk dekning for uføresette situasjonar.
– Sjukdom og skilsmisse er blant dei største økonomiske risikofaktorane i landbruket, seier Peder Skåre.

For alle

– Sjølv om vi er eit selskap som er eigd av Landkreditt og dei store samvirkeføretaka i Norge, er vi eit selskap av bønder og for bønder og tilbyr våre tenester til alle bønder, understrekar Aksel Fiskaa.
– Korleis legg de opp arbeidet?
–Det er omdømmet, den samla opplevinga av tillit og pris, som er avgjerande. Mykje av tida blir nytta ute hos bøndene. Felles kjennskap er ein fordel for både bank og kunde, understrekar Peder Skåre.
– I arbeidet med å teikna forsikring er det viktig at eg er ute. Eg vil sjå på risikoen for dei objekta eg skal forsikre. Dessutan er det viktig for meg å treffe folka, seier Aksel Fiskaa.

Stor aktivitet

– Eg har ikkje opplevd så stor utlånsaktivitet som i siste halvår 2015, fortel Peder Skåre. – Frå 1. januar 2014 til 31.desember 2015 har Landkreditt auka utlåna til Rogalandsjordbruket frå 560 millionar til 1.200. millionar kroner.
Også innan leasing er det ein sterk vekst.
– Her går det mest i leasing av utstyr til innandørs mekanisering (Imek), fortel Per Johan Bakker.

Veldig mykje går bra

– Vi har fått ein betring av økonomien i storfekjøttproduksjon og dei som driv godt tenar pengar i mjølkeproduksjonen. Svinebøndene er nøgde. Med marknadsbalanse tar dei ut målpris, og kraftfôret har hatt ein moderat prisauke. Utfordringa ligg på fjørfe. Eggprodusentane har redusert økonomi på grunn av overproduksjon og for kylling er det dramatisk, summerer Peder Skåre.
– Mange er blitt store. Då blir det svært avgjerande å lukkast med produksjonen. Kontroll på både inntekter og utgifter er nødvendig, avsluttar bankmannen.