bv39_aktuelt2

Arne Stangeland (fremst i biletet) har arbeida med ullsortering i over førti år. Med seg på laget har han blant andre Jarle Idland (bak).

Nortura si ullavdeling på Forus tar gledelig imot ull frå sesongens sau og lam.
Her tar dei imot ull direkte frå produsentar, i tillegg til ulla som kjem frå slakteriet.

 

Jane Brit Sande, Bondevennen

 

– No i sesongen, får me ull frå om lag 10.000 dyr i veka, fortel arbeidsleiar Odd-Eirik Steen. Saman med sine tre kollegaer sortarar og klassifiserer dei ulla etter farge, sauerase, og lengde og tjukkelse på fiber. Totalt er det 16 forskjellige klassar.

Klassifisering

Når ulla skal klassifiserast inn i ein av dei seksten kategoriane, er det ingenting som er overlatt til tilfeldigheitane. Partiet med ull blir vege, og deretter sjekkar klassifisøren fibrane og reinleiken i ulla.
– Sjølv om ulla blir godt vaska før vidareforedling, kan ikkje ull med kutterflis, merkemaling, møll, eller ull som er filta, brukast til vidare produksjon. Derfor må den ulla kasserast, fortel Steen. – Skitten ull, kan gi eit pristrekk på 30-40 kroner per skinnfell.
Ulla, som er ferdig klassifisert, blir pressa til ein ullballe på 330-400 kg. Kvar ullballe skal vere av ull frå same klasse, og desse klassane kan ikkje blandast. Ullballane blir vegne, før dei blir lagra fram til dei blir sendt.

Ettertrakta ull

Den norske ulla er eit ettertrakta produkt, også utfor norske landegrenser. Sau og lam går ute i all slags vêr, noko som gjer ulla slitesterk, og med god spenst. Om lag 20 % av norsk ull blir igjen i Norge, og brukast til tradisjonelle strikkevarer som luer, vottar og genserar. Resten blir sendt til England, for vidaresending til resten av verda.

Leverer ulla sjølv

Hjå Steen og kollegaene kan produsentane levera ulla sjølv, eit alternativ Bjørn Høyland, Time, nytta seg av då Bondevennen var på besøk. Han leverte 85 sekkar med sjølvklippa ull frå om lag 300 sauer og lam.
– Høyland er medlem i Time Sau og Geit, og derfor får lokallaget utbetalt 85 øre per kilo ull han leverer her til oss, forklarar Steen.

Målretta drift

Ullavdelinga på Forus er den største av i alt sju ullavdelingar i Nortura sitt system. Dei er fem tilsette.
– Me arbeider med mål om å ha ei effektiv drift her på Forus Ullstasjon.
– Eit raskt oppgjer til produsentane er eit av dei store måla, avsluttar arbeidsleiar Odd-Eirik Steen.

bv39_aktuelt3

Bjørn Høyland, Time, leverte 85 sekker med ull. 300 sauer og lam er no nyklipte.