Smal(e) litteratur: Inger Størseth Haarr sit i leiarsetet for første gong når årets Jorddøgn litteraturfestival går av stabelen. Tema er sau. Foto: Guro Næss Ebbesen

Den jærske litteraturfestivalen Jorddøgn går av stabelen 17.-19. mars på Bryne. Årets tema er sau. – Logisk, seier festivalleiaren.

Jane Brist Sande

Inger Størseth Haarr er festivalleiar for første gong når Jorddøgn litteraturfestival skal arrangerast for tredje gong.

– Eg er jo spent på kor mange som kjem. Men mest av alt gler eg meg, seier ho til Bondevennen.
Jord og jordbruk er overordna tema for den Bryne-baserte litteraturfestivalen som gjekk av stabelen for første gong i 2021. Årets tema for festivalen er sau.

– Sau og litteratur er ei logisk kopling, seier Haarr.

– Sauen er eit av dei eldste husdyra, den har levd tett på menneska sidan før det eigentlege jordbruket. Og det er noko med sauen og sauehald som kan trekkje tankane mot store, ur-gamle ting.

Så går det mot vår og lemming, og i sauefjøsa skjer eit intenst, stort livsdrama, der nytt liv blir til. Det har mykje kraft i seg, seier festivalleiaren.

– Og så kjem sommaren, og sauen vert sendt opp til den store, høge heia, til eit vilt og poetisk liv, smiler Haarr.

Me treffer òg titt sauen i mytar og eventyr.

– Faktisk er sauen det dyret som vert nemnt oftast i Bibelen. Der er lammet mellom anna eit symbol på det gode, snille og uskuldige – men det kan òg verte eit offerlam, som vert ofra for å gjere godt igjen noko som menneska har gjort feil. Og på den andre sida har me fortellingane om det svarte fåret, den som er litt annleis og dermed mistenkeleg, seier Haarr.

Og som mennesket er sauen eit flokkdyr, påpeiker ho.

– Derfor kan den vise spenninga i det å vere ein del av ei gruppe: På den eine sida det å vere trygg og på innsida, og på den andre sida trongen til å vere eit individ som kan gjere sine eigne val – men med risikoen om å ende opp som det svarte fåret.

I eldre litteratur er handlinga gjerne sett til eit bondesamfunn, med sauen til stades på ulike vis.

– I dag lever me litt lenger frå, og det er mykje mindre «bondelitteratur» enn før. Men med festivalen vår håper me å inspirere til at jordbruket og sauen igjen vert stoff til nye fortellingar, seier Haarr.

Sauekafé og saueprat

Festivalprogrammet byr på litterære samtaler, opplesingar, barnearrangement, tur, debatt og fåredrag. Haarr er ikkje i tvil om kva bønder bør få med seg.

– Eg vil i alle fall trekke fram fredagens arrangement; Heilaften på Lyngen gard. Her samlast me i den ombygde løa hjå Gudmund Edland, som skriv i Bondevennen.

– Det einaste eg er uroa for med den tilrådinga, er at billettane allereie er utselt innan dette bladet når fram til lesarane.

Sau og sjel

Men ivrige festival-bønder får fleire sjansar i løpet av helga. Haarr trekker særleg fram Jorddøgn-samtalen «Sau og sjel».

Bragepris-vinnande forfattar og sauebonde Tore Kvæven og Stian Ravndal, lærar og formidlar på Garborgsenteret, møtest til samtale om – ja, nettopp – sau.

Kvæven, som kjem frå Sirdal og har drive med sauehald i fleire år, skal snakka om sauen sine kår både i og utanfor litteraturen. Ravndal på sin kant har støvsuga bokhyller for sauelitteratur og halde fleire føredrag om temaet. Sauebonde og Jorddøgn-medarrangør, Torvald Hadland, skal leie samtalen.

– Etterpå er det sauekafé. Me serverer heimelaga lammegryte, og håpar på mykje god sauedrøs. Velkomen!

På billettsank?
Sjekk heimesida til festivalen; www.jorddogn.no