Illustrasjonsfoto frå Bondevennen sitt arkiv.

 

Føretak som er i driftsfellesskap kan, innan 1. mars i år, melde frå om dette til kommunen utan at det påverkar utbetaling av produksjonstilskot bakover i tid. Etter dette, signaliserer Landbruks- og matdepartementet at kontrollen av driftsfellesskap skal intensiverast. Vi vil derfor oppmoda alle føretak om å vurdera eiga drift no.

 

Lene Borsheim
Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksavdelinga
 
 
Ny forskrift om produksjonstilskot gjeld frå og med 01.01.2015, sjå eigen nyheitssak om denne. I søknadsskjemaet som gjeld for januar 2015 er det no ein rubrikk der søkjar skal svare på om han er i driftsfellesskap med andre føretak eller ikkje, og i så fall med kven.

Ny tidsavgrensa forskrift

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har no kome ut med «Forskrift om tidsbegrenset bortfall av konsekvenser som følgje av driftsfellesskap i jordbruket».  Forskrifta gjeld fram til og med 1. mars 2015. Forskrifta stadfestar at søkjarar som sjølv informerer kommunen om driftsfellesskap innan 1. mars 2015, ikkje vil få trekt tilbake tilskot som allereie er utbetalt for tidlegare søknadsomgangar. Dei vil og få utbetalt separate avløysartilskott for 2014. Sjå også nyhendesak om «Amnesti for ulovlig driftsfellesskap» på LMD sine nettsider og eiga side om «Amnesti for driftsfellesskap» på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Opplys om driftsfellesskap no

Fylkesmannen vil, på bakgrunn av det amnestiet som er gitt, oppmode alle som vurderer at dei er i driftsfellesskap om å opplyse om dette no.  LMD skriv at dei forventar meir intensiv kontrollverksemd på området i tida framover.  Ved å opplyse om driftsfellesskap innan 1. mars, vil føretaka dette gjeld få berekna tilskot på vanleg måte, men på bakgrunn av dei involverte føretaka sin samla produksjon. Tilskot utbetalt for tidlegare søknadsomgangar vil ikkje bli kravd tilbakebetalt. Dersom forvaltninga stadfester driftsfellesskap etter 1. mars og søkjar ikkje sjølv har meldt frå om dette, kan tilskot blir kravd tilbakebetalt og/eller avkorta.

Når er føretak i driftsfellesskap?

Driftsfellesskap ligg føre når to eller fleire føretak søkjer om separate tilskot til same produksjon, men reelt sett inngår i ein felles verksemd, eller på anna måte oppnår skalafordeler gjennom samarbeid. Det finst mange ulike variantar av driftsfellesskap, og vurderinga kan vere omfattande. Vi oppmodar derfor om å lese rundskriv 2014-29 frå Landbruksdirektoratet (sjå kapittel. 6) for å gjere denne vurderinga.

Nokre indikasjonar på driftsfellesskap kan vere:
•    Eigarinteresser mellom føretak
•    Nære familieforhold
•    Eigar av eitt føretak framstår som drivar også av andre føretak
•    To føretak på same eigedom
•    Lik driftsform og geografisk nærleik
•    Samanblanda besetningar
•    Andre forhold (lista er ikkje uttømande)
Vi oppmodar alle om å vurdere eiga drift innan 1. mars. Dersom du ikkje kryssa «ja» for driftsfellesskap i søknad om produksjonstilskot, men likevel ynskjer å melde frå om driftsfellesskap, er det utvikla eit eige skjema som kan sendast til kommunen innan 1. mars. Skjemaet heiter «melding om driftsfellesskap», og ligg på Landbruksdirektoratet sine nettsider. For spørsmål rundt regelverket, ta kontakt med din kommune.