Biletet er teken frå www.bjerkreimsmarken.no

 

 

Under Bjerkreimsmarknaden siste helga i september står livdyrauksjon, kåring av vêrlam, sal av lokal mat, hesteriding, rasehøns, kaninutstilling og brevduer på programmet.

 

Jofrid Åsland
– Det som er litt spesielt denne gongen er at me skal ha ein dreng som konferansier, røper ordførar i Bjerkreim, Marthon Skårland, om haustens marknad.
Ein av bygdas ungdomar, som har vore med på Bjerkreimsrevyen, skal dressast opp som dreng. Ordføraren meiner «drenjen» vil passe inn i ein jordbrukskommune, og håper figuren kan nyttast i åra framover.

Tradisjonelt landbruk

Skårland er oppteken av at marknaden skal halde fram med å vere ei landbruksmesse. Han trekk fram livdyrauksjonen, der det vert auksjon av mjølkekyr og kviger.
– Auksjonen har slått godt an før. Den er med på å sette jordbruket på kartet, seier ordføraren. Han trekk òg fram kåring av vêrlam, og sal av lokal mat. Mange har vist stor interesse for dei lokale matvarene tidlegare år.

Eit håp om saueklipping

I 2008 var verdsmeisterskapet for saueklipping del av marknaden, og trakk mykje folk. Skårland håper marknaden neste år kan få arrangere noregsmeisterskapet i saueklipping.
– Nokre dagar i september sett me Bjerkreim på kartet. 13.000 – 14.000 besøkande er vanleg. Det er eit stort arrangement for ein kommune med 2.850 innbyggarar, seier Skårland.
Han understrekar at marknaden er basert på mykje dugnadsinnsats frå kommunens innbyggarar, og opplever at folket er positive til landbruksmessa. Overskotet kjem innbyggarane til gode i form av støtte til lag, organisasjonar og tilbod i kommunen.

 

For utfyllande program, klikk her.