Redaktør/Dagleg leiar i Bondevennen
Det landbruksfaglege tidsskriftet Bondevennen blei starta i 1898 og har vore i samanhengande drift etter det. Bladet har ein solid posisjon som fagblad og talerøyr for landbruket og bygdene. Nedslagsfeltet er frå Sunnmøre i nord langs kysten til og med Telemark, med tyngdepunkt i Rogaland, Agderfylka og Sunnhordaland. Det er ellers abonnentar i heile landet.
Bladet går ut i eit gjennomsnittleg opplag på rundt 7 000, med 40 utgåver i året. Utgjevar er Bondevennen SA, eit selskap ått av Felleskjøpet Rogaland Agder, Nortura og TINE. Det er åtte tilsette i verksemda.
Vi tilbyr ei spennande og krevjande stilling i nær kontakt med det aktive landbruket på Sør- og Vestlandet.
Søkjarar bør ha høgare utdanning, vera skriveføre og ha solide kunnskapar om landbruket og livet i bygdene.
Erfaring frå dagleg leiarskap og personalhandtering er naudsynt.
Arbeidsoppgåvene som ligg i stillinga, er allsidige. Dette inneber journalistisk verksemd, administrasjon og økonomistyring og leiarfunksjon for sju tilsette.Sekretærfunksjon for styret og oppfølging av vedtak der høyrer også med.
Kontorstaden er Stavanger, løn og andre vilkår etter avtale.
Interesserte kan ta kontakt med styreleiar Ivar Kvinlaug, tlf. 909 52 613/38 35 52 48, eller redaktør Eirik Stople tlf. 976 06 969/51 88 72 60, for nærare informasjon.
Søknadsfrist. 15.august 2016
SØK HER!