Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning

 

Rogaland Landbrukspark SA hadde nyleg årsmøte på Særheim i Klepp. Dei 9 medlemsbedriftene innan utdanning, FoU og rådgjeving har kvar sin representant i styret. For komande år vart professor Dag Jørund Lønning (rektor ved HLB) valt til leiar, og Helga Hellesø (leiar NLR Rogaland) nestleiar.

Rogaland Landbrukspark vart oppretta som eigen organisasjon i 2012, og er i dag Norges største kompetansesenter innan Landbruk. Dei vel 140 tilsette er fordelt på kompetansebedriftene: Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), Vinterlandbruksskulen på Jæren, Øgsnevad vgs, Bioforsk Vest, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Norsk Landbruksrådgiving Veksthus, Tine Rådgiving, Klepp Rekneskapslag og Geno.

Rogaland Landbrukspark ynskjer å dekkja landbruket sitt behov for eit profesjonelt kompetansemiljø. Visjonen er at me gjennom samhandling om prosjekt, aktivitetar, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innan FoU, utdanning og rådgjeving vil skapa auka konkurransekraft for landbruket.

I året som har gått har det vore god aktivitet, og mange interessante prosjekt og nysatsingar har kome i gang i kunnskapsparken. Det har blant anna vorte jobba med ein Arenasøknad for Landbruket i Rogaland, med overskrifta: «Meir mat i matfylket – på ein berekraftig måte». Dette prosjektet kan i det komande året vera med på å skapa ei endå meir samlande og sterkare landbruksnæring i Rogaland.

Rogaland Landbrukspark