DSC_1544

Birte Usland og Brit Mjåland inviterer folk til å produsere mat i Mandalen Andelslandbruk. Andelsbøndene vil nok sjå litt til Tiril, bondespire og dotter til Birte.

 

Status i 2016 er 50 andelsgardar og 3.000 andelsbønder. I Marnardalen kommune går to bønder saman og dannar Sørlandets største andelslandbruk.

 

Jane Brit Sande

 

Brit Mjåland og Birte Usland haldt tre informasjonsmøter om planane og ideane for Mandalen Andelslandbruk. I Kristiansand, Mandal og Marnardal møtte nyfikne bondespirer opp for å høyre kva dei driftige damene ville i gong med.

To bønder, eit andelslandbruk

Brit og Birte stiller seg begge til disposisjon til andelslandbruket.

– Etter kva me veit, er dette første gong to bønder går saman og dannar eit andelslandbruk, fortel dei.

På garden til Brit har det vore økologisk drift så lenge ho har drive garden. No er ho ein av få i landet som produserer økologiske jordbær. Andelslandbruket vil dyrke grønsaker og urter hjå ho. Birte er mjølkeprodusent, og vil levere kjøt frå frittgåande gris og kjøt frå «grass-fed» storfe, altså storfekjøt produsert utan kraftfôr.

– Andelsbøndene får tilbod om kjøtpakkar på kring 40 kg, med varierande innhald, slik at heile dyret blir nytta, sa Birte, noko som vart godt motteke blant dei frammøtte. Fleire var klar til å ta fatt på utfrodringa, og såg tydeleg fram til å lære meir om betre utnytting av ressursen.

– Andelstakarane kan sjølv velje om dei vil ha ein av andelane, eller begge deler, fortel bøndene enagsjert.

Startar opp

Vinteren har reist, og det er tid for dyrking hjå Brit. Mandalen Andelslandbruk blir sparka i gong i desse dagar. Det blir organisert som eit forbrukarstyrt samvirke, der Birte og Brit sender rekning til andelslanbruket på produkt. Ei kjernegruppe eller et styre vil fungere som bindeleddet mellom bøndene og andelseigarane.