2016 vart eit usedvanleg dramatisk år. 2017 kjem til oss gjennom ruinane av Aleppo, redsla etter terroråtak i Tyrkia og over eit Europa i villreie. Snart blir Donald president i USA og verda kjennest ny, på ugreitt vis. Her på berget hadde Urd og røyken etter fyrverkeriet knapt lagt seg, før 2000 ulvemotstandarar sette Oslo på hovudet. Oppfatninga av ei regjering som ikkje veit eller vil landbruket og distrikta sitt beste, vert forsterka av innhaldet i den nye landbruksmeldinga. Ja, og så kjem alle til å vera litt på tuppa fordi det er valår.

Me lever i urolege tider. Gamle sanningar har spørjeteikn både framme og bak. Det kan vera sunt, men også slitsamt når alt liksom flyt. Det rår ei kjensle av at me står innfor store slag, anten det gjeld globalisering, EU, innvandring, distriktslandbruk, terror eller klima. Mange søkjer livd og forklaring på ytste høgre fløy. Dei komande vala i Nederland og Frankrike, land me ennå likar å samanlikna oss med, blir uhyggjeleg spanande. Utfalla vil få mykje å seia for Europa si ryggrad og sjel. Truleg også for vårt politiske klima.

Mot dette lumske tablået var det interessant å lytta til Kong Harald sin nyttårstale. Han brukte tid på å stadfesta kor viktig det er å stå trygt i sitt eige. Det har Kongen rett i. På NRK sine nettsider kunne me nyleg lesa om familien Havåg frå Sunnmøre som har sett seg som mål å leva berre av norsk mat i eit år. Forbruksforskarar og daglegvarekjedane melder om sterk og veksande oppslutnad om norsk mat. Talet på innanlandsreiser har auka. Unge folk sår og syltar. Me opplever ei generell dragning mot det nære, meiningsfulle og opphavelege, anten det dreier seg om forbruksvarer eller kulturuttrykk.

Kan det vera spira til ein ny trend, ein slags forbrukarpurisme, me ser? Kjem behovet for det trygge og heimlege også til uttrykk som eit gryande, nytt nasjonalt medvit? Det er tidleg enno, men kanskje.

Svaret på framandgjering og uro treng ikkje vera mistru og polarisering. Me kan vera større enn som så. Landbruket produserer mjølk og brød, men også bygder, kultur og identitet. Samfunn, med andre ord. I Stortinget si komande handsaming av landbruksmeldinga dreier det seg om detaljar rundt melkekvotar, beitetilskot og marknadsregulering. I røynda handlar det om korleis distrikta og landskapet vårt skal sjå ut. Det handlar om kva Noreg me vil ha.

Folk søkjer meining, vil høyra til og vera til nytte. I ei kompleks verd framstår landbruket som eit godt samlingspunkt: Tradisjonsrikt og dynamisk. Skapande og meiningsfylt. Norsk og universelt.

Landbruk tangerer mange av dei spanande trendane i tida. Det burde gi styrke og borga for mange moglegheiter i eit nytt, turbulent år. Grip 2017!

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten