bv26_aktuelt

Våren kjem år etter år. Det sluttar aldri å fascinere Åse Ingebjørg Flateland.

 

Jane Brit Sande

 

Setesdølen veit godt kva det er med landbruket som forførar ho. Til tross for våte haustar og snøtunge vintrar kjem våren, og spirene med den.
– Det er så flott å sjå korleis jorda arbeider gjennom våren og sommaren, og roer seg heilt ned over hausten og vinteren. Me er heilt avhengige av at jorda starter arbeide igjen etter vinteren, slik at me får produsert mat. Det gjer jorda kvart år, seier Åse Ingebjørg entusiastisk.
Åse Ingebjørg driv gard på Løyland i Valle i Setesdal. Lenge dreiv ho med mjølk, og ho dreiv godt, Sølvtine og plakettar er komen til gards. No blir drifta lagt om, neste generasjon har sagt ifrå om at dei ikkje vil drive med mjølkeproduksjon.
– Med slitasjeskadar i skuldrar og kne såg eg ingen grunn til å halde fram med mjølka då dei sa ifrå. Eg trivst utruleg godt i fjøset, og skal fortsatt ha dyr på garden, men er i gong med å lære meg andre ting. I dag såg eg at lauken spirer, og eg er spent på korleis det kjem til å gå med potetene, fortel Åse Ingebjørg.
Det er fyrste gong ho prøver seg på lauk og poteter. Gode vener i potetbygda Reddal, Grimstad, kjem godt med når ein skal lære seg dette. Spørsmål får svar i løpet av ein telefonsamtale. I tillegg har ho fått bachelorgrad i Nyskaping frå Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling – ei utdanning ho skulle komme gjennom på deltid, men som blei fullført på normert tid likevel.
– Eg legg alltid for mange planar. Plan A, B og C er lagt tidleg på dagen. Eg likar ikkje stå utan noko å gjere. For meg er det viktig at eg alltid har ein plan B, i tilfelle plan A ikkje kan gjennomførast akkurat då, forklarar Ingebjørg. Ho har planen for kvelden klar: viss det ikkje startar å regne, skal ho slå gras på Rygnestad på kvelden. Det fekk ho gjort, altså. Plan B var det ikkje bruk for denne kvelden.

Handlar om meir enn maten

Nypoteter frå Reddal og badstue-røkt bacon, og mykje anna godt, er på menyen når Bondevennen er på besøk.
– Dette baconet har me røyka sjølv, fortel Åse Ingebjørg. For det røykas bacon i badstua på garden hjå syster hennar i Valle. For Åse Ingebjørg er mat meir enn mat, det handlar om heile den gode opplevinga.
– I helga gifta ho mellomste seg, og det var så utruleg flott å fortelje gjestene kvar all maten kom i frå. Eg tok nok litt styringa på maten, etter alle desse åra eg har hatt forskjellige verv i landbruket har eg fått gode kontaktar rundt i Agder-fylka, så det var ikkje vanskeleg å få tak i dei forskjellige råvarene, fortel Åse Ingebjørg.
Tradisjonsrik Setesdal-kost stod på menyen i bryllaupet, og Åse Ingebjørg skildrar det heile som ei oppleving; eit bryllaup der brudefølget hadde tradisjonelle Setesdalsdraktar, brura med brurestas og kronelaga av «gome», May-Lis Flateland, i samarbeid med Setesdalsmuseet, Hasla, og bunadnestoren Ingebjørg Vegestog Homme. Lokalet var ein låve som er bygd om til festlokale. Heile festen toppa med tradisjonskost av lokale råvarer og øl heimebrygga av brudeparet.
– Mat er så mykje meir, mat er ei oppleving og det er grunnleggande for vår eksistens, slår Åse Ingebjørg fast.
– Samfunnet har gjort det slik at prisen pressast på det me treng mest. Aksepten er feil, me har det for godt, held ho fram.
Åse Ingebjørg meiner det bør vere enkelt for alle, uansett, å få tak i ordentlig mat. Sjølv har ho snudd ryggen til posesupper og –sausar og ferdigmiddager. Ikkje fordi ho meiner den maten er skadeleg, men for å kontrollere inntak av salt og tilsettingsstoffer.

Ander for kulturlandskapet

Me traskar opp bakken til beitet der Åse Ingebjørg har kyrne sine. Rygnestad er ikkje kva beite som helst. Det er del av Rygnestad og Flateland, som er eit av 20 utvelde kulturlandskap, peika ut av Regjeringa i 2009. Vegen opp til beitet er lang og bratt, men Åse Ingebjørg klagar ikkje. Tvert om. Ho syner stolt fram kvar ho har dyra.
– Tenk at dette ein gong var ferdselsveg for dei som hadde dyra sine på desse beita. Ein heilt vanleg søndagstur for å sjå til dyra, kan Åse Ingebjørg fortelje om vegen opp. Ho er bevisst på tradisjonane og historia, med tydeleg respekt for slik det ein gong var.
– Siste nye er at eg har skaffa meg fire telemarkskyr, to av desse er reinrasa, fortel Åse Ingebjørg. No når ho sluttar med mjølk vil ho bruke garden og ressursane til anna. Livdyr og kjøtproduksjon frå kalv er planen. Ho leiker litt med tanken om genbevaring for telemarksku. Heime på garden har Åse Ingebjørg fem gimrer av spælsau på beite bak huset. Litt late, skal me tru det ho seier. Planen er å ikkje ha stort fleire enn det ho har nå, men dei skal gjere nytte for seg der dei er. Det er nok ikkje tilfeldig at det var spælsau som kom til gards.