BN+

– Dagens jordbruk er diverre jordforbruk. Det kan gje store konsekvensar for mattryggleik, klima og miljø, åtvarar Silja Valand, rådgjevar i NLR Viken. På Voss rustar bøndene seg til klimakamp, med bygging av matjord som fremste verktøy.


Anne Rivenes, 
frilansjournalist Voss


God jordstruktur gjev betre økonomi og gjer drifta meir rusta for klimaendringar. Det var vinklinga på «Fagmøte om jordhelse» på Voss 2. april, eit samarbeid mellom Voss kommune, Landbrukets Økoløft og Norsk Landbruksrådgjeving Vest. Eit av klimatiltaka Voss kommune har valgt, er regenerativt landbruk.


– God levande jord er grunnlaget for eit bærekraftig landbruk. Og Voss har mange flinke bønder som er i stand til å ta til seg ny kunnskap, sa Kari Mostad i Voss kommune si næringsavdeling.

Mister mold og karbon

– Einsidig åkerdrift gjer at mykje mold går tapt. No er me på grensa. Jorda er mindre robust, og taklar ikkje påkjenningar som streng turke eller mykje nedbør. Matjord-problematikken samanfell med klimautfordringane, så å retta innsatsen her er vinn-vinn. Levande matjord vil gje sikrare matproduksjon, seier Silja Valand, rådgjevar i NLR Viken.


NIBIO slår fast at norsk kornproduksjon har ti prosent lågare avling enn sitt potensial grunna redusert moldinnhald. Ein naturleg stad å byrja, når ein samstundes veit at Noreg har som mål å auke eigen matproduksjon med 20 prosent.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,