Mat-og landbruksminister Sylvi Listhaug på besøk hos Jone Wiig i Klepp.

Mat-og landbruksminister Sylvi Listhaug på besøk hos Jone Wiig i Klepp.

– Landbruket treng endringar og jordbruksavtalen er overmoden for forenkling, sa vår nye landbruks- og matminister, Sylvi Listhaug, FrP, i samband med fylkesbesøket i Rogaland nyleg.

Eirik Stople

Kva målsetting har du for landbruket for dei fire åra som ligg framfor oss, Sylvi Listhaug?
– Mitt mål er eit levande landbruk i heile landet. Noko av det viktigaste for oss er å styrka eigedomsretten. Vi ønskjer å gi forutsigbarhet for næringa og å legge til rette for gode investeringsordningar. Vi må også legga til rette for ordna fritid, utan det vil ikkje dei unge gå inn i landbruket. For å kunne auke matproduksjonen, må dei som ynskjer det, få drive stort.

Er det behov for endringar i jordbruket?
– Ja, jordbruket treng endringar, og ikkje minst avtaleverket er overmodent for å forenkle. Eit visst tollvern og støtteordningar er verkemiddel som muleggjer landbruk i heile landet.

Når vil vi sjå endringane?
– Gjeldande jordbruksavtale ligg fast. Eg har allereie sett i gang ein gjennomgang av ordningane, som førebuing til neste års jordbruksavtale. Dette inneber også ein gjennomgang av det eg opplever som eit svært rigid marknadsreguleringssystem.

Kva ligg det i at du vil styrke eigedomsretten?
– Det viktigaste er å fjerne ordninga med priskontroll ved sal av landbrukseigedomar, og oppheve delingsforbodet. Vidare må bonden i langt større grad få bestemma over eigen eigedom. I dag er grunneigarane underlagt for sterk regulering av offentlege myndigheiter.

Kva med frislepp av produksjonen og strukturendringane i landbruket?
– Dette er ikkje noko nytt, jfr. nedleggingstakta dei siste 8 åra under raudgrønt styre. Endringane vil halda fram som ei naturlov, kall det gjerne tyngdekrafta.

Kven er det først og fremst som vil påverke kva politikk du vil føre?
– Det er viktig å vera ute og sjå og lytte til dei som er i næringa, slik som i dag. Elles tek vi omsyn til samarbeidsavtalen med KrF og Venstre, og sjølvsagt ligg regjeringserklæringa i botn for regjeringa si politikkutforming. Dessutan er eg oppteken av å lytte til forbrukarane. Til sist må eg sjå alt i ein samanheng.

Innspel frå gardsbesøka
– Vi har ingenting å gå på når det gjeld tollvernet, var klar tale frå gartnar Jone Wiig, som saman med familien driv stort i frilandsgrønsaker og veksthusproduksjon på Orre. Listhaug fekk innsikt i eit topp moderne gartneri, kor agurk- og tomatproduksjonen, blir driven utan bruk av kjemiske plantevernmiddel. Statsråden oppsummerte med at dette var eit svært interessant besøk, og at det var fyrste gang ho var i eit så stort veksthus. Ho såg fram til å møte representantar frå grøntnæringa for å høyre meir om behovet for tollskjerming og anna.

På Årsvoll i Sandnes fekk landbruksministeren møte Sindre Årsvoll, som har investert i lausdriftsfjøs med mjølkerobot og har ein mjølkekvote på 410 000 liter. – Dette er kjekt å sjå, slike treng vi fleire av, sa Listhaug.
Også her tok ho opp mantraet om forenkling av regelverk og styrking av eigedomsretten. I spørsmålet om eigedomsrett og prisregulering fekk statsråden motbør frå Årsvoll.
– Oppheving av prisreguleringa er ein politikk for dei som legg ned og går ut av næringa, sa den unge sandnesbonden. Han minna statsråden om at matjord ikkje er eit spekulasjonsobjekt.
– Eg har eit forvaltaransvar, jorda som eg dyrkar har eg på lån, og den skal overleverast til neste generasjon i betre stand enn då eg overtok den, kom det fast frå Årsvoll. Også han minna statsråden om behovet for langsiktige, stabile rammevilkår, der ein ikkje kjem utanom eit solid tollvern.