Lille speil på veggen der…

Liv Kristin Sola

Laurdag 30. august var dagen då mjølkeprodusentar i regionen tok med seg gromkua til Varhaug for å konkurrera om kven som har den finaste kua. Jersey, Holstein og NRF konkurrerte i kvar sin klasse. Den flottaste førstekalvskua og den flottaste eldre kua innan kvar rase møttest til slutt i ein superfinale for å kåra Miss Jæren 2014.
Då spenninga vart utløyst var dommarane heilt samde; Hosteinkua Etonie vart fekk lågast mogleg poengsum og vart dermed kåra til årets Miss Jæren. Etonie tilhøyrer Hanne Elin Herrebrøden frå Austre Åmøy.

Les meir om kuutstillinga i Bondevennen nr 37.

Hanne Helland med Perla som vann klassa for eldre Holstein. Perla har 33168 til far, og 33108 til morfar.

Hanne Helland med Perla som vann klassa for eldre Holstein. Perla har 33168 til far, og 33108 til morfar.

– Ei sterk og jamn klasse, sa dommar Hans Storlien, om klassa for yngre NRF-kyr

– Ei sterk og jamn klasse, sa dommar Hans Storlien, om klassa for yngre NRF-kyr

Aksa vann klassa for yngre NRF-kyr. Aksa har 10565 til fra, og 28004 til morfar. Eigar er Inga Skretting.

Aksa vann klassa for yngre NRF-kyr. Aksa har 10565 til fra, og 28004 til morfar. Eigar er Inga Skretting.

Ein treng ikkje vera vaksen for å stilla ut vaksen kyr på Jærmessa. Vilde f.v. og Martin Mattingsdal

- Kåre Sigurd Undheim sine kyr vann både klassa for yngre og for eldre kyr. Her er han saman med Pamfylia, kua som vart kåra til beste jerseyku, i skarp konkurranse med førstekalvskua Sara som er frå same besetninga. Far til Pamfylia er 27019 og morfar er 27001.

– Kåre Sigurd Undheim sine kyr vann både klassa for yngre og for eldre kyr. Her er han saman med Pamfylia, kua som vart kåra til beste jerseyku, i skarp konkurranse med førstekalvskua Sara som er frå same besetninga. Far til Pamfylia er 27019 og morfar er 27001.

Ingen var betre enn kua Etonie og Hanne Elin Herrebrøden, på laurdag. Etonie vann først klassa for yngre Holstein, deretter vart ho kåra til beste holsteinku, etter sterk konkurranse frå Perla og Hanne Helland. Til slutt vart Etonie kåra til Miss Jæren, etter ei einstemming vurdering av dommarane. Gratulerer til Etonie, til Hanne Elin og til resten av gjengen bak denne flotte kua.

Ingen var betre enn kua Etonie og Hanne Elin Herrebrøden, på laurdag. Etonie vann først klassa for yngre Holstein, deretter vart ho kåra til beste holsteinku, etter sterk konkurranse frå Perla og Hanne Helland. Til slutt vart Etonie kåra til Miss Jæren, etter ei einstemming vurdering av dommarane.
Gratulerer til Etonie, til Hanne Elin og til resten av gjengen bak denne flotte kua.