God rådgiving: NLR-rådgivar Lise Austrheim har vore ein viktig støttespelar for Helge Arne Espeland.

– Slangespreiing og samarbeid om maskinar er viktig for økonomien i grovfôrproduksjonen – og for motivasjonen til å bli betre agronom, seier Helge Arne Espeland.

Liv Kristin Sola

Mjølkebonde Helge Arne Espeland frå Jondal i Hardanger, var hyra inn for å summere sine erfaringar frå Grovfôr 2020. Han karakteriserer dei tre åra som utfordrande og kunnskapsbyggande.

– Eg må ha mål som synleggjer kva eg kan gjere noko med – i motsetning til politikk og krav frå varemottakar som eg ikkje rår over, seier Espeland.

Handtering av husdyrgjødsla og effektiviteten i maskinparken er to faktorar som i stor grad dreg opp grovfôrkostnadane blant deltakarane i Grovfôr 2020. For bøndene i Jondal, er dette løyst med eit unikt samarbeid.
Allereie i 1994 gjekk dei åtte bøndene i lag og investerte i felles utstyr for slangespreiing. 25 år seinare samarbeider dei om alt av maskinar og reiskapar som trengst til dyrking og slått.

– Ved kjøp delar me likt. Så er dei rause og brukar skjønn. Dei som nyttar maskinane mest, tek mest vedlikehald og reparasjonar, seier bonden.

Med 290 tonn i kvote, 250 dekar fulldyrka jord, 40 dekar innmark og ein god del utmarksbeite, klarer Espeland seg med ein traktor. Resten av utstyret er mindre og rimelegare reiskap, som skuffer, steinsvans og liknande.

– Maskinsamarbeid gir store økonomiske fordelar, men opplegget passar ikkje for «kranglefantar», seier Espeland.

Samarbeidet er også viktig for miljøet i bygda. I tillegg er det disiplinerande.

– Det går prestisje i å levere frå seg utstyret til rett tid og i god stand. Ein legg seg i selen og står på litt ekstra. Det er i mi interesse at dei andre lukkast.

Han meiner bruk av slangespreiar er fordelaktig for god agronomi og kostnadseffektiv grovfôrproduksjon. Dei kjem seg tidlegare utpå og utstyret har høg kapasitet. Når dei perifere areala skal gjødslast bestiller bonden lastebil og spreier med slange rett frå bilen. For Espeland er det viktig at også areala som ligg lengst vekk blir drive effektivt.

– Med slangespreiar er det mogleg, sjølv om teigane er små, bratte og kan ha tyngre jord, seier Espeland.

Med innebygd miksar får gjødsla ei god omrøring i kjellaren før utkøyring. Med ein totoms slange tilfører dei vatn rett på pumpa og justerer vassinnblandinga etter behov. Arbeidet vert avslutta med å spyle berre vatn gjennom systemet for å vaske slangar og utstyr.

Viktig for lønsemd i grovfôrproduksjonen på mitt bruk

  • Klare mål.
  • Langsiktige val.
  • Samarbeid om reiskapar.
  • Bruk av effektivt utstyr. Om timeprisen verkar høg vert det kompensert med høg effektivitet. Samanlikna med andre metodar som krev meir folk og lengre tid.
  • Eig berre éin traktor. Leiger ved behov.
  • Dyktige naboar og godt produksjonsmiljø – me driv kvarandre og det går bortimot prestisje i å ha grøne og fine bakkar. Eit godt produsentmiljø er drivande.
  • Dyktige og motiverande rådgivarar.

Mine tiltak for lågare gjødselkostnadar

  • Samarbeid om reiskapane.
  • Spreiing med slange.
  • Lastebil der eg ikkje kan bruke slange direkte frå kjellar.
  • Innblanding av vatn rett på slangen to toms slange rett på pumpa.
  • Tilskot til bruk av slange og nedfelling/blekksprut.

Mål for grovfôrdyrkinga: 2016 og 2019 er faktiske tal. Vest er faktiske gjennomsnittstal frå deltakarane i Vest i 2016. 2020 er mål Espeland har sett seg i samband med Grovfôr 2020.
– 2019 var eit godt fôrår. Det skal ein del arbeid til for å nå 2020 måla. Men mål er viktig som motivasjon til fortsatt jordisk arbeid, seier Espeland. – For du må sikte mot månen om du skal nå tretoppane, og du må ha lyst til å få det til, både på vegne av deg sjølv og naboen.

Stikkord denne saka: , ,