Under festmiddagen på Sørlandssamlinga er det ikkje berre god mat og godt lag som står på planen. Den ærverdige «Mi har det greit»-prisen blir delt ut.

Jane Brit Sande

– Årets pris går til eit ektepar som driv gard i Indre Agder. På denne garden blir besøkande alltid tatt godt imot. Bøndene er stolte matprodusentar, sa juryen då prisen skulle delast ut.
Den årlege heidersprisen gjekk i år til May-Britt og Ole Helle frå Vesterdalen i Kvinesdal kommune, Vest-Ager. Bøndene har både mjølke- og storfeproduksjon på garden, og dei foredlar produkt frå skog og utmark. Ole var tydeleg stolt og rørt då han tok imot prisen.

Stikkord denne saka: