Kaste eller reparere? Mykje landbruksutstyr og –maskinar er proppa med data og elektronikk. Denne defekte hastigheitsregulatoren til ei fjøsvifte blir ikkje reparert, men skifta ut med ny. Foto frå Bondevennen sitt arkiv.

«Kast den og kjøp ny.» Er du blant dei som har fått denne beskjeden når ein dyr duppedings har brote saman, er du ikkje åleine.

Sjur Håland

I det minste er du i selskap med Geir Ingvald Svihus. Bonden frå Sandnes likar lite at ting som kunne blitt reparert for nokre få tusenlappar hamnar i det elektroniske avfallet, medan han ikkje får andre val enn å erstatta kaputt med nytt. Det er ikkje servicefolka som får pepar frå Svihus.

– Slett ikkje. Dei er flinke folk som gjer sitt aller beste ut frå deira kompetanse. Eg meiner toppane hjå Felleskjøpet og andre leverandørar ikkje må selja utstyr utan at dei har tilgang til folk som kan reparere, seier han.

Hjernen kollapsa

Etter eit 20 minutt langt straumbrot førre vinter, fungerte ikkje lenger måkeanlegget hjå Svihus. Servicemannen konstaterte etter å også ha sjekka med kollegar at hjernen i anlegget var øydelagt og måtte skiftast. Det heile til den nette summen av kroner 30-40.000 kroner, i følgje Svihus.
Bror hans, som er elektroingeniør, tok ein kikk, og oppdaga at grunninnstillinga hadde blitt forvirra av straumbrotet. Etter ny innstilling, fungerte måkeanlegget som normalt.
Ut på vårparten synte det seg at eit flowmeter tilhøyrande det fire år gamle slangespreiarutstyret ikkje virka. Måleutstyret hadde eit deksel som synte seg å ikkje vera vasstett. Flowmeteret kommuniserer med ein tilhøyrande skjerm i førarhytta på traktoren.

Geir Ingvald Svihus

– Servicemannen arbeidde nokre timar og prøvde å finna ut kva som var gale sidan det ikkje virka, utan å lukkast. Konklusjonen var; kjøp nytt.

Flowmeter på Voss

Eine sonen til Svihus reiste like til Voss for å få tak i delen, som dei fekk til innkjøpspris, 24.000 kroner.

– Servicen var den beste hjå både vår servicemann og forhandlaren i Voss, understrekar Svihus.

Dette skjedde i påsken. Etter høgtida tok igjen broren ein kikk på flowmeteret og oppdaga irr på nokre lause ledningar.

– Eg lurer på kvifor det ikkje var mogleg å finna feilen og skifta ut dei komponentane som eventuelt er øydelagde i staden for å få beskjed om å skifta heile greia? Det er ikkje servicefolka som ikkje gjer jobben sin. Han gjorde det han kunne og skulle, seier Svihus.

– Det som er galt er at Felleskjøpet og dei andre forhandlarane ikkje stiller krav til at utstyr som inneheld elektronikk skal kunna reparerast. Kvifor har dei ikkje desse mindre delane. Dette kan samanliknast med at eg må skifta heile gjødselvogna dersom eine hjulet blir øydelagd.

Hadde akseptert ventetid

Svihus seier han hadde akseptert ei ventetid på delane.

– Ja, eg kunne gjerne venta eit par dagar på både delar og reparatør. Men at delane ikkje kan fiksast og at eg får beskjed om å kjøpa nytt, vil eg generelt ikkje akseptera.

Han meiner at landbruket sine aktørar bør stilla krav til forhandlarane om at dei har folk som kan reparera.

– Eller dei burde hatt eigne tilsette med spesialkompetanse på data og elektronikk.

Landbruket bruker svært mykje elektronikk frå mange leverandørar.

– Alt for mykje av dette blir kasta. Utstyrsleverandørane seier dei satsar på ny teknikk. Det gjer dei ikkje. Dei tek utstyret inn, sel det og håper det fungerer. Dersom ikkje, får me beskjed om å kasta det. Slik vil eg ikkje ha det.

Felleskjøpets dilemma

Jostein Susort er ettermarknadssjef i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA). Han kjenner ikkje dei to tilfella hjå Svihus, men uttalar seg på generelt grunnlag.

– Første prioritet hjå oss er å få gang på det tekniske utstyret til bonden så rimeleg og effektivt som råd, seier han. Alternativ til utskifting, som inneber demontering og innsending av komponenten til leverandøren eller produsenten, er oftast ikkje reelle, meiner han.

– Då må du gjerne inn med reservekomponent eller du må akseptere at måkeanlegget eller ventilasjonen er ute av drift ei tid. Det er dette som er dilemma våre servicefolk står i, seier han.

Susort understrekar at FKRA arbeider kontinuerleg med å finna produsentane med det mest driftssikre utstyret.

Jostein Susort

– Kjenner du deg att i beskrivinga om at for mykje elektronisk utstyr blir kasta ved driftsstans – som elles kunne blitt reparert?

– Nei, eg kan ikkje seia at eg kjenner meg att. Men om du ser på den miljømessige sida med bruk og kast, er det noko anna, som også Felleskjøpet skal ta ansvar for.

Ettermarknadssjefen held fram at Felleskjøpet, saman med andre norske forhandlarar, er små aktørar i det store verdsbiletet.

– Om me ser føre oss at det til dømes blir produsert 30.000 einingar til ei i-mek styring, er det forsvinnande lite i høve til elektronikk/data til forbrukarmarknaden der det gjerne blir produsert 50 millionar einingar. Det er dette som er vår utfordring.

Heilt spesielt fagfelt

Data og elektronikk i maskinar og utstyr som blir produsert i ein smal landbruksmarknad, blir, i følgje Susort, kostbare samanlikna med masseproduserte varer som går ut på den globale marknaden.

– Må du skifta ein datamaskin tilknytt ei styring på ein maskin eller ei i-mek eining, vil den difor bli betydeleg høgare enn om du går på elektrobutikken og kjøper ein ny pc.

– Får servicefolka den kompetansen dei treng for å vurdera om utstyret kan reparerast og også eventuelt reparera utstyret?

– Ein serviceteknikar i landbruket er ingen dataingeniør og kjem nok heller aldri til å bli det, verken hjå oss eller hjå våre konkurrentar. Dette er eit fagfelt som er heilt spesielt. Kost nytte perspektivet må leggjast til grunn. Skal utstyrsleverandørane tilsetja dataingeniørar, blir prisen på sluttproduktet til bonden på eit heilt anna nivå enn i dag, seier han.

Små aktørar

Er leverandøren i Norge eller i Skandinavia, er prosessane enklare i høve til å stilla krav om delar, reparasjonsmoglegheiter eller annan oppfølging. Kjem komponentane frå Asia eller Sør-Amerika er situasjonen heilt annleis, forklarer Susort.

– Då blir me veldig små her oppe i Norge, med få einingar og lite me skulle ha sagt i høve til dei verkeleg store aktørane som kjøper inn store volum og som i større grad kan stilla krav til produsenten.

– Så då meiner du bonden må godta at ting må erstattast med nytt, sjølv om det kunne blitt reparert.

– Våre folk står dagleg i slike situasjonar kor me prøver å finna løysingar for å halda kostnadane nede hjå bonden. Det ligg loddeboltar i servicebilane, og mannskapet er trena i å leita etter feil og føreta reparasjonar på staden. Men når det kjem til datastyring og finelektronikk er kravet til utstyr og kompetanse på eit heilt anna nivå enn det me har. I nokre tilfelle kunne det kanskje vore lønsamt for bonden å få delen reparert, seier Susort.

– Men oftast vil eit slikt alternativ innebere at maskinen eller i-mek installasjonen må stå nede i dagar eller veker. Då blir einaste løysinga å skifta ut komponenten, seier han.

Stikkord denne saka: