Sjå heilskapen: – De skal danna dykk eit heilskapsinntrykk frå drifta når de er på tilsyn og ob-servera at dyra har det godt, det er det viktigaste, var blant råda veterinærstudentar og Mat-tilsynet fekk av Anne Kristin og Arnstein Røyneberg t.v. i biletet.

Å utføra tilsyn er ein del av veterinærutdanninga. På Røyneberg i Sola var alt på stell, men bøndene får likevel «eit stikk i hjarta» når det dukkar opp bilar i tunet med Mattilsynet sin logo.

Sjur Håland

– Det ubehaget skulle me svært gjerne vore forutan, seier Arnstein Røyneberg.

Det er vanskeleg å unngå å kjenne ubehag i møte med styresmaktene sine kontrollorgan, parerer Mattilsynet.

– Når eg er ute på vegen og møter politiet, så støkk eg, uansett, seier Heidi Wulff, seniorinspektør i Mattilsynet.

Kurs i tilsyn

Det er duka for møte på fjøsgolvet. Veterinærstudentar møter det verkelege livet fleire gonger i løpet av studiet. For tida er sisteårsstudentane stasjonert ved NMBU si avdeling på Høyland i Sandnes. Her gjennomgår 20 studentar eit to vekers kurs i besetningsrådgiving og tilsyn. Førre veke møtte åtte av studentane bøndene Anne Kristin og Arnstein Røyneberg. Saman med studentane følgde to representantar for Mattilsynet. Seniorinspektør Heidi Wulff og Guro Myhrene, som er fungerande seksjonssjef planter og dyr i region Sør og Vest, avdeling Sør- Rogaland, Sirdal og Flekkefjord.

Dei Røyneberg si drift er organisert som samdrift med 400 storfe, kor 80 av desse er mjølkekyr. Kvoten på 750.000 liter blir mjølka i to robotar. Studentane fekk god tid på runden gjennom fjøset saman med Mattilsynet sine representantar. Problematikk med fuglar, utfordringar kring jurhelse, rutinane med klauvskjering og oppstalling av spedkalvane i hytter, var blant mange tema som studentane var opptekne av.

– Korleis fungerer kalvegøyma med denne innreiinga, spør ei av studentane. Bøndene tek med seg god tid til å dela deira erfaringar med dei komande veterinærane.

Treng gode folk

Tilsynet var varsla. Anne Kristin og Arnstein Røyneberg stilte opp som besøksvertar etter oppmoding frå Rogaland Bondelag.

– Å få besøk av studentar som vil satsa på ei karriere med produksjonsdyr er bra. Me treng gode veterinærar, og me treng gode folk i Mattilsynet, understrekar Røyneberg.

Dei to bøndene forklarte til studentane at både landbruket i Rogaland og Mattilsynet har vore gjennom ei turbulent tid.

– Langt frå alt som har vore framme i media har vore kjekt. Me bønder er heilt avhengige av å ha eit Mattilsyn som me har tillit til. 90 prosent av inntekta frå dette bruket kjem frå marknaden. Her er forbrukartillit eit nøkkelord. Då treng me Mattilsynet. Det er bra at både landbruket og Mattilsynet nå jobbar med å oppretta tilliten seg i mellom, seier Røyneberg.

Må gi beskjed

Bonden held fram at også bøndene må gjera sin del av jobben som storsamfunnet ventar. Han understreka overfor veterinærstudentane at dei må gi tydeleg beskjed når ikkje alt er som det skal vera.

– De skal danna dykk eit heilskapsinntrykk frå drifta når de er på tilsyn og observera at dyra har det godt. Det er det viktigaste.

Bekymringsmelding

Røyneberg har sjølv opplevd å få uvarsla besøk etter ei bekymringsmelding for mange år sidan. Han fortel til studentane om ei ku som hadde betennelse i ein fot og vart behandla ute. Vurderinga var at kua hadde det best på den måten. Anne Kristin og Arnstein Røyneberg bur bynært. Nokon reagerte på den sjuke kua og varsla Mattilsynet.

– Det var ei oppleving som sit i kroppen. Eg hugsar kor eg var då telefonen ringde. Det seier noko om sinnstilstanden eg var i. Om Mattilsynet held fram at det ikkje er unormalt å få eit avvik under tilsyn, opplevast det ikkje slik for min del. Eg vil helst ikkje ha avvik.

Guro Myhrene i Mattilsynet forklarer studentane at det er skil på varsla og uvarsla tilsyn. Når pålagde arbeidsoppgåver som prøvetaking gjeldande ringorm eller MRSA får aktuelle bønder beskjed om at Mattilsynet vil koma.

– Bøndene er opne, hyggelege og hjelper til slik at me får gjort jobben vår. Det blir heilt klart ei anna setting enn når me kjem på uvarsla tilsyn, som me er pålagd å gjennomføra, seier ho.

MT treng oppbakking

Myhrene ønskjer meir oppbakking frå landbruksnæringa når det gjeld uvarsla tilsyn, sjølv om tilsynet kan opplevast ubehageleg.

– Det er uvarsla tilsyn som gjeld, dette er nedfelt i EU-regelverket, seier ho.

– Me skal vera med å bakka dykk opp, men det er viktig at de set dykk inn i korleis bonden opplever å få Mattilsynet på gardsbesøk, seier Røyneberg.

Bøndene på Røyneberg hadde alt på stell.

– Men slik er det vel ikkje på eit uvarsla tilsyn, der bonden kanskje er i sjokk og har panikk for det som skal skje. Blir studentane kursa i den delen av kvardagen dykkar?

– På veg ut hit i dag snakka me om korleis vi går fram ved tilsynsbesøk. Det handlar om å presentere oss skikkeleg. Me fortel vidare om kvifor me har kome på garden, og understrekar at dei me er på besøk hos, har rett til å ha med seg vitne. Me skulle svært gjerne vore meir ute hjå den jamne bonden, slik at folk kunne blitt kjent med oss og erfart at det å få besøk er heilt ok. Nå blir det veldig mange besøk etter bekymringsmeldingar, med eit heilt anna utgangspunkt, seier Wulff.

Betre dokumentasjon

Myhrene fortel at dokumentasjonen frå Mattilsynet etter tilsynsbesøk, har blitt betre etter uroa den siste tida.

– For å trygge bonden, som lett kan gløyme kva som er blitt sagt og gjort under tilsynet. Vi skal alltid vere to på tilsyn, og vi skal legge frå oss god dokumentasjon om kva som har blitt sagt eller gjort før me reiser frå bruket. Det er kjempeviktig for å unngå mistydingar. Kommunikasjon kan vera utfordrande i ein tilsynssituasjon, slår ho fast.

Aldri heilt på same laget

Marit Epletveit

Marit Epletveit fortel til Bondevennen at Rogaland Bondelag har vore med å finna besøksgardar for veterinærstudentane etter initiativ frå Mattilsynet.

– Dette er jo varsla tilsyn. Me var opptekne av å finna greie gardar, der det ikkje var alt for mykje å peika på, med andre ord at gardane ikkje var «raudmerka» frå før, seier ho.

– Er det mogleg – eller eit mål – å få landbruket og Mattilsynet på same laget når det nå blir arbeidd med å oppretta tilliten etter bråket som har vore?

– Me skal aldri vera heilt på same laget. Dei skal utføra tilsyn hjå oss. Men eg håpar at hund og katt-tilstandane som har vore tek slutt. Me har ein god dialog på fylkesnivå, men det vil ta ei tid, og ting må gå seg til. Så håper eg at den eksterne granskinga (av Mattilsynet, journ.meld.) vil gi nokre svar på korleis rutinane kan endrast for at tilhøva mellom bøndene og Mattilsynet skal fungere betre framover.

Vil arbeide med produksjonsdyr

Marlen Langedal

Marlen Langedal er siste års veterinærstudent frå Florø. Ho pensar seg inn på ei karriere med produksjonsdyr, og kan dukka opp i eit fjøs i ditt nabolag ein gong med det første.

– Kvifor vil du arbeida med dyr som gris og sau?

– Fleire grunnar. Arbeid med produksjonsdyr gir ein variert kvardag. Med praksisen følgjer ein stor grad av fridom. Du kan vera din eigen sjef. Så meiner eg det er viktig med ein god matproduksjon i Norge. Eg er oppteken av bærekraft og god dyrehelse i matproduksjonen.

– Kvifor har de reist til Rogaland?

– Mest på grunn av at NMBU har ei avdeling på Høyland. Så er det jo nyttig å sjå korleis produksjonen går føre seg i andre deler av landet.

– Kva tenkjer du om den spesielle situasjonen Mattilsynet og Rogaland har vore i?

– Ovanfor dei bøndene me har besøkt har eg sjølvsagt teieplikt. På generelt grunnlag kan eg seie at også her er noko bra, og anna mindre bra. Men det er klart det finst tendensar til at produksjonen blir drive ulikt i forskjellige delar av landet.

– Men du har ikkje blitt skremd av det du har sett?

– Stort sett har me vore i gode besetningar, men me har også fått glytt inn i besetningar kor forholda ikkje er akseptable. På den andre sida har me sett nokre besetningar som har vore ekstraordinært gode. Heldigvis har me eit mattilsyn som er flinke til å ta tak der det trengs, men dei kunne med fordel ha fått løyvd fleire midlar for å kunne gjere enda meir.

Stikkord denne saka: ,