BN+

Stadleg vurdering: Andreas Mickelson og Elling Mjaavatten har lang røynsle i å vurdere jordkvalitet, basert på å sjå og kjenne på jorda. Alle vurderingar vert gjort på staden, og data vert lagra digitalt.


For første gong vert jordsmonnet på Vestlandet kartlagt. Det er viktig kunnskap med tanke på jordvern og klimatilpassing. – På eit vis er dette ei jordvern-kartlegging, seier NIBIOs folk på åkeren.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Ei gruppe jordkartleggjarar frå Nibio jobbar seg gjennom eng og åker i Voss, den første jordbrukskommunen i Vestland fylke som får jordsmonnet kartlagt. Overalt vert det laga stikk i jorda, for å sjå og kjenne på kva som ligg gøymt under torva.


– Så djupt har eg ikkje kome før, i alle fall ikkje i år, seier feltansvarleg Elling Mjaavatten, litt andpusten etter å ha skrudd jordboret ein meter ned i bakken.


Han dreg opp ei god handfull jord, litt gråare i farge enn jorda på halvmeters djupn.


– Den første halvmeteren er me nøye på, og det er spesielt viktig å bedømme tekstur i topplaget. Lenger ned er det meir grus og stein. Etter 60 centimeter byrjar ein å sjå endringar, til dømes rustflekker som tyder på dårlegare drenering når ein nærmar seg fjell, seier Mjaavatten.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: