Bilde frå leiarmøte

Engasjerte medlemmar i Hordaland Bondelag, på brygga i Rosendal.


 
Talkshow og beredskaps­planlegging var på dagsorden då Hordaland bondelag arrangerte leiarmøte i Rosendal 20.-21. oktober.


Bothild Åslaugsdotter Nordsletten


Politisk arbeid, næringspolitikk og bonden som ressurs i lokal beredskasplanlegging, var nokre av tema som engasjerte då 40 lokallagsleiarar, styre-og æresmedlammar møttest i haustvakre Rosendal. Gjester frå mellom anna Tine, Nortura, LNR, Kvinnherad kommune og Bondevennen, var også til stades.
– Eit viktig møte for å følgja med på kva som skjer i fylkesstyre, meinte Ann- Jorunn Farestveit, leiar for 22 medlemmar i Modalen Bondelag. – Her får eg input og signal som eg tek med meg til eige lag.
Fylkesleiar Frøydis Haugen meiner leiarsamlinga fyller fleire funksjonar: – Møtet er viktig for nye lokallagsleiarar som får møte organisasjonen og fylkeslaget. Det er viktig for dei erfarne lokallagsleiarame som får inspirasjon til nytt arbeidsår og for oss i fylkeslaget, som kommunikasjonskanal. Me nyttar møtet som opplæringsarena for alle nivå i organisasjonen og vektlegg særleg nettverksbygging, sa Haugen.


Tilstades var også leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. Han fekk bryne seg på fleire openhjartige spørsmål frå salen. – Leiarmøta er ein viktig arena for organisasjonsarbeid, for å bygge kunnskap om landbrukspolitiske spørsmål, sa han til Bondevennen. – Medlemmane i Hordaland er opptatt av marknadsregulering og regulering av omsetting av melkekvotar. Dei er også opptatt av verkemidla må treffa det mangfaldet av særleg små-og mellomstore bruk som finns her i fylket, slo han fast.


Æresmedlem Nils T. Bjørke fekk heiderspris frå ei samla næring for sin 16 år lange innsats som tillitsvald for vestlandslandbruket.