Snart kjem ho!: Det nye regionale miljøprogrammet i Rogaland slår eit slag for vipa. Vil du pløye ei stripe for vipa, er det midlar å hente.
Foto: Dreamstime

No kan du søkje Fylkesmannen i Rogaland om to nye tilskot til å invitera fleire vener med vengjer til gards.

Bothild Å. Nordsletten

– Dette er ikkje eit tilskot til meir ugras, men for biomangfald, understrekar Monica Dahlmo, seniorrådgivar i landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Det er den nye tilskotsordninga for å styrke bestanden av ville pollinerande insekt ho siktar til. Humler, bier og andre småkryp likar villniss, samt mange av dei vekstane som bonden opplever som ugras. Geitrams, til dømes. Har du sonar på, eller like ved jordbruksarealet ditt, gjerne skrinne, ugjødsla skrentar der selje, raun og markblomar trivst, kan du få 40 kroner meteren til å halda dei ved like eller så i veleigna frøblandingar. Støtta blir gitt over det nye, regionale miljøprogrammet (RMP) i perioden 2019-2022.

Monica Dahlmo og Erik Steen Larsen

Håpar på aksept

– Tiltaket er inspirert av den nye, nasjonale pollinatorstrategien. I det intensive Rogalands-landbruket treng me lommar med meir mangfald. Me vil ha heile fylket med. Det er viktig at flest mogleg bønder finn område der dei legg litt ekstra til rette for biomangfaldet, seier Dahlmo.

Ho vedgår at støttesummen ikkje er så høg.

– Dette er ei forsøksordning, som aldri før har vore prøvd i Noreg. Me håpar den skal få stor aksept ute i miljøet. Det kan også vera positivt for omdømet til landbruket, å styrka bidraget til biomangfaldet.

Fylkeslandbruksdirektør Geir Skadberg er spent på responsen.

– Dette handlar om globale utfordringar. Alle kan bidra. Sjå deg om – kva kan eg bidra med på min gard?, spør Skadberg retorisk.

Ei stripe for vipa

I same ande innfører dei nye RMP-midla også eit nytt tilskot for å ta vare på den folkekjære, men truga vipe-fuglen. Vipetilskotet blir førebels ei forsøksordning berre i Time kommune på Jæren, der det flaksande, svartkvite vårteiknet også prydar kommunevåpenet. Du kan søkje om tilskot til å pløye opp ei sone rett ved eller inntil eit innmarksbeite, der fuglen kan hekke. Sona må vera på minst to dekar, gjerne meir, og (obs, obs!) pløyinga må vera unnagjort før 1. mars. Området må ligge urørt fram til 1. juni. Satsen er på 800 kroner per dekar, og du kan få støtte til maks 20 dekar.

 

Også beitedyr: Selja er livsviktig for humla når ho vaknar skrubbsvolten etter vinterdvalen.
Foto: Istock 

Funkar på kontinentet

– Bakgrunnen for dette tiltaket, er at me ser at vipa er sterkt truga. Mange stader har bestanden kollapsa, slik som på Lista, seier rådgjevar Erik Steen Larsen.

Stoda er likevel ikkje heilsvart. Steen Larsen viser til at liknande tilskot fungerer bra for å styrka vipebestanden andre stader i Europa, til dømes i Tyskland og Storbritannia.

– Kvifor skal de då berre gi tilskot til bønder i Time?

Dahlmo svarar.

– Vipa er typisk Time. Me prøver det ut her for å vinna erfaringar. Verkar det, er me ikkje framande for å utvide satsinga.

Les meir om RPM-midla på: www.fylkesmannen.no/Rogaland
Søknadsfrist: 15. oktober

 


 
Frode Ødegaard, førsteamanuensis ved NTNU, er ein av landets fremste ekspertar på insekt. Han gler seg over pollinator-tiltaket til Rogaland Fylkeskommune.

– Eg støttar tiltaket. Dersom bøndene skal gjera dette mest mogleg effektivt, så vil det vera å sette av areal til blomstereng. Unngå å fjerne seljetre. Bevar strukturar med gamalt treverk eller gamle murar, som kan fungera som buplassar. Og stell pent med sandområder på eigedomane.